시편 102편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 28절
- 1 Bøn av ein arming, når han vanmegtast og let sitt klagemål strøyma fram for Herren.
- 2 Herre, høyr mi bøn, og lat mitt rop koma fram til deg!
- 3 Løyn ikkje ditt andlit for meg den dagen eg er i naud! Bøyg ditt øyra til meg! Den dagen eg ropar, svara meg snart!
- 4 For dagarne mine hev fare burt som ein røyk, og mine bein er som glødde i eld.
- 5 Mitt hjarta er solstukke og visnar som gras, for eg hev gløymt å eta brødet mitt.
- 6 For mi høgmælte stynjing heng beini fast ved kjøtet mitt.
- 7 Eg likjest pelikanen i øydemarki, eg er som ula på aude stader.
- 8 Eg lyt vaka og vera som ein einsleg fugl på taket.
- 9 Heile dagen spottar mine fiendar meg, dei som reint er ville mot meg, sver ved meg.
- 10 For eg et oska som brød, og drykken min blandar eg med gråt
- 11 for din vreide og din harm skuld, for du hev teke meg upp og kasta meg burt.
- 12 Mine dagar er som ein skugge når han lengjest, og eg visnar som gras.
- 13 Men du, Herre, sit i all æva, og ditt minne varer frå ætt til ætt.
- 14 Du vil standa upp, du vil miskunna Sion, for det er tid til å vera nådig mot henne, ja, timen er komen.
- 15 For dine tenarar hev godhug for steinarne hennar, og dei ynkast yver hennar grus.
- 16 Og heidningar skal ottast Herrens namn, og alle kongar på jordi di æra.
- 17 For Herren hev bygt upp att Sion, han hev synt seg i si æra;
- 18 han hev vendt seg til bøni frå dei hjelpelause, og han hev ikkje vanvyrdt deira bøn.
- 19 Dette skal verta uppskrive for den komande ætti, og det folket som vert skapt, skal lova Herren,
- 20 for han hev set ned frå si heilage høgd, Herren hev frå himmelen skoda på jordi
- 21 og vil høyra sukken frå den bundne og løysa ut daudens born,
- 22 so dei i Sion skal forkynna Herrens namn og hans pris i Jerusalem,
- 23 når folkeslag kjem i hop og kongerike til å tena Herren.
- 24 Han hev bøygt mi kraft på vegen, han hev korta av mine dagar.
- 25 Eg segjer: Min Gud, tak meg ikkje burt midt i mine dagar! Frå ætt til ætt varer dine år.
- 26 Fordom grunnfeste du jordi, og himmelen er verk av dine hender.
- 27 Dei skal forgangast, men du stend; alle skal dei eldast som eit klæde, som ein klædnad skifter du deim, og dei vert umskifte;
- 28 men du er den same, og dine år tek aldri ende. Borni åt dine tenarar skal bu i ro, og deira avkjøme skal standa trygt for di åsyn.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗