베드로전서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 베드로전서 (1 Peter) · 22절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Like eins de konor: De skal vera dykkar eigne menner undergjevne, so endå slike som ikkje trur ordet, må verta vunne utan ord ved den ferd konorne deira syner, | Likewise, ye wives, be in subjection to your own husbands; that, if any obey not the word, they also may without the word be won by the conversation of the wives; |
| 2 | når dei ser for augo dykkar reine ferd i otte. | While they behold your chaste conversation coupled with fear. |
| 3 | Deira prydnad skal ikkje vera utanpå, med hårflettingar eller påhengt gull eller klædebunad, | Whose adorning let it not be that outward adorning of plaiting the hair, and of wearing of gold, or of putting on of apparel; |
| 4 | men hjartans løynde menneskje i den uforgjengelege prydnad med den mjuke og stille ånd, som er gjæv for Gud. | But let it be the hidden man of the heart, in that which is not corruptible, even the ornament of a meek and quiet spirit, which is in the sight of God of great price. |
| 5 | For soleis prydde fordom dei heilage kvinnorne seg, dei som sette si von til Gud og var sine eigne menner undergjevne, | For after this manner in the old time the holy women also, who trusted in God, adorned themselves, being in subjection unto their own husbands: |
| 6 | liksom Sara lydde Abraham og kalla honom herre; hennar døtter hev de vorte når de gjer godt og ikkje ottast for nokor skræmsla. | Even as Sara obeyed Abraham, calling him lord: whose daughters ye are, as long as ye do well, and are not afraid with any amazement. |
| 7 | Like eins de menner: De skal liva vitugt saman med konorne som det veikare kjerald, og visa deim æra, sidan dei og er medervingar til livsens nåde, so dykkar bøner ikkje skal verta hindra! | Likewise, ye husbands, dwell with them according to knowledge, giving honour unto the wife, as unto the weaker vessel, and as being heirs together of the grace of life; that your prayers be not hindered. |
| 8 | Og til slutt: Ver alle samhuga, medlidande, kjærlege mot brørne, miskunnsame, audmjuke! | Finally, be ye all of one mind, having compassion one of another, love as brethren, be pitiful, be courteous: |
| 9 | Løn ikkje vondt med vondt eller skjelling med skjelling, men tvertimot velsigna! for det vart de kalla til, at de skal erva velsigning. | Not rendering evil for evil, or railing for railing: but contrariwise blessing; knowing that ye are thereunto called, that ye should inherit a blessing. |
| 10 | For «den som vil elska livet og sjå gode dagar, han skal halda tunga frå det som vondt er og lipporne frå svikfull tale; | For he that will love life, and see good days, let him refrain his tongue from evil, and his lips that they speak no guile: |
| 11 | han vike frå vondt og gjere godt, han søkje fred og trå etter honom! | Let him eschew evil, and do good; let him seek peace, and ensue it. |
| 12 | For Herrens augo er yver dei rettferdige, og hans øyro vende til deira bøn; men Herrens åsyn er yver deim som gjer vondt.» | For the eyes of the Lord are over the righteous, and his ears are open unto their prayers: but the face of the Lord is against them that do evil. |
| 13 | Og kven er det som kann gjera dykk vondt når de stræver etter det gode? | And who is he that will harm you, if ye be followers of that which is good? |
| 14 | Men um de og skulde lida for rettferds skuld, so er de sæle. Men ottast ikkje for deim og ræddast ikkje; men helga Kristus til herre i hjarto dykkar! | But and if ye suffer for righteousness’ sake, happy are ye: and be not afraid of their terror, neither be troubled; |
| 15 | Og ver alltid ferdige til å forsvara dykk for kvar ein som krev rekneskap av dykk for den voni som bur i dykk, men med spaklynde og age! | But sanctify the Lord God in your hearts: and be ready always to give an answer to every man that asketh you a reason of the hope that is in you with meekness and fear: |
| 16 | Og hav eit godt samvit, so dei som lastar dykkar gode ferd i Kristus, må verta til skammar i det som dei baktalar dykk for som illgjerdsmenner. | Having a good conscience; that, whereas they speak evil of you, as of evildoers, they may be ashamed that falsely accuse your good conversation in Christ. |
| 17 | For det er betre, um so er Guds vilje, å lida når ein gjer godt, enn når ein gjer vondt. | For it is better, if the will of God be so, that ye suffer for well doing, than for evil doing. |
| 18 | For Kristus leid og ein gong for synder, ein rettferdig for urettferdige, for å føra oss fram til Gud, han som leid dauden i kjøtet, men vart livandegjord i åndi, | For Christ also hath once suffered for sins, the just for the unjust, that he might bring us to God, being put to death in the flesh, but quickened by the Spirit: |
| 19 | og i denne gjekk han og burt og preika for ånderne som var i varetekt, | By which also he went and preached unto the spirits in prison; |
| 20 | dei som fordom hadde vore stride, den gong Guds langmod venta i Noahs dagar, då arki vart bygd, der nokre få, det er åtte sjæler, vart frelste gjenom vatn, | Which sometime were disobedient, when once the longsuffering of God waited in the days of Noah, while the ark was a preparing, wherein few, that is, eight souls were saved by water. |
| 21 | det som no og frelser oss i motbilætet dåpen, som ikkje er avleggjing av ureinskap på kroppen, men eit godt samvits pakt med Gud ved Jesu Kristi uppstoda, | The like figure whereunto even baptism doth also now save us (not the putting away of the filth of the flesh, but the answer of a good conscience toward God,) by the resurrection of Jesus Christ: |
| 22 | han som er uppfaren til himmelen og er ved Guds høgre hand, der englar og magter og krafter er honom underlagde. | Who is gone into heaven, and is on the right hand of God; angels and authorities and powers being made subject unto him. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL