에스라 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 에스라 (Ezra) · 70절
- 1 Her kjem talet på dei fylkesbuarne som for ut or utlægdi, dei som Babel-kongen Nebukadnessar hadde ført burt til Babel, og som no for heim att til Jerusalem og Juda, kvar til sin by.
- 2 Dei fylgde Zerubbabel og Jesua, Nehemia og Seraja, Re’elaja og Mordekai, Bilsan og Mispar, Bigvai og Rehum og Ba’ana. - Dette er manntalet yver Israels-lyden:
- 3 Paros-sønerne, tvo tusund eit hundrad og tvo og sytti;
- 4 Sefatja-sønerne, tri hundrad og tvo og sytti;
- 5 Arahs-sønerne, sju hundrad og fem og sytti;
- 6 Pahat-Moabs-sønerne, av Jesua- og Joabs-sønerne, tvo tusund åtte hundrad og tolv;
- 7 Elams-sønerne, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;
- 8 Zattu-sønerne, ni hundrad og fem og fyrti;
- 9 Zakkai-sønerne, sju hundrad og seksti;
- 10 Bani-sønerne, seks hundrad og tvo og fyrti;
- 11 Bebai-sønerne, seks hundrad og tri og tjuge;
- 12 Azgads-sønerne, eit tusund tvo hundrad og tvo og tjuge;
- 13 Adonikams-sønerne, seks hundrad og seks og seksti;
- 14 Bigvai-sønerne, tvo tusund og seks og femti;
- 15 Adins-sønerne, fire hundrad og fire og femti;
- 16 Aters-sønerne av Hizkia-ætti, åtte og nitti;
- 17 Besai-sønerne, tri hundrad og tri og tjuge;
- 18 Jora-sønerne, hundrad og tolv;
- 19 Hasums-sønerne, tvo hundrad og tri og tjuge;
- 20 Gibbars-sønerne, fem og nitti;
- 21 Betlehems-sønerne, hundrad og tri og tjuge;
- 22 mennerne frå Netofa, seks og femti;
- 23 mennerne frå Anatot, hundrad og åtte og tjuge;
- 24 Azmavets-sønerne, tvo og fyrti;
- 25 Kirjat-Arims- og Kefira- og Be’erots-sønerne, sju hundrad og tri og fyrti;
- 26 Rama- og Geba-sønerne, seks hundrad og ein og tjuge;
- 27 mennerne frå Mikmas, hundrad og tvo og tjuge;
- 28 mennerne frå Betel og Aj, tvo hundrad og tri og tjuge;
- 29 Nebo-sønerne, tvo og femti;
- 30 Magbis-sønerne, hundrad og seks og femti;
- 31 den andre Elams søner, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;
- 32 Harims-sønerne, tri hundrad og tjuge;
- 33 Lods- og Hadids- og Ono-sønerne, sju hundrad og fem og tjuge;
- 34 Jeriko-sønerne, tri hundrad og fem og fyrti;
- 35 Sena’a-sønerne, tri tusund seks hundrad og tretti.
- 36 Av prestarne: Jedaja-sønerne av Jesua-ætti, ni hundrad og tri og sytti;
- 37 Immers-sønerne, eit tusund og tvo og femti;
- 38 Pashurs-sønerne, eit tusund tvo hundrad og sju og fyrti;
- 39 Harims-sønerne, tusund og syttan.
- 40 Av levitarne: Jesua- og Kadmiels-sønerne av Hodavja-sønerne, fire og sytti.
- 41 Av songararne: Asafs-sønerne, hundrad og åtte og tjuge.
- 42 Av dørvaktar-sønerne: Sallums-sønerne, Aters-sønerne, Talmons-sønerne, Akkubs-sønerne, Hatita-sønerne, Sobai-sønerne, i alt hundrad og ni og tretti.
- 43 Av tempelsveinarne: Siha-sønerne, Hasufa-sønerne, Tabbaots-sønerne,
- 44 Keros-sønerne, Siaha-sønerne, Padons-sønerne,
- 45 Lebana-sønerne, Hagaba-sønerne, Akkubs-sønerne,
- 46 Hagabs-sønerne, Samlai-sønerne, Hanans-sønerne,
- 47 Giddels-sønerne, Gahars-sønerne, Reaja-sønerne,
- 48 Resins-sønerne, Nekoda-sønerne, Gazzams-sønerne,
- 49 Uzza-sønerne, Paseahs-sønerne, Besai-sønerne,
- 50 Asna-sønerne, Me’unims-sønerne, Nefisims-sønerne,
- 51 Bakbuks-sønerne, Hakufa-sønerne, Harhurs-sønerne,
- 52 Basluts-sønerne, Mehida-sønerne, Harsa-sønerne,
- 53 Barkos-sønerne, Sisera-sønerne, Tamahs-sønerne,
- 54 Nesiahs-sønerne, Hatifa-sønerne.
- 55 Av sønerne åt Salomo-sveinarne: Sotai-sønerne, Hassoferets-sønerne, Peruda-sønerne,
- 56 Ja’ala-sønerne, Darkons-sønerne, Giddels-sønerne,
- 57 Sefatja-sønerne, Hattils-sønerne, Pokeret-Hassebajims-sønerne, Ami-sønerne.
- 58 Alle tempelsveinarne og sønerne åt Salomo-sveinarne var i alt tri hundrad og tvo og nitti.
- 59 Frå Tel-Melah og Tel-Harsa, Kerub og Addan og Immer for dei ut dei som her skal nemnast; men dei kunde ingi greida gjeva um federne sine og ætti, um dei i det heile høyrde Israels-folket til; det var;
- 60 Delaja-sønerne, Tobia-sønerne og Nekoda-sønerne, seks hundrad og tvo og femti,
- 61 og av prestesønerne: Habaja-sønerne, Hakkos-sønerne, sønerne åt Barzillai, han som hadde teke ei av døtterne åt Gileads-mannen Barzillai til kona og fekk namn etter deim.
- 62 Desse leita etter ættetavlorne sine, men kunde ikkje finna deim; difor vart dei kjende uverdige til å vera prestar.
- 63 Jarlen dømde at dei ikkje måtte eta av det høgheilage fyrr det stod fram ein prest som hadde urim og tummim.
- 64 Heile lyden til var i alt tvo og fyrti tusund tri hundrad og seksti,
- 65 umfram trælarne og trælkvinnorne; talet på deim var sju tusund tri hundrad og sju og tretti. Dertil kom tvo hundrad songarar, karar og kvende.
- 66 Dei hadde sju hundrad og seks og tretti hestar, tvo hundrad og fem og fyrti muldyr,
- 67 fire hundrad og fem og tretti kamelar og seks tusund sju hundrad og tjuge asen.
- 68 Då dei kom fram til Herrens hus i Jerusalem, gav nokre av ættarhovdingarne godviljugt ei gåva til gudshuset, so det kunde verta uppbygt att på den gamle staden.
- 69 Kvar av deim lagde i byggjekassa, etter som han hadde råd til, og det kom inn tri hundrad tusund dalar i gull og fem og tjuge tusund dalar i sylv, dertil eit hundrad prestekjolar.
- 70 Prestarne og levitarne og nokre av lyden, songarane, dørvaktarane og tempelsveinarne, sette då bu i sine byar, og heile Israel elles busette seg kvar i sin by.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗