미가 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 미가 (Micah) · 12절
- 1 Og eg sagde: Høyr, de Jakobs hovdingar, og de fyrstar for Israels hus! Høyrer det ikkje dykk til å vita kva som er rett?
- 2 De som hatar det gode og elskar det vonde, de som flår skinnet av folk og kjøtet av beini deira,
- 3 de som et mitt folks kjøt og riv hudi av deim, og beini deira bryt de sund, og breider deim ut liksom i ei gryta, liksom kjøtet ein legg i panna.
- 4 Då skal dei ropa til Herren; men han skal ikkje svara deim; dylja skal han si åsyn for deim på den tidi, av di dei gjorde det som vondt var i si åtferd.
- 5 Soleis talar Herren mot dei profetarne som vildrar folket mitt, mot deim som ropar: «Fred!» når dei fær noko å bruka tennerne sine på, men som eggjar til heilag strid mot deim som ikkje stikk dei noko i munnen.
- 6 Difor skal natt koma yver dykk utan syn, og myrker utan spådom. Ja, soli skal ganga ned yver profetarne, og dagen skal verta myrk yver deim.
- 7 Og sjåarane skal skjemmast, og spåmennerne blygjast; dei alle skal hylja skjegget sitt, sidan det ikkje kjem noko svar frå Gud.
- 8 Men eg, eg er full av kraft ved Herrens ande og av rettskjensla og mannsmod, so eg kann vitna for Jakob um hans fråfall og for Israel um hans synd.
- 9 Høyr dette, de hovdingar for Jakobs hus, og de fyrstar for Israels hus, de som styggjest ved det som er rett og krøkjer alt som er beint,
- 10 de som byggjer upp Sion med blod og Jerusalem med urett -
- 11 hovdingarne der dømer for mutor, prestarne lærer for løn, og profetarne spår for pengar, alt medan dei styd seg på Herren og segjer: «Er ikkje Herren midt imillom oss? Det kjem ingi ulukka yver oss.»
- 12 Difor skal for dykkar skuld Sion verta pløgd som ein åker og Jerusalem skal verta til steinrøysar, og tempelberget til skoghaugar.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗