시편 132편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 18절
- 1 Ein song til høgtidsferderne. Herre, kom i hug for David all hans møda!
- 2 Han som svor for Herren, lova Jakobs velduge:
- 3 «Ikkje gjeng eg inn i mitt heimetjeld, ikkje stig eg upp på lega i mi seng,
- 4 ikkje unner eg augo svevn, ikkje augneloki ein blund,
- 5 fyrr eg finn ein stad for Herren, ein bustad for Jakobs velduge.»
- 6 Sjå, me høyrde um henne i Efrata, so fann me henne i skogbygdi.
- 7 Lat oss ganga til hans bustad, lat oss tilbeda for hans fotskammel!
- 8 Statt upp, Herre, og kom til din kvilestad, du og ditt veldes kista!
- 9 Prestarne dine klæde seg i rettferd, og dine trugne ropa med fagnad!
- 10 For David, din tenars skuld vis ikkje frå deg åsyni åt den du hev salva!
- 11 Herren hev svore David ein sann eid, den gjeng han ikkje ifrå: «Av di livsfrukt vil eg setja kongar på din stol.
- 12 Dersom dine søner held mi pakt og mine vitnemål som eg skal læra deim, so skal og deira søner æveleg og alltid sitja på din kongsstol.»
- 13 For Herren hev valt seg Sion, han ynskte det til sin bustad:
- 14 «Dette er min kvilestad for all tid, her vil eg bu, for det hev eg ynskt.
- 15 Maten her vil eg rikleg signa, dei fatige vil eg metta med brød,
- 16 og prestarne vil eg klæda med frelsa, og dei gudlege skal ropa høgt av fagnad.
- 17 Der vil eg lata veksa upp eit horn for David, der hev eg stelt til ei lampa for den eg hev salva.
- 18 Hans fiendar vil eg klæda med skam, men yver honom skal hans kruna stråla.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗