민수기 31장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 민수기 (Numbers) · 54절
- 1 Og Herren tala til Moses, og sagde:
- 2 «Du skal taka hemn for det som midjanitarne hev gjort Israels-borni; sidan skal du fara til federne dine.»
- 3 Då tala Moses til folket, og sagde: «Lat nokre av mannskapet dykkar bu seg til herferd! Dei skal koma yver midjanitarne, og føra Herrens hemn yver Midjan.
- 4 Tusund mann frå kvar av Israels-ætterne skal de senda ut i herferd.»
- 5 Av dei mange tusund i Israel baud dei då ut tusund mann frå kvar ætt, tolv tusund herbudde menner.
- 6 Deim sende Moses ut i herferd, tusund mann frå kvar ætt, og med deim sende han Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten; han hadde med seg dei heilage gognerne og stridslurarne.
- 7 Og dei gjorde ei herferd mot Midjan, so som Herren hadde sagt med Moses, og slo i hel alle karmenner.
- 8 Og millom deim som dei drap, var kongarne i Midjan, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, dei fem Midjans-kongarne; og Bileam, son åt Beor, fall og for sverdet deira.
- 9 So tok dei konorne og borni åt midjanitarne og klyvdyri og bufeet deira og alt det dei åtte;
- 10 og alle borgarne i det landet dei hadde slege seg ned i og alle tjeldlægri deira, sette dei eld på.
- 11 Og alt herfanget og alt folket og feet dei hadde teke,
- 12 førde dei dit som Moses og Eleazar, øvstepresten, og heile Israels-lyden var - til lægret på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko - både fangarne og feet og alt det andre herfanget.
- 13 Og Moses og Eleazar, øvstepresten, og alle dei høgste i lyden gjekk til møtes med deim utanfor lægret.
- 14 Men Moses var vond på hovdingarne som kom heim frå stridsferdi, både dei som stod yver tusund og dei som stod yver hundrad mann,
- 15 og han sagde til deim: «Hev de spart alle kvinnorne?
- 16 Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka Israels-sønerne til å svika Herren for Peors skuld, so sotti kom yver Herrens lyd.
- 17 Slå no i hel alle sveinborn, og alle kvinnor som hev ått mann eller havt med karfolk å gjera!
- 18 Men alle ungmøyar som ikkje hev havt med karfolk å gjera, skal de spara, og dei skal høyra dykk til.
- 19 Og so lyt de halda dykk utanfor lægret i sju dagar, og alle som hev slege nokon i hel eller kome nær nokon som er i helslegen, lyt reinsa seg for synd den tridje og den sjuande dagen, både dei og fangarne deira.
- 20 Og alle klæde, og alt som er gjort av ler eller geiteragg, og alle trekjerald lyt de reinsa.»
- 21 Og Eleazar, øvstepresten, sagde til dei mennerne som hadde vore med i herferdi: «Denne fyresegni hev Herren gjeve Moses:
- 22 Gull og sylv, kopar og jarn, tin og bly,
- 23 alt som toler eld, skal de hava i elden, so vert det reint; de lyt berre etterpå skira det med vigslevatn; men alt som ikkje toler eld, skal de hava i vatn.
- 24 Og den sjuande dagen skal de två klædi dykkar, so vert de reine, og sidan kann de koma inn i lægret.»
- 25 Og Herren sagde til Moses:
- 26 «Du og Eleazar, øvstepresten, og ættehovdingarne i lyden skal taka tal på alt folket og feet som er fanga,
- 27 og skifta det likt millom stridsmennerne som var med i herferdi og alt hitt folket.
- 28 Og du skal taka ei avgift av stridsmennerne: eitt liv for kvart femhundrad, både av folk og av storfe og asen og småfe;
- 29 det skal de taka av den helvti som fell på herfolket, og gjeva det til Eleazar, øvstepresten; det skal vera ei reida til Herren.
- 30 Og av den helvti som fell på dei hine Israels-sønerne, skal du taka ut eit liv for kvart halvhundrad, både av folk og av kyr og asen og sauer - av alt feet - og gjeva deim til levitarne som hev umsut med alt det som skal gjerast i Herrens hus.»
- 31 Moses og Eleazar, øvstepresten, gjorde som Herren hadde sagt til Moses.
- 32 Og herfanget, det som var att av alt det stridsfolket hadde teke, det var: sauer og geiter: seks hundrad og fem og sytti tusund;
- 33 uksar og kyr: tvo og sytti tusund;
- 34 asen: ein og seksti tusund;
- 35 av folk - kvinnor som ikkje hadde vore nær nokon karmann - var det i alt tvo og tretti tusund.
- 36 Helvti av dette, den luten som fall på hermennerne, var då: småfe: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad i talet,
- 37 so avgifti til Herren av sauerne og geiterne vart seks hundrad og fem og sytti;
- 38 uksar og kyr: seks og tretti tusund; av deim var avgifti til Herren tvo og sytti;
- 39 asen: tretti tusund og fem hundrad, og avgifti av deim til Herren ein og seksti;
- 40 fangar: sekstan tusund, og av deim i avgift til Herren tvo og tretti ungmøyar.
- 41 Og Moses gav avgifti, det som skulde vera reida åt Herren, til Eleazar, øvstepresten, som Herren hadde sagt med honom.
- 42 Den helvti som kom på dei hine Israels-sønerne, og som Moses hadde skift ifrå hermennerne,
- 43 den helvti som lyden fekk, det var: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad sauer og geiter,
- 44 og seks og tretti tusund uksar og kyr,
- 45 og tretti tusund og fem hundrad asen,
- 46 og sekstan tusund fangar.
- 47 Av denne helvti - den som fall på Israels-sønerne - tok Moses ut eit liv for kvart halvhundrad av både folk og fe, og gav deim til levitarne som greidde det som skulde gjerast i Herrens hus, soleis som Herren hadde sagt med honom.
- 48 So gjekk hovdingarne yver herflokkarne, både dei yver tusund og dei yver hundrad mann, fram for Moses
- 49 og sagde til honom: «Me hev teke tal på stridsmennerne som me hadde under oss, og det vantar ikkje ein mann.
- 50 Difor kjem me no kvar med det gullet me hev vunne: armringar og armband og fingerringar og øyreringar og kulelekkjor; det skal vera ei gåva til Herren og ein løysepening for livet vårt.»
- 51 Og Moses og Eleazar, øvstepresten, tok imot gullet dei kom med; alt saman var det fint arbeidde ting.
- 52 Gullet som dei vigde åt Herren, var i alt elleve hundrad merker; det var gåva frå hovdingarne.
- 53 Men mannskapet hadde og vunne mykje gull, kvar åt seg.
- 54 Då Moses og Eleazar, øvstepresten, hadde teke imot gullet av hovdingarne, bar dei det inn i møtetjeldet og gøymde det der til ei minning for Herren um Israels-folket.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗