신명기 23장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 신명기 (Deuteronomy) · 25절
- 1 Den som er klakka eller skoren på blygsli, må ikkje vera med i Herrens lyd.
- 2 Den som er av urein ætt, må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane hans, radt til tiande leden, skal vera utestengde frå Herrens lyd.
- 3 Ein ammonit eller moabit må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane deira radt til tiande leden skal allstødt vera utestengde frå Herrens lyd,
- 4 for di dei ikkje møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egyptarland, og for di dei leigde Bileam, son åt Beor frå Petor i Mesopotamia til å lysa våbøn yver deg,
- 5 men Herren, din Gud, vilde ikkje høyra på Bileam; han vende våbøni um til velsigning for deg, av di han hadde deg kjær.
- 6 Aldri i dine livedagar skal du syta for deira velferd og lukka.
- 7 Edomitarne skal du ikkje hava stygg til; for dei er skyldfolket ditt. Egyptarane skal du heller ikkje hava stygg til; for du hev havt tilhald i landet deira.
- 8 Etterkomarane deira i tridje leden kann få vera med i Herrens lyd.
- 9 Når du tek ut i strid med fienden, og slær læger, so skal du agta deg for alt som er usømelegt.
- 10 Er ein av dykk urein etter noko som hev hendt honom um natti, so skal han ganga ut or lægret og må ikkje koma inn att
- 11 fyrr det lid mot kvelden; då skal han lauga seg, og når soli hev gladt, kann han koma inn i lægret.
- 12 Utanfor lægret skal du hava ein stad som ligg for seg sjølv; dit skal du ganga dine ærender.
- 13 Og millom tølorne dine skal du hava ei hakka; med den skal du grava attyver det som kjem ifrå deg når du sit der ute.
- 14 For Herren, din Gud, er med deg i lægret; han vil hjelpa deg, og gjeva fienden i di magt; difor skal lægret ditt vera helga; han må ikkje sjå noko ufyse der; for då vender han ryggen til, og gjeng ifrå deg.
- 15 Ein træl som hev rømt frå herren sin, og tydt seg til deg, skal du ikkje senda attende til herren hans.
- 16 Lat honom få bu kvar han vil i landet ditt, i ein av byarne dine, der han likar seg best, og ver ikkje hard imot honom!
- 17 Det må ikkje finnast møy eller svein i Israel som vigjer seg til skjøkjelivnad.
- 18 Kom ikkje med skjøkjeløn eller tevepengar inn i huset åt Herren, din Gud, um du so skulle ha lova sovore! For alle slike pengar er ein styggedom for Herren, din Gud.
- 19 Du skal ikkje taka renta av ein landsmann, korkje for pengar eller matvaror eller noko anna som dei tek renta for.
- 20 Ein utlending kann du taka renta av, men av ein landsmann må du ikkje taka renta; då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt du tek deg fyre i det landet du kjem til å eiga.
- 21 Når du hev gjort ein lovnad til Herren, din Gud, so må du ikkje drygja med å halda det du hev lova; elles kjem Herren til å krevja deg etter det, og du fær synd på deg.
- 22 Um du let vera å gjera nokon lovnad, so hev du ingi synd på deg for det;
- 23 men ordet du hev gjeve, det skal du koma i hug, og halda det, soleis som du av fri vilje og med din eigen munn hev lova Herren, din Gud.
- 24 Kjem du inn i annan manns vinhage, so kann du eta druvor, so mykje du vil, til du er nøgd; men du må ikkje henta i kopp.
- 25 Kjem du inn i annan manns åker, so kann du taka aks med handi; men sigd må du ikkje koma med i annan manns åker.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗