여호수아 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 여호수아 (Joshua) · 15절
- 1 Alle amoritarkongarne vestanfor Jordan og alle kananitarkongarne utmed havet vart so rædde at dei reint vilde uvita då det spurdest at Herren hadde turka ut Jordan for Israels-folket medan dei for yver, og dei hadde ingen hug meir til å taka att med Israels-sønerne.
- 2 I det same bilet sagde Herren til Josva: «Gjer deg steinknivar og umskjer Israels-sønerne att!»
- 3 So gjorde Josva seg steinknivar og umskar Israels-sønerne på ein haug som sidan vert kalla Huvudhaugen.
- 4 Men at Josva laut umskjera deim, det hadde seg so: Alt folket som for frå Egyptarland, alle karar, alle våpnføre menner, hadde døytt burt i øydemarki på vegen frå Egyptarland.
- 5 No var alle dei som for frå Egyptarland umskorne, men av deim som vart fødde på ferdi i øydemarki, var ingen umskoren.
- 6 For i fyrti år laut Israels-sønerne ferdast i øydemarki, til dess heile folket, alle våpnføre menner som for frå Egyptarland, var daude og burte; dei vilde ikkje lyda Herrens ord, difor svor han deim til at dei ikkje skulde få sjå det landet han hadde lova federne deira å gjeva oss, eit land som fløymer med mjølk og honning.
- 7 Men i staden for deim let han borni deira veksa upp; deim var det Josva umskar; for dei gjekk endå med huvehold, av di dei ikkje hadde vorte umskorne på ferdi.
- 8 Då dette var frå seg gjort, og heile folket var umskore, heldt dei seg i ro i lægret til såri hadde batna.
- 9 Og Herren sagde til Josva: «I dag hev eg velt av dykk egyptarskammi.» Sidan hev den staden vore kalla Gilgal alt til denne dag.
- 10 Medan Israels-sønerne låg i læger attmed Gilgal, heldt dei påske på Jerikomoarne den fjortande dagen i månaden, um kvelden.
- 11 Og dagen etter påske åt dei av landsens grøda; usyrt brød og steikte aks åt dei den dagen.
- 12 Same dagen traut manna; for no åt Israels-folket av landsens grøda, og sidan fekk dei ikkje meir manna, men tok same året til å eta av det som var avla i Kana’ans-landet.
- 13 Då Josva var innmed Jeriko, hende det honom noko: Best som han lyfte upp augo, vart han var ein mann som stod beint framfyre honom med eit drege sverd i handi. Då gjekk Josva burt til mannen og sagde: «Er du av våre folk, eller høyrer du til fienden?»
- 14 «Nei», svara han, «eg er hovdingen yver Herrens her. No er eg komen.» Josva fall på kne og bøygde seg til jordi og sagde: «Kva hev herren min å segja tenaren sin?»
- 15 Då svara hovdingen yver Herrens her: «Drag skoen av foten din! for den staden du stend på, er heilag.» Og Josva gjorde so.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗