에스겔 27장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 에스겔 (Ezekiel) · 36절
- 1 Herrens ord kom til meg; han sagde:
- 2 Og du, menneskjeson! Set i med ein syrgjesong yver Tyrus!
- 3 Og du skal segja til Tyrus som bur attmed innlaupet frå havet, som handlar med folkeslagi på mange havstrender: So segjer Herren, Herren: Tyrus, du segjer: «Storfager er eg og frid.»
- 4 I havsens hjarta er dine landskil, dei som bygde deg, gjorde deg storfager.
- 5 Av cypresstre frå Senir bygde dei alt plankeverket på deg. Cedertre frå Libanon tok dei og gjorde til mastr på deg.
- 6 Av eik frå Basan gjorde dei årarne dine. Dekket ditt gjorde dei av filsbein, innlagt i buskbom frå Kittim-øyarne.
- 7 Manglita linty frå Egyptarland hadde du til segl, til å vera ditt merke, blått og purpurraudt ty frå Elisa-øyarne var ditt soltjeld.
- 8 Folk frå Sidon og Arvad var roarar åt deg, dei kunnige av dine eigne, Tyrus, dei vart hovudsmennerne dine.
- 9 Dei øvste og visaste frå Gebal hadde du til å bøta lekarne dine. Alle havskip og deira sjømenner var i deg og handla med deg.
- 10 Menner frå Persia, Lud og Put var i din her, dine stridsmenner. Skjoldar og hjelmar hengde dei upp i deg, dei gav deg pryda.
- 11 Arvads søner og din eigen her var på dine murar rundt ikring, og gammaditar var i dine tårn. Sine skjoldar hengde dei på murarne dine rundt ikring; dei gjorde deg fulleleg fager.
- 12 Tarsis handla med deg, av di du hadde so mykje gods. Sylv, jarn, tin og bly gav dei deg for varorne dine.
- 13 Javan, Tubal og Mesek, deim hadde du til kræmarar; menneskje og koparkjerald gav dei deg i varebyte.
- 14 Frå Togarma-lyden fekk du vognhestar og ridehestar og muldyr for varorne dine.
- 15 Dedans søner var kræmarane dine. Mange havstrender kjøpte av di hand; filsbein og ibenholt gav dei deg i skatt.
- 16 Syria handla med deg, av di du hadde mang ein eignalut; karfunkelstein, purpur og manglita ty og fint linty og korallar og rubinar gav dei deg i varebyte.
- 17 Juda og Israelslandet, dei var kræmarane dine; kveite frå Minnit og søt-kakor og honning og olje og balsam gav dei deg i varebyte.
- 18 Damaskus handla med deg, av di du hadde mang ein eignalut, ein ovmengd med allslags gods. Dei gav deg vin frå Hebron og kvit ull.
- 19 Vedan og Javan frå Uzal gav att for varorne dine; jarnsmide, kassia og kalmus fekk du i varebyte.
- 20 Dedan handla med deg med salklæde til å rida på.
- 21 Arabia og alle fyrstarne i Kedar kjøpte av di hand; lamb og verar og bukkar selde dei deg.
- 22 Kræmarane i Sjeba og Rama, dei var dine kræmarar; krydda av aller gjævaste slag og allslags dyreverdige steinar og gull gav dei for varorne dine.
- 23 Kharan og Kanne og Eden, kræmarane i Sjeba, Assur, Kilmad handla med deg.
- 24 Dei var dine kræmarar med prydelege eignating, med kåpor av purpurblått og manglita ty og med spriklute tæpe med tvinna sterke snøre på din marknad.
- 25 Med Tarsis-skip gjorde du kjøpstemnorne dine. Du vart fyllt og ovende rik - midt i havet.
- 26 Utpå storhavet førde dine roarar deg - austanvinden bryt deg sund midt i havet.
- 27 Ditt gods, dine salsvaror og bytevaror, dine sjøfolk, dine skiprar, dei som bøter lekarne dine, og dei som driv din handel, og kvar ein stridsmann som i deg er, med heile ditt mannskap som er um bord, skal stupa midt i havet den dagen du fell.
- 28 For naudropi frå skiprarne dine skal markerne bivra.
- 29 Og dei skal stiga utor sine skip alle som med årarne sit, mannskapet og kvar skiper på havet, til land skal dei søkja.
- 30 Dei skal barma seg yver deg og anka seg sårt. Og dei skal kasta mold på sine hovud, i oska skal dei velta seg.
- 31 Og dei skal raka seg snaude i kruna for di skuld og gyrda seg med sekk. Og dei skal gråta yver deg med sjælekvida og øya seg sårt.
- 32 Og med dei barmar seg, skal dei setja i med ein syrgjesong yver deg og syrgjande kveda um deg: «Kven er lik Tyrus, som no er tagna midt uti havet?»
- 33 Medan varorne dine kom frå havet, metta du mange folkeslag. Med ovmengdi av ditt gods og med dine bytevaror gjorde du kongarne på jordi rike.
- 34 No då du er skipbroten og burtkomen på sjøen og ligg på havsens botn, no er dine bytevaror og alt ditt mannskap søkkt i kav med deg.
- 35 Alle som bur på havstrenderne, tek fæla av din lagnad; det rys deira kongar i holdet, deira andlit bivra.
- 36 Kjøpmennerne ibland folkeslagi hæder deg; Ei skræma er du vorten, du er ikkje til - i all æva.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗