아가 7장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 아가 (Song of Songs) · 13절
- 1 «Kor fagert din fot stig på skoen, du gjævings møy. Dine lender er bogne som ei sylgja, smidd av ei kunstnarhand.
- 2 Fanget som skåli rund, ho aldri vante vin. Livet ein kveitehaug med liljor ikring.
- 3 Eit killingpar barmen, tvillingar til ei gasella.
- 4 Din hals som eit filsbeinstårn, augo som Hesbons tjørner ved Bat-rabbims port. Nasen som Libanons tårn, som vender imot Damaskus.
- 5 Ditt hovudet som Karmel ris upp, og lokkarne purpur er, ein konge i flettom er fanga.»
- 6 «Å, kor fager, kor frid du er, du kjærleik so hugnadrik!
- 7 Som ei palma er du i vokster, som druvor din barm.
- 8 Eg meiner upp i palmen eg stig, i stylkerne tek eg tak, din barm skal vera som druvor, din ande er som dåm av eple.
- 9 Og munnen som ljuvaste vin.» «Som lett glid ned for min ven og kveikjer sovandes lippor.
- 10 Til min ven høyrer eg, og til meg stend hans trå.»
- 11 «Kom so min ven, ut på marki lat oss gå og i byom oss kvara!
- 12 Og i otta inni vingardom sjå, um vintreet sprett, um knupparne spring, um granattreet blømer! Der vil eg gjeva min elsk til deg.
- 13 Frå kjærleiks-epli strøymer ein fræn, alle slag frukt er ved dørom. Nye og gamle, min ven, hev eg gøymt til deg.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗