사도행전 19장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 사도행전 (Acts) · 40절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Medan Apollos var i Korint, hende det at Paulus kom til Efesus, etter han hadde fare gjenom dei øvre bygder. | And it came to pass, that, while Apollos was at Corinth, Paul having passed through the upper coasts came to Ephesus: and finding certain disciples, |
| 2 | Der fann han nokre læresveinar og sagde til deim: «Fekk de den Heilage Ande då de vart truande?» Dei svara honom: «Me hev ikkje ein gong høyrt um den Heilage Ande er komen.» | He said unto them, Have ye received the Holy Ghost since ye believed? And they said unto him, We have not so much as heard whether there be any Holy Ghost. |
| 3 | Han sagde til deim: «Kva dåp er de då døypte med?» Dei sagde: «Med Johannes’ dåp.» | And he said unto them, Unto what then were ye baptized? And they said, Unto John’s baptism. |
| 4 | Då sagde Paulus: «Johannes, han døypte med umvendings dåp, med di han sagde til folket, at dei skulde tru på den som kom etter honom, det er på Jesus.» | Then said Paul, John verily baptized with the baptism of repentance, saying unto the people, that they should believe on him which should come after him, that is, on Christ Jesus. |
| 5 | Då dei høyrde det, let dei seg døypa til Herren Jesu namn, | When they heard this, they were baptized in the name of the Lord Jesus. |
| 6 | og då Paulus lagde henderne på deim, kom den Heilage Ande yver deim, og dei tala med tungor og profetiske ord. | And when Paul had laid his hands upon them, the Holy Ghost came on them; and they spake with tongues, and prophesied. |
| 7 | Desse mennerne var umkring tolv i alt. | And all the men were about twelve. |
| 8 | Han gjekk då inn i synagoga og tala frimodigt i tri månader, med di han samtala med deim og yvertydde deim um det som høyrer til Guds rike. | And he went into the synagogue, and spake boldly for the space of three months, disputing and persuading the things concerning the kingdom of God. |
| 9 | Men då nokre forherde seg og ikkje vilde tru, og tala ille for mengdi um denne vegen, braut han lag med deim og skilde læresveinarne ut og heldt dagleg samtalar i skulen åt Tyrannus. | But when divers were hardened, and believed not, but spake evil of that way before the multitude, he departed from them, and separated the disciples, disputing daily in the school of one Tyrannus. |
| 10 | Dette varde i tvo år, so at alle dei som budde i Asia, fekk høyra Herrens ord, både jødar og grækarar, | And this continued by the space of two years; so that all they which dwelt in Asia heard the word of the Lord Jesus, both Jews and Greeks. |
| 11 | Og uvanlege kraftverk gjorde Gud ved Paulus’ hender, | And God wrought special miracles by the hands of Paul: |
| 12 | so at folk endå tok sveitedukar eller fangskinn som han hadde havt på seg, og gjekk med deim til dei sjuke, og dei vart fri for sjukdomarne, og dei vonde ånderne for ut or deim. | So that from his body were brought unto the sick handkerchiefs or aprons, and the diseases departed from them, and the evil spirits went out of them. |
| 13 | Men nokre av dei jødar som for ikring og mana ånder, tok til å nemna Herren Jesus namn yver deim som hadde dei vonde ånderne, med di dei sagde: «Eg manar dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.» | Then certain of the vagabond Jews, exorcists, took upon them to call over them which had evil spirits the name of the Lord Jesus, saying, We adjure you by Jesus whom Paul preacheth. |
| 14 | Det var nokre søner til Skevas, ein jødisk øvsteprest, sju i talet, dei som gjorde dette. | And there were seven sons of one Sceva, a Jew, and chief of the priests, which did so. |
| 15 | Men den vonde åndi svara og sagde: «Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg um; men de, kven er de?» | And the evil spirit answered and said, Jesus I know, and Paul I know; but who are ye? |
| 16 | Og mannen som den vonde åndi var i, sprang innpå deim og vann på deim og fekk yvermagt yver deim, so at dei laut fly nakne og såra ut or huset. | And the man in whom the evil spirit was leaped on them, and overcame them, and prevailed against them, so that they fled out of that house naked and wounded. |
| 17 | Dette vart kunnigt for alle som budde i Efesus, både jødar og grækarar, og der kom ræddhug på deim alle, og Herren Jesu namn vart høglova. | And this was known to all the Jews and Greeks also dwelling at Ephesus; and fear fell on them all, and the name of the Lord Jesus was magnified. |
| 18 | Og mange av deim som hadde teke ved trui, kom og vitna og fortalde um sine gjerningar. | And many that believed came, and confessed, and shewed their deeds. |
| 19 | Og ein stor hop av deim som hadde fare med fåfengde kunster, bar bøkerne sine i hop og brende deim upp so alle folk såg det. Og dei rekna saman deira verde og fann at det var femti tusund sylvpengar. | Many of them also which used curious arts brought their books together, and burned them before all men: and they counted the price of them, and found it fifty thousand pieces of silver. |
| 20 | Soleis hadde Herrens ord veldug framgang og fekk magt. | So mightily grew the word of God and prevailed. |
| 21 | Då dette var fullført, sette Paulus seg fyre å draga gjenom Makedonia og Akaia og fara til Jerusalem, med di han sagde: «Når eg hev vore der, lyt eg og sjå Rom.» | After these things were ended, Paul purposed in the spirit, when he had passed through Macedonia and Achaia, to go to Jerusalem, saying, After I have been there, I must also see Rome. |
| 22 | So sende han tvo av hjelpesmennerne sine, Timoteus og Erastus, til Makedonia; sjølv vart han endå verande ei tid i Asia. | So he sent into Macedonia two of them that ministered unto him, Timotheus and Erastus; but he himself stayed in Asia for a season. |
| 23 | Men ved den tid vart der ikkje lite uppstyr um Guds veg. | And the same time there arose no small stir about that way. |
| 24 | For det var ein mann med namnet Demetrius, ein sylvsmed, som gjorde Artemis-tempel av sylv og gav kunstsmedarne ikkje liti vinning. | For a certain man named Demetrius, a silversmith, which made silver shrines for Diana, brought no small gain unto the craftsmen; |
| 25 | Han kalla saman desse og dei arbeidarar som sysla med det same, og sagde: «Menner, de veit at det er av dette arbeidet me hev vårt velstand. | Whom he called together with the workmen of like occupation, and said, Sirs, ye know that by this craft we have our wealth. |
| 26 | Og de ser og høyrer at ikkje berre i Efesus, men yver mest heile Asia hev denne Paulus ved yverteljing avvendt ein stor hop, med di han segjer at dei ikkje er gudar, dei som vert gjorde med henderne. | Moreover ye see and hear, that not alone at Ephesus, but almost throughout all Asia, this Paul hath persuaded and turned away much people, saying that they be no gods, which are made with hands: |
| 27 | No er det ikkje berre den fåren at dette vårt handverk skal få eit uord, men ogso at den store gudinna Artemis’ tempel skal verta rekna for ingen ting, og hennar storvelde verta øydelagt, ho som heile Asia og mannheimen dyrkar.» | So that not only this our craft is in danger to be set at nought; but also that the temple of the great goddess Diana should be despised, and her magnificence should be destroyed, whom all Asia and the world worshippeth. |
| 28 | Då dei høyrde dette, vart dei fulle av harm og ropa: «Stor er den efesiske Artemis!» | And when they heard these sayings, they were full of wrath, and cried out, saying, Great is Diana of the Ephesians. |
| 29 | Og heile byen kom i fullt upprør, og dei styrmde alle som ein til teatret og reiv med seg makedonarane Gaius og Aristarkus, fylgjesmennerne åt Paulus. | And the whole city was filled with confusion: and having caught Gaius and Aristarchus, men of Macedonia, Paul’s companions in travel, they rushed with one accord into the theatre. |
| 30 | Då Paulus vilde ganga inn til folket, let ikkje læresveinarne honom få lov. | And when Paul would have entered in unto the people, the disciples suffered him not. |
| 31 | Nokre av asiarådarne, som var hans vener, sende og bod til honom og bad honom at han ikkje måtte ganga inn i teatret. | And certain of the chief of Asia, which were his friends, sent unto him, desiring him that he would not adventure himself into the theatre. |
| 32 | Nokre ropa då eitt, andre noko anna; for folkehopen var reint fortulla, og dei fleste visste ikkje kva dei var komne saman for. | Some therefore cried one thing, and some another: for the assembly was confused; and the more part knew not wherefore they were come together. |
| 33 | Men nokre av flokken sette Aleksander inn i saki, då jødarne skuva honom fram. Men Alexander slo til ljod med handi og vilde halda ein forsvarstale til folket. | And they drew Alexander out of the multitude, the Jews putting him forward. And Alexander beckoned with the hand, and would have made his defence unto the people. |
| 34 | Men då dei fekk vita at han var ein jøde, vart det eit einaste rop frå deim alle, so dei mest i tvo timar ropa: «Stor er den efisiske Artemis!» | But when they knew that he was a Jew, all with one voice about the space of two hours cried out, Great is Diana of the Ephesians. |
| 35 | Men byskrivaren fekk då stagga hopen og sagde: «Menner frå Efesus? Kva menneskje er det vel som ikkje veit at efesar-byen er tempelvaktar for den store gudinna Artemis og hennar himmelfalne bilæte? | And when the townclerk had appeased the people, he said, Ye men of Ephesus, what man is there that knoweth not how that the city of the Ephesians is a worshipper of the great goddess Diana, and of the image which fell down from Jupiter? |
| 36 | Då no ingen segjer imot dette, so må de styra dykk og ikkje gjera noko for framfust. | Seeing then that these things cannot be spoken against, ye ought to be quiet, and to do nothing rashly. |
| 37 | For de hev ført hit desse mennerne, som korkje er tempelranarar eller spottar dykkar gudinna. | For ye have brought hither these men, which are neither robbers of churches, nor yet blasphemers of your goddess. |
| 38 | Hev no Demetrius og kunstsmedarne med honom nokor klaga på nokon, so vert det då halde rettarmøte, og her er landshovdingar; lat deim so føra klaga på kvarandre! | Wherefore if Demetrius, and the craftsmen which are with him, have a matter against any man, the law is open, and there are deputies: let them implead one another. |
| 39 | Men dersom det er noko anna de søkjer, so skal det verta avgjort på det lovlege ålmannating. | But if ye enquire any thing concerning other matters, it shall be determined in a lawful assembly. |
| 40 | For det er jamvel fåre for at me skal verta klaga for upprør etter dette i dag, då det ingen grunn finst, som me kann bruka til å gjera greida for dette upplaupet.» [Stu21: 41] Og med å segja dette fekk han hopen til å skiljast. | For we are in danger to be called in question for this day’s uproar, there being no cause whereby we may give an account of this concourse. |
| 41 | — | And when he had thus spoken, he dismissed the assembly. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL