에스겔 35장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 에스겔 (Ezekiel) · 15절
- 1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
- 2 Menneskjeson! Vend di åsyn mot Se’irfjellet og spå imot det.
- 3 Og du skal segja med det: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna deg, Se’irfjell, og eg vil retta ut mi hand imot deg og leggja deg i audn og øyde.
- 4 Byarne dine vil eg gjera til steinrøysar, og du sjølv skal verta ei audn. Og du skal sanna at eg er Herren.
- 5 Etter di du ber på ein æveleg fiendskap og let Israels-borni koma under sverds-egg i deira usæletid, den tidi då misgjerningi laut enda,
- 6 difor, so sant eg liver, segjer Herren, Herren, til blod vil eg gjera deg, og blod skal søkja på deg. Sidan du ikkje hev hata blod, so skal blod søkja på deg.
- 7 So vil eg då leggja Se’irfjellet i audn og øyde, og eg vil rydja ut or det både komande og farande.
- 8 Og eg vil fylla fjelli med slegne menner. På dine haugar og i dine dalar og i alle dine gil skal menner falla, slegne med sverd.
- 9 Til ævelege audner vil eg gjera deg, og byarne dine skal ikkje atter verta bustader, og de skal sanna at eg er Herren.
- 10 For di du sagde: «Båe folki og båe landi skal verta mine, og eg vil taka deim til eiga,» endå Herren hev vore der,
- 11 difor, so sant eg liver, segjer Herren, Herren, vil eg gjera med deg etter den vreiden og ovundi som du hev synt i ditt hat imot deim, og eg skal verta kjend hjå deim når eg dømer deg.
- 12 Og du skal sanna at eg Herren. Eg hev høyrt alle hæde-ordi dine, som du hev tala mot Israelsfjelli, då du sagde: «Dei er i øyde lagde! dei er gjevne åt oss til mat.»
- 13 Og de hev bruka munnen mot meg i ovmod og var ordrame mot meg; eg hev nok høyrt det.
- 14 So segjer Herren, Herren: Medan all jordi fagnar seg, vil eg leggja deg i øyde.
- 15 Likeins som du fagna deg yver arvluten åt Israels-lyden, at han vart avøyd, so vil eg gjera med deg; til audn skal du verta, du Se’irfjell, og alt Edom - alt i hop, og dei skal sanna at eg er Herren.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗