여호수아 21장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 여호수아 (Joshua) · 45절
- 1 Medan dei var i Silo i Kana’ans-landet, gjekk ættefederne åt levitarne gjekk fram for Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og ættefederne åt Israels-sønerne,
- 2 og tala soleis til deim: «Moses kom med det bodet frå Herren at me skulde få byar til å bu i, med bumark ikring åt feet vårt.»
- 3 Og Israels-sønerne gjorde som Herren hadde sagt, og gav levitarne av sitt eige land dei byarne me snart skal nemna, med bumarki som låg ikring.
- 4 Då dei no drog strå, fall den fyrste luten på Kahats-sønerne; dei levitarne som var ætta frå Aron, øvstepresten, fekk trettan byar hjå Juda-ætti og Simeons-ætti og Benjamins-ætti,
- 5 og dei andre Kahats-sønerne fekk for sin lut ti byar hjå Efraims ættgreiner og Dans-ætti og den eine helvti av Manasse-ætti.
- 6 Gersons-sønerne fekk for sin lut trettan byar hjå Issakars ættgreiner og Assers-ætti og Naftali-ætti og den helvti av Manasse-ætti som var i Basan.
- 7 Merari-borni og ættgreinerne deira fekk tolv byar hjå Rubens-ætti og Gads-ætti og Sebulons-ætti.
- 8 Desse byarne, med bumarki som høyrde til, gav Israels-sønerne åt levitarne, soleis som Moses hadde sagt dei frå Herren, og let dei draga strå um deim.
- 9 I Judafylket og Simeonsfylket gav dei frå seg dei byarne som me no skal nemna ein for ein:
- 10 det var Arons-sønerne av Levi-ætti, Kahat-greini, som fekk dei; for deim fall den fyrste luten på.
- 11 Dei gav deim den byen på Judafjellet som heitte etter Arba, ættefaren åt anakitarne, og som me no kallar Hebron, med bumarki som låg rundt ikring;
- 12 men åkerlandet og gardarne som høyrde til byen, gav dei Kaleb Jefunneson til odel og eiga.
- 13 Dei som var ætta frå Aron, øvstepresten, fekk i desse tvo fylki både Hebron, som var fristad for dråpsmenner, og Libna
- 14 og Jattir og Estemoa
- 15 og Holon og Debir
- 16 og Ajin og Jutta og Bet-Semes, ni byar, med bumarki som høyrde til,
- 17 og i Benjaminsfylket Gibeon og Geba
- 18 og Anatot og Almon, fire byar, med bumarki som høyrde til.
- 19 Soleis fekk Arons-sønerne, prestarne, i alt trettan byar med bumark attåt.
- 20 No skal me nemna dei byarne som fall på dei andre Kahats-sønerne, dei levitiske Kahats-ætterne: Dei fekk i Efraimsfylket
- 21 Sikem, som var fristad for dråpsmenner, på Efraimsfjellet, og Gezer
- 22 og Kibsajim og Bet-Horon, fire byar, med bumarki som høyrde til,
- 23 og i Dansfylket Elteke og Gibbeton
- 24 og Ajjalon og Gat-Rimmon, fire byar, med bumarki som høyrde til,
- 25 og i det eine halve Manassefylket Ta’anak og Gat-Rimmon, tvo byar, med bumarki som høyrde til.
- 26 Det var i alt ti byar med bumark attåt som dei hine greinerne av Kahats-ætti fekk.
- 27 Levitarne av Gersons-greini fekk i det andre halve Manassefylket Golan i Basan, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Be’estera, tvo byar, med bumarki som høyrde til,
- 28 og i Issakarsfylket Kisjon og Daberat,
- 29 Jarmut og En-Gannim, fire byar, med bumarki som høyrde til,
- 30 og i Assersfylket Misal og Abdon
- 31 og Helkat og Rehob, fire byar, med bumarki som høyrde til,
- 32 og i Naftalifylket Kedes i Galilæa, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Hammot-Dor og Kartan, tri byar, med bumarki som høyrde til.
- 33 Soleis fekk gersonitarne og ættgreinerne deira i alt trettan byar med bumark attåt.
- 34 Dei som var att av levitarne, Merari-sønerne og ættgreinerne deira, fekk i Sebulonsfylket Jokneam og Karta
- 35 og Dimna og Nahalal, fire byar, med bumarki som høyrde til,
- 36 og i Rubensfylket Beser og Jahsa,
- 37 Kedemot og Mefa’at, fire byar, med bumarki som høyrde til,
- 38 og i Gadsfylket Ramot i Gilead, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Mahanajim
- 39 og Hesbon og Jaser, fire byar, med bumarki som høyrde til.
- 40 Det var i alt tolv byar som fall på dei siste Levi-ætterne, Merari-sønerne og ættgreinerne deira.
- 41 Alt i alt fekk levitarne i odelslandet åt Israels-sønerne åtte og fyrti byar, med bumark attåt.
- 42 Desse byarne hadde kvar si bumark ikring seg; so var det med deim alle.
- 43 Soleis gav Herren Israel heile det landet som han hadde lova at han vilde gjeva federne deira, og dei eigna det til seg og vart buande der.
- 44 Og Herren let deim hava fred på alle leder, heiltupp soleis som han hadde lova federne deira. Ingen av alle uvenerne deira kunde standa seg imot deim; Herren gav alle fiendar i deira hender.
- 45 Ikkje eit einaste av alle dei gode ordi Herren hadde tala til Israels hus, vart um inkje; alt saman gjekk fram.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗