사도행전 7장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 사도행전 (Acts) · 60절
- 1 Då sagde øvstepresten: «Hev dette seg so?»
- 2 Han svara: «Brør og feder, høyr på meg! Herlegdomens Gud openberra seg for far vår, Abraham, då han var i Mesopotamia, fyrr han feste bu i Kharan;
- 3 og han sagde til honom: «Gakk ut frå landet ditt og frå ætti di, og far til det landet som eg skal syna deg!»
- 4 Då gjekk han ut or Kaldæarland og feste bu i Kharan; og då far hans var dåen, let han honom flytja derifrå til dette landet, der de no bur;
- 5 men han gav honom ikkje arvlut der, ikkje ei fotbreidd eingong. Og han lova å gjeva honom det til eiga og hans ætt etter honom, endå han ikkje hadde barn.
- 6 Og Gud tala soleis: «Hans ætt skal bu som utlendingar i framandt land, og dei skal gjera deim til trælar og fara ille med deim i fire hundrad år.
- 7 Og det folket som dei trælar under, vil eg døma,» sagde Gud. «Og so skal dei draga ut og tena meg på denne staden.»
- 8 Og han gav honom umskjeringspakti; og so avla han Isak og umskar honom den åttande dagen, og Isak Jakob, og Jakob dei tolv patriarkarne.
- 9 Og patriarkarne ovundast på Josef og selde honom til Egyptarland. Og Gud var med honom
- 10 og fria honom ut or alle hans trengslor og gav honom nåde og visdom for Farao, egyptarkongen, og han sette honom til hovding yver Egyptarland og heile sitt hus.
- 11 So kom det hunger yver heile Egyptarland og Kana’an, og stor trengsla; og federne våre fann ikkje føda.
- 12 Men då Jakob høyrde at der var korn i Egyptarland, sende han federne våre dit fyrste gongen.
- 13 Og den andre gongen vart Josef attkjend av brørne sine, og Farao lærde å kjenna Josefs ætt.
- 14 Men Josef sende bod og kalla Jakob, far sin, og alt folket sitt dit, fem og sytti sjæler.
- 15 Og Jakob drog ned til Egyptarland, og han døydde, han og federne våre.
- 16 Og dei vart flutte yver til Sikem og lagde i den gravi som Abraham kjøpte for sylv av borni åt Hemor i Sikem.
- 17 Etter som det leid til tidi for den lovnaden som Gud tilsvor Abraham, auka folket seg og vart mannsterkt i Egyptarland,
- 18 alt til det kom ein annan konge yver Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef.
- 19 Han for med svikråd mot folket vårt og for ille med federne våre, til dess dei laut setja småborni sine ut, so dei ikkje skulde få liva.
- 20 I den tidi vart Moses fødd, og han var yndeleg for Gud. Og han vart fostra i huset åt far sin i tri månader.
- 21 Men då han vart utsett, tok Faraos dotter honom og fostra honom upp som sin eigen son.
- 22 Og Moses vart upplærd i all egyptar-visdomen; og han var megtig i ord og gjerningar.
- 23 Men då han hadde fyllt fyrti år, fekk han hug til å sjå um brørne sine, Israels-borni.
- 24 Og då han såg at ein leid urett, kom han honom til hjelp og tok hemn for honom som leid yvervald, og slo egyptaren i hel.
- 25 Han tenkte at brørne hans skulde skyna at Gud gav deim frelsa ved hans hand. Men dei skyna det ikkje.
- 26 Dagen etter kom han til deim då dei trætta, og han talde deim til å halda fred og sagde: «Menner, de er brør; kvi gjer de urett mot kvarandre?»
- 27 Men han som gjorde grannen sin urett, støytte honom ifrå seg og sagde: «Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss?
- 28 Vil du kanskje slå meg i hel, liksom du slo egyptaren i hel i går?»
- 29 Men Moses flydde for dette ordet skuld og vart ein utlending i Midjans land, og han fekk tvo søner der.
- 30 Og då fyrti år var lidne, synte ein engel seg for honom i øydemarki ved Sinaifjellet i eldslogen i ein klunger.
- 31 Då Moses såg det, undra han seg yver syni. Men då han gjekk burtåt og vilde sjå, kom ei røyst frå Herren:
- 32 «Eg er din fedregud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Men Moses vart skjelvande rædd og torde ikkje sjå på.
- 33 Og Herren sagde til honom: «Løys skorne av føterne dine! for staden du stend på, er heilag jord.
- 34 Eg hev grant set illgjerdi mot mitt folk i Egyptarland og høyrt deira sukk, og eg hev stige ned og vil fria deim ut. Og no, kom! lat meg senda deg til Egyptarland!»
- 35 Denne Moses som dei forneitta og sagde: «Kven hev sett deg til hovding og domar?» honom sende Gud til hovding og utløysar ved den engels hand som synte seg for honom i klungeren.
- 36 Han førde deim ut medan han gjorde under og teikn i Egyptarland og i Raudehavet og i øydemarki i fyrti år.
- 37 Han er den Moses som sagde til Israels-borni: «Ein profet liksom eg skal Herren, dykkar Gud, reisa upp åt dykk av dykkar brør.»
- 38 Han er den som i lyden i øydemarki var med engelen som tala til honom på Sinaifjellet, og med federne våre, han som tok imot livande ord til å gjeva oss.
- 39 Honom vilde federne dykkar ikkje lyda, men dei støytte honom ifrå seg og vende seg i sitt hjarta til Egyptarland, då dei sagde til Aron:
- 40 «Gjer oss gudar, som kann ganga fyre oss! for denne Moses som førde oss ut or Egyptarland - me veit ikkje kva som hev hendt honom.»
- 41 Og dei gjorde ein kalv i dei same dagarne bar offer fram til den avguden, og gledde seg yver det som deira eigne hender hadde gjort.
- 42 Men Gud vende seg burt og yvergav deim til å tena himmelheren, so som det stend skrive i profetboki: «Hev vel de, Israels hus, gjeve meg slagtoffer og andre offer i fyrti år i øydemarki?
- 43 Og de bar med dykk Moloks tjeld og guden Remfans stjerna, dei bilæti som de gjorde for å tilbeda deim. Og eg vil flytja dykk burt på hi sida åt Babylon.»
- 44 Vitnemålstjeldet var hjå federne våre i øydemarki; so som han som tala til Moses, hadde bode å gjera det etter det bilætet han hadde set.
- 45 Dette tok federne våre i arv og førde det inn med Josva i eigedomslandet til dei heidningfolki som Gud dreiv undan for federne våre alt til Davids dagar.
- 46 Han fann nåde for Guds åsyn og bad um at han måtte finna ein bustad åt Jakobs Gud.
- 47 Men Salomo bygde honom eit hus.
- 48 Men den Høgste bur ikkje i hus som er gjorde med hender, som profeten segjer:
- 49 «Himmelen er min kongsstol, og jordi skammel under mine føter. Kva hus vil de byggja meg? segjer Herren, eller kva stad er min kvilestad?
- 50 Hev ikkje mi hand gjort alt dette?»
- 51 De harde halsar og u-umskorne på hjarta og øyro! De stend alltid imot den Heilage Ande, som dykkar feder, so de og!
- 52 Kven av profetarne forfylgde ikkje federne dykkar? og dei slo deim i hel, som fyreåt forkynte at den Rettferdige skulde koma, han som de no hev svike og drepe,
- 53 de som fekk lovi gjenom englar og hev ikkje halde henne!»
- 54 Men då dei høyrde dette, skar det deim i hjarta, og dei beit tennerne saman imot honom.
- 55 Men han var full av den Heilage Ande og såg upp mot himmelen, og han såg Guds herlegdom, og Jesus standa ved Guds høgre hand.
- 56 Og han sagde: «Sjå, eg ser himlarne opne og Menneskjesonen standa ved Guds høgre hand!»
- 57 Då skreik dei med høg røyst og heldt for øyro sine og styrmde samlyndt inn på honom.
- 58 Og dei dreiv honom ut utanfor byen og steina honom. Og vitni lagde klædi sine av ved føterne til ein ung mann som heitte Saulus.
- 59 Og dei steina Stefanus, medan han bad og sagde: «Herre Jesus, tak imot mi ånd!»
- 60 Men han fall på kne og ropa med høg røyst: «Herre, tilrekna deim ikkje denne syndi!» Og då han hadde sagt dette, sovna han av.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗