마태복음 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 25절
- 1 Sidan førde Anden Jesus ut i øydemarki, so djevelen skulde freista honom.
- 2 Han fasta i fyrti dagar og fyrti næter, og vart hungrig då so langt leid.
- 3 Og freistaren kom og sagde til honom: «Er du Guds Son, so seg at desse steinarne skal verta til brød!»
- 4 Men han svara: «Det stend skrive: «Menneskja liver ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.»»
- 5 Då tok djevelen honom med seg til den heilage byen og sette honom ytst på tempeltaket, og sagde til honom:
- 6 «Er du Guds Son, so kasta deg utfyre! For det stend skrive: «Han englarn’ sine bjoda skal at dei på henderne deg ber, so aldri du på nokon stein skal turva støyta foten din.»»
- 7 Jesus svara: «Det stend og skrive: «Du skal ikkje freista Herren, din Gud.»»
- 8 So tok djevelen honom med seg upp på eit ovhøgt fjell, og synte honom alle verdsens rike og deira herlegdom og sagde:
- 9 «Alt dette gjev eg deg, dersom du fell på kne og tilbed meg.»
- 10 Då sagde Jesus til honom: «Gakk frå meg, Satan! For det stend skrive: «Herren, din Gud, skal du tilbeda; honom og ingen annan skal du tena.»»
- 11 So for djevelen ifrå honom, og med det same kom englarne og tente honom.
- 12 Då Jesus fekk høyra at Johannes var gjeven i henderne på uvenerne sine, drog han seg undan og for til Galilæa.
- 13 Sidan flutte han frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, som ligg nedmed sjøen, på Sebulons og Naftalis grunn,
- 14 so det skulde sannast det som er tala gjenom Jesaja, profeten, når han segjer:
- 15 «Sebulons og Naftalis land, som langs med sjøen ligg, og dei som burtum Jordan bur, og heidne bygdekrins -
- 16 det folket som i myrker sat, so stort eit ljos fekk sjå; dei sat i daudens skoddeland, då rann for deim eit ljos.»
- 17 Frå den tidi tok Jesus til å tala til folket og sagde: «Vend um! Himmelriket er nær!»
- 18 Som han no ein gong gjekk frammed Galilæasjøen, fekk han sjå tvo brør, Simon, han som kallast Peter, og Andreas, bror hans; dei heldt på og kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.
- 19 Han segjer til dei: «Kom og fylg meg! Eg vil gjera dykk til menneskje-fiskarar!»
- 20 Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde honom.
- 21 Då han kom lenger fram, såg han tvo andre brør, Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans: dei sat i båten hjå Sebedæus, far sin, og greidde garni sine. Han kalla deim,
- 22 og med ein gong gjekk dei burt frå båten og frå far sin, og fylgde honom.
- 23 Sidan for han ikring i heile Galilæa og lærde folket i synagogorne deira, og forkynte evangeliet um riket, og lækte all sjukdom og vanhelsa hjå deim.
- 24 Det gjekk gjetord um honom yver heile Syria, og dei kom til honom med alle som hadde vondt og drogst med eikor sott eller plåga, forgjorde og nedfall-sjuke og lamne, og han gjorde deim gode att.
- 25 Og det fylgde honom ein stor folkehop frå Galilæa og Dekapolis og Jerusalem og Judalandet og bygderne på hi sida Jordan.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗