마태복음 9장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 38절
- 1 So gjekk han ut i båten og for yver og kom til sin eigen by.
- 2 Då kom dei til honom med ein lam mann, som låg i ei seng. Då Jesus såg trui deira, sagde han til den lame: «Ver hugheil, son! Syndene dine er tilgjevne.»
- 3 Då var det nokre av dei skriftlærde som tenkte med seg: «Denne spottar Gud!»
- 4 Men Jesus såg tankarne deira og sagde: «Kvi hyser de so vonde tankar i hjarta?
- 5 Kva er lettast å segja: «Synderne dine er tilgjevne,» eller: «Statt upp og gakk?»
- 6 Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi» - so segjer han til den lame: «Statt upp, tak sengi og gakk heim att!»
- 7 Då stod han upp og gjekk heim til seg.
- 8 Og då folket såg det, vart dei ottefulle, og lova Gud som hadde gjeve menneskje slik magt.
- 9 Då Jesus gjekk lenger fram, fekk han sjå ein mann som sat på tollbudi - Mattæus heitte han - og sagde til honom: «Fylg meg!» Og han stod upp og fylgde Jesus.
- 10 Då han so heldt måltid heime i huset sitt, kom mange tollmenner og syndarar og sette seg til bords med Jesus og læresveinarne hans.
- 11 Farisæarane såg det og sagde til læresveinarne: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollmenner og syndarar?»
- 12 Då Jesus høyrde det, sagde han: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt.
- 13 Gakk burt og lær kva som ligg i det ordet: «D’er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i.» For eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»
- 14 Då kom læresveinarne åt Johannes til honom og sagde: «Korleis hev det seg at me og farisæarane fastar so mykje, men dine læresveinar fastar ikkje?»
- 15 Jesus svara: «Kann bryllaupsfolket syrgja medan dei hev brudgomen hjå seg? Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; då skal dei fasta.
- 16 Ingen set ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; for boti riv med seg noko av sjølve plagget, og rifti vert større.
- 17 Og ikkje hev dei ny vin i gamle lerflaskor; for då rivnar flaskorne, so vinen renn ned, og flaskorne forferst; ny vin hev dei i nye lerflaskor; då held dei seg båe.»
- 18 Med han tala soleis til deim, kom ein synagoge-forstandar og fall på kne for honom og sagde: «Rett no hev dotter mi slokna; men kom og legg handi di på henne, so livnar ho att!»
- 19 Jesus gjorde seg reidug og gjekk med honom, og læresveinarne og.
- 20 Då kom det ei kvinna, som hadde havt blodflod i tolv år; ho gjekk innåt honom attantil og tok i ein av duskarne på kjolen hans,
- 21 for ho tenkte med seg: «Kann eg berre få taka i kjolen hans, so er eg berga.»
- 22 I det same snudde han seg og såg henne. Då sagde han: «Ver hugheil, dotter! Trui di hev hjelpt deg.» Og kvinna vart god att i same stundi.
- 23 Då Jesus kom heim til synagoge-forstandaren og såg fløytelåtarane og hopen som ståka og våla, sagde han til deim:
- 24 «Gakk burt! Gjenta er ikkje slokna; ho søv.» Men dei berre log åt honom.
- 25 Då hopen var driven ut, gjekk han inn, og tok henne i handi, og gjenta stod upp.
- 26 Og gjetordet um dette kom ut yver alle bygderne der ikring.
- 27 Då Jesus gjekk burt att, fylgde tvo blinde etter honom og ropa: «Gjer sælebot på oss, du Davids son!»
- 28 Og då han var komen heim, gjekk dei etter han inn. Jesus sagde til deim: «Trur de at eg kann gjera det?» «Ja, herre,» svara dei.
- 29 Då tok han burtpå augo deira og sagde: «Det skal verta som de trur.»
- 30 Og med ein gong kunde dei sjå. Jesus tala strengt til deim og sagde: «Sjå til at ingen fær vita det!»
- 31 Men dei var ’kje fyrr komne ut, fyrr dei bar gjetordet hans ut yver alle bygder.
- 32 Med same dei gjekk ut, kom det nokre folk til honom med ein mållaus mann som hadde ei vond ånd i seg.
- 33 Då so den vonde åndi var drivi ut, tala den mållause. Og folk undra seg og sagde: «Aldri hev slikt vore set fyrr i Israel!»
- 34 Men farisæarane sagde: «Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper honom til å driva djevlarne ut.»
- 35 Sidan gjekk Jesus kring i alle byar og bygder og lærde folket i synagogorne deira, og lyste ut evangeliet um Gudsriket, og lækte all sjukdom og vanhelsa.
- 36 Og då han såg folkehopen, tykte han hjarteleg synd um deim; for dei var ille medfarne og nedforkomne, som ein saueflokk utan hyrding.
- 37 Då sagde han til læresveinarne sine: «Grøda er stor, men onnefolki er få.
- 38 Bed då honom som eig grøda at han vil senda arbeidsfolk til å hausta inn grøda si!»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗