민수기 10장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 민수기 (Numbers) · 36절
- 1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
- 2 «Gjer deg tvo lurar av drive sylv! Deim skal du hava til å kalla lyden i hop med, og til å varsla folket når lægret skal flytjast.
- 3 Blæs de i båe, so skal heile lyden samla seg hjå deg framanfor møtetjelddøri;
- 4 blæs de berre i ein, so skal styresmennerne, hovdingarne yver Israels-ætterne, samla seg hjå deg.
- 5 Blæs de alarm, so skal dei flokkarne fara i veg som hev lægret sitt i aust;
- 6 blæs de alarm andre venda, so skal dei som ligg i sud taka ut. Alarm skal de blåsa kvar gong de bryt upp frå lægret;
- 7 men når du vil kalla folket i hop til ålmannamøte, skal de låta lint i lurarne, og ikkje blåsa alarm.
- 8 Arons-sønerne, prestarne, er det som skal blåsa i deim. Dette skal vera ei æveleg lov hjå dykk, frå ætt til ætt.
- 9 Og når de fær ufred i landet, og fienden bryt på dykk, so skal de blåsa sterkt i lurarne; då skal Herren, dykkar Gud, koma dykk i hug, so de vert berga for uvenerne.
- 10 Og på glededagarne dykkar og høgtiderne og nymånedagarne skal de låta i lurarne til brennofferi og takkofferi dykkar, so det kann minna dykkar Gud um dykk. Eg, Herren, er dykkar Gud.»
- 11 Tjugande dagen i andre månaden i det andre året lyfte skyi seg upp ifrå gudshuset,
- 12 Då tok Israels-sønerne ut frå Sinaiheidi, flokk for flokk, etter som dei var fylkte; og skyi let seg ned att i Paranheidi.
- 13 Dette var fyrste gongen dei braut lægret, og det var etter Herrens bod, som Moses hadde kunngjort for deim.
- 14 Fyrst tok Juda-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Nahson, son åt Amminadab, som stod yver Juda-flokken;
- 15 yver Issakars-flokken stod Netanel, son åt Suar,
- 16 og yver Sebulons-flokken Eliab, son åt Helon.
- 17 Kvar gong gudshuset var teke ned, for Gersons-sønerne og Merari-sønerne i veg, dei som førde huset.
- 18 So tok Rubens-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisur, son åt Sede’ur, som stod yver Rubens-flokken;
- 19 yver Simeons-flokken stod Selumiel, son åt Surisaddai,
- 20 og yver Gads-flokken Eljasaf, son åt Re’uel.
- 21 So tok Kahats-sønerne i veg, dei som bar dei høgheilage tingi, og fyrr dei kom fram, hadde dei hine reist huset.
- 22 So tok Efraims-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisama, son åt Ammihud, som stod yver Efraims-flokken;
- 23 yver Manasse-flokken stod Gamliel, son åt Pedasur,
- 24 og yver Benjamins-flokken Abidan, son åt Gideoni.
- 25 So tok Dans-heren ut med fana si, flokk i flokk: Dei var attarst i fylkingi. Det var Ahiezer, son åt Ammisaddai, som stod yver Dans-flokken;
- 26 yver Assers-flokken stod Pagiel, son åt Okran,
- 27 og yver Naftali-flokken Ahira, son åt Enan.
- 28 Soleis var Israels-sønerne fylkte når dei for i veg, herflokk etter herflokk. Då dei skulde taka ut,
- 29 sagde Moses til Hobab, son åt Re’uel frå Midjan, verfar hans Moses: «No tek me på vegen til det landet som Herren hev sagt han vil gjeva oss. Kom og ver med oss, so skal me gjera vel mot deg; for Herren hev lova Israel mykje godt.»
- 30 «Nei,» svara Hobab, «eg vil fara heim til mitt eige land og folk.»
- 31 «Kjære væne, gakk ikkje frå oss!» sagde Moses. «Du veit best kvar me kann setja læger i øydemarki; du lyt vera auga vårt!
- 32 Gjeng du med oss, so skal me gjeva deg mykje godt, når me fær alt det gode som Herren vil gjeva oss.»
- 33 So for dei då frå Gudsfjellet tri dagsleider fram, og Herrens sambandskista for fyre deim alle tri dagarne, og leita etter ein kvilestad for deim.
- 34 Herrens sky stod yver deim um dagen, når dei for ifrå lægret.
- 35 Og kvar gong kista tok i veg, kvad Moses: «Reis deg, Herre, so fienden ryk og uvenern’ dine rømer for deg!»
- 36 Og når ho let seg ned, kvad han: «Herre, kom atter til alle dei tusund Israels-ætter!»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗