베드로후서 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 베드로후서 (2 Peter) · 22절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Men det stod og falske profetar fram hjå folket, liksom det og hjå dykk skal koma falske lærarar, som skal lura inn ranglæror som fører til fortaping, med di dei jamvel neittar den Herre som kjøpte deim, og fører yver seg sjølve ei brå fortaping. | But there were false prophets also among the people, even as there shall be false teachers among you, who privily shall bring in damnable heresies, even denying the Lord that bought them, and bring upon themselves swift destruction. |
| 2 | Og mange skal fylgja deim i deira used, og for deira skuld skal sanningsvegen verta spotta, | And many shall follow their pernicious ways; by reason of whom the way of truth shall be evil spoken of. |
| 3 | og av havesykja skal dei med uppdikta ord nytta dykk ut til vinning. Men domen er frå gamall tid ikkje yrkjelaus mot deim, og deira fortaping søv ikkje. | And through covetousness shall they with feigned words make merchandise of you: whose judgment now of a long time lingereth not, and their damnation slumbereth not. |
| 4 | For so visst som Gud ikkje sparde englar då dei synda, men støytte deim ned i avgrunnen og gav deim yver til myrke holor i varetekt til dom, | For if God spared not the angels that sinned, but cast them down to hell, and delivered them into chains of darkness, to be reserved unto judgment; |
| 5 | og ikkje sparde den gamle verdi, men heldt uppe rettferds-forkynnaren Noah sjølv-åttande, då han førde storflodi yver ei verd av ugudlege, | And spared not the old world, but saved Noah the eighth person, a preacher of righteousness, bringing in the flood upon the world of the ungodly; |
| 6 | og lagde byarne Sodoma og Gomorra i oska og fordømde deim til undergang og dermed sette deim til fyredøme på dei ugudlege i framtidi, | And turning the cities of Sodom and Gomorrha into ashes condemned them with an overthrow, making them an ensample unto those that after should live ungodly; |
| 7 | og fria ut den rettferdige Lot, som leid under den skamlause åtferdi av dei ugudlege | And delivered just Lot, vexed with the filthy conversation of the wicked: |
| 8 | - for den rettferdige som budde imillom deim, leid dagstødt pinsla i si rettferdige sjæl ved dei lovlause gjerningar som han såg og høyrde - | (For that righteous man dwelling among them, in seeing and hearing, vexed his righteous soul from day to day with their unlawful deeds;) |
| 9 | so veit Herren å fria dei gudlege ut or freisting, men halda dei urettferdige i varetekt med refsing til domedag, | The Lord knoweth how to deliver the godly out of temptations, and to reserve the unjust unto the day of judgment to be punished: |
| 10 | mest deim som fer etter kjøtet i urein lyst og vanvyrder herredøme. Dei sjølvgode vågehalsar! Dei skjelv ikkje ved å spotta høge magter, | But chiefly them that walk after the flesh in the lust of uncleanness, and despise government. Presumptuous are they, selfwilled, they are not afraid to speak evil of dignities. |
| 11 | medan då englar, som er større i styrke og magt, ikkje ber fram for Herren nokon spottande dom imot deim. | Whereas angels, which are greater in power and might, bring not railing accusation against them before the Lord. |
| 12 | Men desse, liksom vitlause dyr, av naturi fødde til fanging og undergang, dei skal, av di dei spottar det dei ikkje kjenner, gagna under ved si eigi uferd | But these, as natural brute beasts, made to be taken and destroyed, speak evil of the things that they understand not; and shall utterly perish in their own corruption; |
| 13 | og få urettferds løn. Dei set si lyst i å bruka dagen til kjæla; dei utskjemmor og skamflekkjer; dei kræser seg ved sitt svik når dei held gilde med dykk. | And shall receive the reward of unrighteousness, as they that count it pleasure to riot in the day time. Spots they are and blemishes, sporting themselves with their own deceivings while they feast with you; |
| 14 | Augo hev dei som er fyllte av skjøkja og umetteleg i synd; dei forlokkar ustøde sjæler; dei hev eit hjarta som er upptamt i havesykja, dei forbanningsborn! | Having eyes full of adultery, and that cannot cease from sin; beguiling unstable souls: an heart they have exercised with covetous practices; cursed children: |
| 15 | Dei hev vike av frå den beine vegen og fare vilt, med di dei hev fylgt Bileam Beorssons veg, han som elska urettferds løn | Which have forsaken the right way, and are gone astray, following the way of Balaam the son of Bosor, who loved the wages of unrighteousness; |
| 16 | og fekk refsing for sitt eige brot: eit umælande klyvdyr tala med mannemæle til honom og hindra profeten i hans uvitingskap. | But was rebuked for his iniquity: the dumb ass speaking with man’s voice forbad the madness of the prophet. |
| 17 | Desse er vatslause kjeldor, skodda som vert drivi av stormvind; til deim er kolmyrket ferdigt. | These are wells without water, clouds that are carried with a tempest; to whom the mist of darkness is reserved for ever. |
| 18 | For med di dei talar skrøytande, tome ord, forlokkar dei i kjøtslyster ved ukjurskap deim som nett hev flytt ifrå deim som fer i villa, | For when they speak great swelling words of vanity, they allure through the lusts of the flesh, through much wantonness, those that were clean escaped from them who live in error. |
| 19 | med di dei lovar deim fridom, dei som sjølve er trælar under tjon; for det som ein ligg under for, det hev han og vorte træl for. | While they promise them liberty, they themselves are the servants of corruption: for of whom a man is overcome, of the same is he brought in bondage. |
| 20 | For um dei hev flytt ifrå ureinskapen i verdi med di dei hev lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus, og so atter vert innfløkte i henne og ligg under, då hev det siste vorte verre med deim enn det fyrste. | For if after they have escaped the pollutions of the world through the knowledge of the Lord and Saviour Jesus Christ, they are again entangled therein, and overcome, the latter end is worse with them than the beginning. |
| 21 | For det var betre for deim at dei ikkje hadde kjent rettferds veg, enn at dei kjende honom og so vende seg burt att frå det heilage bodet som var yvergjeve deim. | For it had been better for them not to have known the way of righteousness, than, after they have known it, to turn from the holy commandment delivered unto them. |
| 22 | Det hev gjenge deim etter det sanne ordtøket: «Ein hund vendar atter til si eigi spya,» og: «Ei lauga su velter seg i søyla.» | But it is happened unto them according to the true proverb, The dog is turned to his own vomit again; and the sow that was washed to her wallowing in the mire. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL