여호수아 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 여호수아 (Joshua) · 18절
- 1 Då Moses, Herrens tenar, var slokna, då tala Herren soleis til Josva Nunsson, fylgjesveinen hans:
- 2 «Moses, tenaren min, er slokna. Gjer deg no reidug og far med alt dette folket yver Jordanåi til det landet som eg vil gjeva Israels-sønerne!
- 3 Kvar staden de set foten på, gjev eg dykk, soleis som eg sagde med Moses:
- 4 Frå øydemarki og Libanon der nord til Storelvi, Eufrat, yver heile Hetitarlandet, alt til det store havet der soli glader, skal riket dykkar nå.
- 5 I alle dine livedagar, skal ingen vera mann til å standa seg mot deg. Eg skal vera med deg, liksom eg var med Moses; aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.
- 6 Ver sterk og stød! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg lova federne deira å gjeva deim.
- 7 Ver du berre retteleg sterk og stød, so du aldri gløymar å halda deg etter heile den lovi som Moses, tenaren min, lærde deg! Vik ikkje av ifrå den, korkje til høgre eller vinstre! Då kjem du til å stella deg visleg i all di ferd.
- 8 Hav allstødt denne lovi på tunga, og grunna på henne natt og dag, so du kjem i hug å liva etter alt det som der stend skrive! Då skal du hava lukka med deg på vegarne dine; for då fer du visleg fram.
- 9 Du veit eg hev sagt deg at du skal vera sterk og stød, ikkje ræddast og ikkje fæla; for Herren, din Gud, er med deg, kvar du fær.»
- 10 Då tala Josva til formennerne for lyden og sagde:
- 11 «Gakk kring i lægret og seg so til folket: «No lyt de laga til ferdakost åt dykk: for um tri dagar skal de fara yver Jordan, so de kann koma inn og eigna til dykk det landet som Herren, dykkar Gud, vil gjeva dykk!»»
- 12 Og til rubenitarne og gaditarne og helvti av Manasse-ætti tala han so:
- 13 «Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, sette dykk fyre då han sagde: «Herren, dykkar Gud, vil at de skal koma til ro; difor gjev han dykk dette landet.»
- 14 No skal konorne og borni dykkar og bufeet verta verande i det landet som Moses gav dykk austanfor Jordan; men sjølve lyt de, so mange av dykk som er fullgode stridsmenner, fara herbudde fyre brørne dykkar og hjelpa deim,
- 15 til dess Herren let deim og koma til ro liksom de, og dei hev eigna til seg det landet som Herren, dykkar Gud, vil gjeva deim; då skal de fara heim att og busetja dykk i dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, gav dykk her på austsida av Jordan.»
- 16 Då svara dei Josva so: «Alt du hev sagt til oss, skal me gjera, og kvar du sender oss, skal me ganga.
- 17 Liksom me lydde Moses i alle ting, soleis vil me og lyda deg, berre Herren, din Gud, er med deg, som han var med Moses.
- 18 Den som set seg upp imot bodi dine og ikkje lyder deg i alt du segjer han fyre, han skal døy. Ver du berre sterk og stød!»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗