로그인

사무엘상 27장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 사무엘상 (1 Samuel) · 12절

  1. 1 Men David sagde med seg sjølv: «Ein dag stupar eg for Sauls hand. Eg veit ingen annan utveg enn å røma til Filistarlandet; då lyt Saul slutta å leita etter meg innanfor Israelslandskilet; og so bergar eg meg undan honom.»
  2. 2 So braut David upp og drog med dei seks hundrad kararne sine yver til Akis Maoksson, kongen i Gat.
  3. 3 Og David heldt seg hjå Akis i Gat, han og kararne hans, alle med huslyden sin, David med dei tvo konorne sine; Ahinoam frå Jizre’el og Abiga’il, kona hans Nabal frå Karmel.
  4. 4 Då Saul frette at David hadde rømt til Gat, leita han ikkje meir etter honom.
  5. 5 David sagde til Akis: «Hev du aldri so liten godvilje for meg, so lat meg få bu i ein av landsbyarne, so eg kann halda meg der. Kvifor skulde tenaren din bu i hovudstaden hjå deg?»
  6. 6 Akis gav honom Siklag same dagen. Difor høyrer Siklag den dag i dag til Juda-kongarne.
  7. 7 Den tid David budde i Filistarlandet, var i alt eitt år og fire månader.
  8. 8 David tok ut med kararne sine og gjorde herjeferder hjå gesuritarne, girzitarne og amalekitarne. For desse folkeætterne budde der i landet frå gamalt, burtimot Sur og heilt til Egyptarland.
  9. 9 Og når David herja i landet, sparde han korkje kar eller kvende; han tok bufe og smale og asen og kamelar og klæde. Og dermed snudde han attende til Akis.
  10. 10 Når då Akis spurde: «I dag hev de vel ikkje gjort nokor herjeferd?» so svara David: «Jau, sør i Judalandet,» eller: «Sør i Jerahme’eitlandet», eller: «Sør i Kenitarlandet.»
  11. 11 Ingi livande sjæl sparde David, so dei kunde koma til Gat. For han tenkte: «Dei kunde slarva um oss og segja: «Det og det hev David gjort; soleis hev han fare åt heile tidi han budde i Filistarlandet.»»
  12. 12 Men Akis trudde David, og tenkte: «Han hev fenge uord på seg hjå Israel, folket sitt, og no vil han tena meg alle dager.»

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗