로그인

사도행전 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 사도행전 (Acts) · 40절 · 대역: King James Version

절Studentmållagsbibelen frå 1921King James Version
1 Og han kom til Derbe og Lystra. Og sjå, der var det ein læresvein med namnet Timoteus, son åt ei truande jødisk kvinna og ein græsk far. Then came he to Derbe and Lystra: and, behold, a certain disciple was there, named Timotheus, the son of a certain woman, which was a Jewess, and believed; but his father was a Greek:
2 Han hadde godt lov av brørne i Lystra og Ikonium. Which was well reported of by the brethren that were at Lystra and Iconium.
3 Honom vilde Paulus hava i fylgje med seg på ferdi, og han tok og umskar honom for dei jødar skuld som var på dei staderne, for dei visste alle at far hans var grækar. Him would Paul have to go forth with him; and took and circumcised him because of the Jews which were in those quarters: for they knew all that his father was a Greek.
4 Som dei då drog gjenom byarne, pålagde dei deim å halda dei bodi som var vedtekne av apostlarne og dei eldste i Jerusalem. And as they went through the cities, they delivered them the decrees for to keep, that were ordained of the apostles and elders which were at Jerusalem.
5 So vart då kyrkjelydarne styrkte i trui og voks i tal med kvar dag. And so were the churches established in the faith, and increased in number daily.
6 So for dei gjenom Frygia og det galatiske land, for den Heilage Ande hindra deim frå å tala ordet i Asia, Now when they had gone throughout Phrygia and the region of Galatia, and were forbidden of the Holy Ghost to preach the word in Asia,
7 og då dei kom burtimot Mysia, freista dei å fara til Bitynia; og Jesu Ande gav deim ikkje lov. After they were come to Mysia, they assayed to go into Bithynia: but the Spirit suffered them not.
8 So for dei utanum Mysia og drog ned til Troas. And they passing by Mysia came down to Troas.
9 Og um natti viste det seg ei syn for Paulus; det stod ein mann frå Makedonia og bad honom og sagde: «Kom yver til Makedonia og hjelp oss!» And a vision appeared to Paul in the night; There stood a man of Macedonia, and prayed him, saying, Come over into Macedonia, and help us.
10 Då han hadde set syni, søkte me straks å koma yver til Makedonia, sidan me kunde skyna at Herren hadde kalla oss til å forkynna evangeliet for deim. And after he had seen the vision, immediately we endeavoured to go into Macedonia, assuredly gathering that the Lord had called us for to preach the gospel unto them.
11 Me lagde so ut frå Troas og siglde beint yver til Samotrake og dagen etter til Neapolis, Therefore loosing from Troas, we came with a straight course to Samothracia, and the next day to Neapolis;
12 og derifrå til Filippi, som er den fyrste byen i den luten av Makedonia og ein romersk koloni. I den byen drygde me nokre dagar. And from thence to Philippi, which is the chief city of that part of Macedonia, and a colony: and we were in that city abiding certain days.
13 På kviledagen gjekk me utanfor porten til ei elv, der dei hadde for vis å samlast til bøn, og me sette oss der og tala til dei kvinnor som der var komne saman. And on the sabbath we went out of the city by a river side, where prayer was wont to be made; and we sat down, and spake unto the women which resorted thither.
14 Og ei kvinna med namnet Lydia, som dreiv purpurhandel, frå byen Tyatira, ei som dyrka Gud etter jødetrui, ho høyrde på, og Herren let upp hjarta hennar, so ho gav gaum etter det som Paulus tala. And a certain woman named Lydia, a seller of purple, of the city of Thyatira, which worshipped God, heard us: whose heart the Lord opened, that she attended unto the things which were spoken of Paul.
15 Då ho og hennar hus var døypte, bad ho oss og sagde: «So sant de held meg for å vera ei som trur på Herren, so kom inn i mitt hus og ver der!» Og ho nøydde oss. And when she was baptized, and her household, she besought us, saying, If ye have judged me to be faithful to the Lord, come into my house, and abide there. And she constrained us.
16 Men det hende seg, ein gong då me drog ut til bønestaden, at det møtte oss ei trælkvinna som hadde ei spådomsånd og var herrarne sine til stor vinning med å spå. And it came to pass, as we went to prayer, a certain damsel possessed with a spirit of divination met us, which brought her masters much gain by soothsaying:
17 Ho fylgde etter Paulus og oss og ropa og sagde: «Desse menneski er den høgste Guds tenarar, som forkynner dykk frelsevegen!» The same followed Paul and us, and cried, saying, These men are the servants of the most high God, which shew unto us the way of salvation.
18 Dette gjorde ho mange dagar. Men Paulus vart harm og vende seg og sagde til åndi: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn å fara ut or henne!» Og ho for ut or henne i same stundi. And this did she many days. But Paul, being grieved, turned and said to the spirit, I command thee in the name of Jesus Christ to come out of her. And he came out the same hour.
19 Men då herrarne hennar såg at deira von um vinning var spillt, tok dei fat på Paulus og Silas og drog deim med på torget til rettartinget, And when her masters saw that the hope of their gains was gone, they caught Paul and Silas, and drew them into the marketplace unto the rulers,
20 og dei førde deim fram for styresmennerne og sagde: «Desse mennerne rører reint upp byen vår; dei er jødar And brought them to the magistrates, saying, These men, being Jews, do exceedingly trouble our city,
21 og forkynner seder som me ikkje hev lov til å taka imot eller liva etter, me som er romarar.» And teach customs, which are not lawful for us to receive, neither to observe, being Romans.
22 Folket reiste seg og imot deim, og styresmennerne reiv klædi av deim, og let deim hudflengjast, And the multitude rose up together against them: and the magistrates rent off their clothes, and commanded to beat them.
23 Og då dei hadde slege deim mange slag, kasta dei deim i fengsel og pålagde fangevaktaren å taka vel vare på deim. And when they had laid many stripes upon them, they cast them into prison, charging the jailor to keep them safely:
24 Då han hadde fengje det pålegget, kasta han deim i det inste fangeromet og sette føterne deira fast i stokken. Who, having received such a charge, thrust them into the inner prison, and made their feet fast in the stocks.
25 Men umkring midnatt heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangarne lydde på deim. And at midnight Paul and Silas prayed, and sang praises unto God: and the prisoners heard them.
26 Då kom det brått ein stor jordskjelv, so at grunnvollen i fengslet skalv, og straks sprang alle dører upp, og lekkjorne losna av deim alle. And suddenly there was a great earthquake, so that the foundations of the prison were shaken: and immediately all the doors were opened, and every one’s bands were loosed.
27 Fangevaktaren for upp or svevnen, og då han såg dørerne i fengslet opna, drog han sverdet og vilde drepa seg, for han trudde at fangarne hadde rømt. And the keeper of the prison awaking out of his sleep, and seeing the prison doors open, he drew out his sword, and would have killed himself, supposing that the prisoners had been fled.
28 Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! me er her alle saman.» But Paul cried with a loud voice, saying, Do thyself no harm: for we are all here.
29 Han bad då um ljos og sprang inn, og han fall skjelvande ned for Paulus og Silas. Then he called for a light, and sprang in, and came trembling, and fell down before Paul and Silas,
30 Og han førde deim ut og sagde: «Herrar, kva skal eg gjera for å verta frelst?» And brought them out, and said, Sirs, what must I do to be saved?
31 Dei svara: «Tru på Herren Jesus, so skal du verta frelst, du og ditt hus.» And they said, Believe on the Lord Jesus Christ, and thou shalt be saved, and thy house.
32 Og dei tala Herrens ord til honom og til alle i hans hus. And they spake unto him the word of the Lord, and to all that were in his house.
33 So tok han deim til seg i same timen um natti og vaska deim etter slagi, og han vart straks døypt, han sjølv og alle hans. And he took them the same hour of the night, and washed their stripes; and was baptized, he and all his, straightway.
34 Og han førde deim upp i huset sitt, sette fram brød åt deim, og gledde seg for di han med heile sitt hus var komen til trui på Gud. And when he had brought them into his house, he set meat before them, and rejoiced, believing in God with all his house.
35 Då det so vart dag, sende styresmennerne sveinarne og sagde: «Lat mennerne lause!» And when it was day, the magistrates sent the serjeants, saying, Let those men go.
36 Fangevaktaren fortalde Paulus desse ordi: «Styresmennerne hev sendt bod at de skal sleppa lause; so gakk no ut og far i fred!» And the keeper of the prison told this saying to Paul, The magistrates have sent to let you go: now therefore depart, and go in peace.
37 Men Paulus sagde til deim: «Dei hev hudflengt oss openberrleg utan lov og dom, me som er romerske borgarar; og so hev dei kasta oss i fengsel, og no vil dei jaga oss burt i løyndom. Men nei; lat deim koma sjølve og føra oss ut!» But Paul said unto them, They have beaten us openly uncondemned, being Romans, and have cast us into prison; and now do they thrust us out privily? nay verily; but let them come themselves and fetch us out.
38 Sveinarne fortalde styresmennerne desse ordi. Og dei vart rædde, då dei høyrde at dei var romarar; And the serjeants told these words unto the magistrates: and they feared, when they heard that they were Romans.
39 dei kom og tala vel med deim og førde deim ut og bad deim fara frå byen. And they came and besought them, and brought them out, and desired them to depart out of the city.
40 So gjekk dei ut or fengslet og gjekk inn til Lydia; og då dei hadde set brørne og gjeve deim påminningar, drog dei burt. And they went out of the prison, and entered into the house of Lydia: and when they had seen the brethren, they comforted them, and departed.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL