사무엘하 10장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 사무엘하 (2 Samuel) · 19절
- 1 Det hende seg deretter at ammonitarkongen døydde. Og Hanun, son hans, vart konge etter honom.
- 2 Då sagde David: «Eg vil syna Hanun Nahasson venskap, liksom far hans synte meg venskap.» David sende nokre av tenarane sine til å trøysta honom i sorgi yver faren. Tenarane åt David kom til Ammonitarlandet.
- 3 Då sagde ammonitarfyrstarne til Hanun, herren sin: «Trur du det er til heider for far din at David hev sendt trøystarar til deg? Å nei, David hev sendt tenarane til deg berre for di han vil granska byen og njosna, og sidan gjera enden på honom.»
- 4 So tok Hanun tenarane hans David og let raka av deim halve skjegget og skjera klædi deira midt yver like upp til seten, og sende deim heim soleis.
- 5 Då David frette det, sende han folk til møtes med deim, og kongen let segja med deim: «Stana i Jeriko til dess skjegget hev vakse ut på dykk, so kann de koma heim att!» For mennerne hadde vorte øgjeleg svivyrde.
- 6 Då no ammonitarne skyna dei hadde gjort David hatig på seg, sende dei bod og leigde tjuge tusund mann fotfolk, syrarar frå Bet-Rehob og syrarar frå Soba, eit tusund mann hjå kong Ma’aka, og tolv tusund av mannskapet åt Tob.
- 7 Då David høyrde gjete det, sende han Joab med heile heren, det vil segja dei djervaste stridsmennerne.
- 8 Ammonitarne drog ut og fylkte seg framfor byporten, medan syrarane frå Soba og Rehob og Tob-folket og Ma’aka-folket stod for seg sjølve på opi mark.
- 9 Då Joab gådde han laut vera budd på åtak både framme og bak, gjorde han eit utval millom dei utvalde Israels-hermennerne, og fylkte deim mot syrarane.
- 10 Resten av folket let han åt Abisai, bror sin, som so fylkte deim beint imot ammonitarne.
- 11 Og han sagde: «Um syrarane vinn på meg, so kjem du meg til hjelp. Og um ammonitarne vinn på deg, so skal eg koma og hjelpa deg.
- 12 Ver sterk! Lat oss syna oss sterke i striden for folket vårt og for byarne åt vår Gud! So fær Herren gjera det han tykkjer best.
- 13 Joab drog fram med mannskapet sitt og stridde mot syrarane, og dei rømde for honom.
- 14 Då ammonitarne såg at syrarane rømde, so rømde dei og for Abisai, og sprang inn i byen. Og Joab drog burt frå ammonitarne og kom heim att til Jerusalem.
- 15 Då syrarane såg at dei var slegne av Israel, samla dei seg i hop.
- 16 Hadadezer baud ut dei syrarane som budde på hi sida Storelvi. Og dei kom til Helam, med Sobak, herhovdingen åt Hadadezer, til førar.
- 17 Då David spurde dette, stemnde han saman heile Israel, gjekk yver Jordan og kom til Helam. Syrarane fylkte seg og gjorde åtak på David og slost med honom.
- 18 Men syrarane rømde for Israel, og David hogg ned sju hundrad krigshestar og fyrti tusund hestfolk av syrarheren; og herhovdingen Sobak fekk banehogg der.
- 19 Då alle lydkongarne under Hadadezer såg dei var slegne av Israel, gjorde dei fred med Israel og vart tenarane deira. So våga ikkje syrarane hjelpa ammonitarne meir.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗