에스겔 9장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 에스겔 (Ezekiel) · 11절
- 1 Og han ropa med sterk røyst og sagde: «Kom hit med heimsøkjingar yver byen, kvar med si tynar-ambod i hand!»
- 2 Og sjå, seks menner på vegen gjenom Øvreporten, som snur mot nord, kvar med si krasar-ambod i handi, og ein av deim hadde ein linklædnad på og eit skrivestell ved lendi. Og dei kom inn og vart standande attmed koparaltaret.
- 3 Og herlegdomen åt Israels Gud lyfte seg upp frå keruben som han var yver, og flutte seg til dørstokken på huset. Og han ropa åt mannen i linklædnaden, som hadde skrivestellet ved lendi.
- 4 Og Herren sagde med han: «Gakk midt igjenom byen, midt igjenom Jerusalem, og set eit merke i panna på dei menner som sukkar og styn yver alle dei styggjor som vert gjorde der inne!»
- 5 Og han sagde med hine, so eg høyrde på: «Gakk igjenom byen etter honom og slå ned! Lat ikkje dykkar augo spara, og gjer ikkje miskunn!
- 6 Gamle og sveinar og møyar og småborn og kvinnor skal de drepa og tyna; men rør ikkje nokon av deim som hev merke på, og frå min heilagdom skal de taka til.» Og dei tok til med dei gamle menner som var framfor huset.
- 7 Og han sagde med deim: «Gjer huset ureint og fyll fyregarden med drepne menner! Far ut!» Og dei for ut og slo ned i byen.
- 8 Og då dei slo ned, og eg vart verande der, fall eg å gruve på mitt andlit og ropa og sagde: «Å, å! Herre, Herre! Vil du tyna alt som er leivt i Israel, når du renner ut din harm yver Jerusalem?»
- 9 Då sagde han med meg: «Misgjerningi åt Israels-lyden og Juda er stor, ovstor, og landet er fullt av blod, og byen er full av rengjing av retten. For dei segjer: «Herren hev vendt seg ifrå landet, og Herren ser det ikkje.»
- 10 So vil då ikkje heller eg lata mitt auga spara, og miskunn gjer eg ikkje; deira åtferd vil eg leggja på deira hovud.»
- 11 Og sjå, mannen i linklædnaden som hadde skrivestellet ved lendi, kom tilbake med svar og sagde: «Eg hev gjort som du baud meg.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗