민수기 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 민수기 (Numbers) · 54절
- 1 So var det den fyrste dagen i den andre månaden året etter dei hadde fare frå Egyptarlandet, då tala Herren til Moses på Sinaiheidi, i møtetjeldet, og sagde:
- 2 «De skal taka tal på heile Israels-lyden etter ætter og ættgreiner, og skriva upp namni på alle karar, ein for ein,
- 3 alle våpnføre menner i Israel som er tjuge år gamle eller meir, skal de mynstra, flokk for flokk, du og Aron.
- 4 Og med dykk skal det vera ein mann av kvar ætt, den som er hovdingen for alle greinerne i ætti.
- 5 So heiter dei mennerne som skal vera dykk til hjelp: av Rubens-ætti: Elisur, son åt Sede’ur;
- 6 av Simeons-ætti: Selumiel, son åt Surisaddai;
- 7 av Juda-ætti: Nahson, son åt Amminadab;
- 8 av Issakars-ætti: Netanel, son åt Suar;
- 9 av Sebulons-ætti; Eliab, son åt Helon;
- 10 av Josefs-sønerne: Elisama, son åt Ammihud, av Efraims-ætti, og Gamliel, son åt Pedasur, av Manasse-ætti;
- 11 av Benjamins-ætti: Abidan, son åt Gideoni;
- 12 av Dans-ætti: Ahiezer, son åt Ammisaddai;
- 13 av Assers-ætti: Pagiel, son åt Okran;
- 14 av Gads-ætti: Eljasaf, son åt Re’uel;
- 15 av Naftali-ætti: Ahira, son åt Enan.»
- 16 Dette var dei som var kalla til formenner for lyden, dei høgste i fedreætterne sine, hovdingarne yver Israels-folket.
- 17 So henta Moses og Aron dei mennerne som var namngjevne,
- 18 og fyrste dagen i andre månaden kalla dei lyden i hop til eit ålmannamøte; og alle som var yver tjuge år, vart innskrivne i manntalet med namn, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
- 19 soleis som Herren hadde sagt; og Moses mynstra deim på Sinaiheidi.
- 20 Fyrst mynstra han Rubens-sønerne - deim som var ætta frå Ruben, eldste son åt Israel - og då alle våpnføre menner av Rubens-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
- 21 so var det seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.
- 22 So mynstra han Simeons-sønerne og ætterne deira, og då alle våpnføre menner av Simeons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
- 23 so var det ni og femti tusund og tri hundrad mann.
- 24 So mynstra han Gads-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Gads-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
- 25 so var det fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.
- 26 So mynstra han Juda-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Juda-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
- 27 so var det fire og sytti tusund og seks hundrad mann.
- 28 So mynstra han Issakars-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Issakars-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
- 29 so var det fire og femti tusund og fire hundrad mann.
- 30 So mynstra han Sebulons-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Sebulons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
- 31 so var det sju og femti tusund og fire hundrad mann.
- 32 So mynstra han Josefs-sønerne og ætterne deira: Då alle dei våpnføre av Efraims-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
- 33 so var det fyrti tusund og fem hundrad mann;
- 34 og då alle dei våpnføre av Manasse-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
- 35 so var det tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.
- 36 So mynstra han Benjamins-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Benjamins-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
- 37 so var det fem og tretti tusund og fire hundrad mann.
- 38 So mynstra han Dans-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Dans-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
- 39 so var det tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.
- 40 So mynstra han Assers-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Assers-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
- 41 so var det ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.
- 42 So mynstra han Naftali-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Naftali-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
- 43 so var det tri og femti tusund og fire hundrad mann.
- 44 Dette var dei som vart mynstra, dei som Moses og Aron og Israels hovdingar mynstra; og hovdingarne var tolv i talet, ein for kvar ætt.
- 45 Og talet på deim som vart mynstra av Israels-sønerne og ætterne deira, alle dei våpnføre av Israel, frå tjugeårsalderen og uppetter,
- 46 var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti; so mange var det som vart mynstra.
- 47 Levitarne og ætterne deira vart ikkje mynstra i hop med dei hine.
- 48 For Herren sagde til Moses:
- 49 «Levi-ætti skal du ikkje mynstra eller taka tal på saman med hitt Israels-folket.
- 50 Set levitarne til å stella med huset som lovi er gøymd i, og med all bunaden i det og alt som høyrer til. Dei skal føra huset og all bunaden, og dei skal taka vare på huset, og lægra seg rundt ikring det.
- 51 Når huset skal flytjast, so skal levitarne taka det ned, og når det skal reisast, skal levitarne setja det upp; kjem nokon framand innåt, lyt han døy.
- 52 Israels-sønerne skal lægra seg flokk i flokk, kvar i sitt eige læger og under sitt eige hermerke,
- 53 men levitarne skal lægra seg kringum gudshuset, so det ikkje skal koma vreide yver Israels-lyden; for det er levitarne som skal taka vare på gudshuset.»
- 54 Og Israels-borni gjorde so; dei gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt med Moses.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗