빌립보서 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 빌립보서 (Philippians) · 30절
- 1 Er det då nokor trøyst i Kristus, er det nokor hugsvaling i kjærleik, er det noko samfund i Anden, er det nokor medkjensla og miskunn:
- 2 so gjer mi gleda fullkomi, so de hev same hug, med di de hev same kjærleiken og samlyndte hev den eine hugen,
- 3 ikkje gjer noko av stridssykja eller lyst til tom æra, men i audmykt vyrder kvarandre høgre enn dykk sjølve.
- 4 Sjå ikkje kvar på sin eigen bate, men kvar på baten til dei andre og!
- 5 Lat dette huglaget vera i dykk, som og var i Kristus Jesus,
- 6 han som, då han var i Guds skapnad, ikkje heldt det for eit ran å vera Gud lik,
- 7 men gav sjølv avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg, med di han kom i likning med menneskje, og då han i åtferd var funnen som eit menneskje,
- 8 nedra han seg sjølv, so han vart lydug alt til dauden, ja til dauden på krossen.
- 9 Difor hev og Gud storleg upphøgt honom og gjeve honom det namn som er yver kvart eit namn,
- 10 so i Jesu namn skal kvart kne bøygja seg, deira som er i himmelen og på jordi og under jordi,
- 11 og kvar tunga skal sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders æra.
- 12 Difor, mine kjære, liksom de alltid hev vore lyduge, so arbeid, ikkje berre som i mitt nærvære, men no endå meir i mitt fråvære, på dykkar frelse med age og otte!
- 13 For Gud er den som verkar i dykk både å vilja og verka for sin gode vilje.
- 14 Gjer alt utan murring og tvilsmål,
- 15 so de kann vera lastelause og reine, Guds ulastande born midt i ei ukyndt og rangsnudd ætt, der de syner dykk som ljos i verdi,
- 16 med di de held fram livsens ord, meg til ros på Kristi dag, at eg ikkje hev laupe til unyttes eller arbeidt til unyttes.
- 17 Men um eg og vert ofra, medan eg gjer altartenesta og ber dykkar tru fram til offer, so gled eg meg og gled meg saman med dykk alle.
- 18 Gled og de dykk like eins, og gled dykk saman med meg!
- 19 Eg hev den voni i Herren Jesus, at eg snart kann senda Timoteus til dykk, so eg og kann verta glad i hug, når eg fær vita korleis det er med dykk.
- 20 For eg hev ingen med slikt eit lynde, som so ærleg kann hava umsut for dykk.
- 21 For dei søkjer alle sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til;
- 22 men hans prøvde truskap kjenner de, at liksom ein son tenar far sin, so hev han tent med meg for evangeliet.
- 23 Honom vonar eg då å kunna senda straks når eg ser utgangen på saki mi.
- 24 Men eg hev den tillit i Herren at eg og sjølv skal koma snart.
- 25 Eg fann det naudsynleg å senda til dykk Epafroditus, min bror og medarbeidar og medstridsmann og dykkar sendemann og tenar til hjelp for mi trong,
- 26 av di han lengta etter dykk alle, og var ottefull for di de hadde høyrt at han var sjuk.
- 27 For han var verkeleg sjuk og dauden nær; men Gud gjorde miskunn mot honom, ja, ikkje berre mot honom, men mot meg og, so eg ikkje skulde hava sorg på sorg.
- 28 Difor sender eg honom so mykje snarare, at de kann gleda dykk ved å sjå honom att, og eg vera meir sutlaus.
- 29 Tak då imot han i Herren med all gleda, og haldt slike i æra!
- 30 For for Kristi gjerning skuld kom han dauden nær, då han ikkje vyrde sitt liv, so han kunde bøta på saknaden av dykk ved tenesta mot meg.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗