마태복음 23장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 39절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Sidan tala Jesus til folket og til læresveinarne sine og sagde: | Then spake Jesus to the multitude, and to his disciples, |
| 2 | «På Moses’ stol sit dei skriftlærde og farisæarane. | Saying, The scribes and the Pharisees sit in Moses’ seat: |
| 3 | Alt det dei segjer til dykk, lyt de gjera og halda, men etter gjerningarne deira skal de ikkje fara! For dei segjer det, men dei gjer det ikkje. | All therefore whatsoever they bid you observe, that observe and do; but do not ye after their works: for they say, and do not. |
| 4 | Dei bind i hop tunge byrder og legg på herdarne åt folk, men sjølve vil dei ikkje leda deim med ein finger. | For they bind heavy burdens and grievous to be borne, and lay them on men’s shoulders; but they themselves will not move them with one of their fingers. |
| 5 | Alt det dei gjer, gjer dei so folk skal sjå kor gjæve dei er. Dei gjer sine bøneband breide og duskarne på kjolen sin store. | But all their works they do for to be seen of men: they make broad their phylacteries, and enlarge the borders of their garments, |
| 6 | Dei trår etter dei høgste sæti i gjestebodi og dei fremste sessarne i synagogorne, | And love the uppermost rooms at feasts, and the chief seats in the synagogues, |
| 7 | og vil at folk skal helsa deim på torget og kalla dei rabbi. | And greetings in the markets, and to be called of men, Rabbi, Rabbi. |
| 8 | Men de skal ikkje lata nokon kalla dykk rabbi; for det er ein som er meisteren dykkar, og de er alle brør. | But be not ye called Rabbi: for one is your Master, even Christ; and all ye are brethren. |
| 9 | Og far skal de ikkje kalla nokon på jordi; for de hev ein far, han i himmelen. | And call no man your father upon the earth: for one is your Father, which is in heaven. |
| 10 | Ikkje skal de heller lata nokon kalla dykk lærar; for de hev ein lærar, Kristus. | Neither be ye called masters: for one is your Master, even Christ. |
| 11 | Den største av dykk skal vera den som tener dei andre. | But he that is greatest among you shall be your servant. |
| 12 | For den som gjer seg sjølv stor, han skal gjerast liten, og den som gjer seg sjølv liten, han skal gjerast stor. | And whosoever shall exalt himself shall be abased; and he that shall humble himself shall be exalted. |
| 13 | Men ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de stengjer himmelriket for folk; sjølve gjeng de ikkje inn, og deim som gjerne vilde, let de ikkje få koma inn. | But woe unto you, scribes and Pharisees, hypocrites! for ye shut up the kingdom of heaven against men: for ye neither go in yourselves, neither suffer ye them that are entering to go in. |
| 14 | Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de et upp husi for enkjor og gjer lange bøner for ei syn skuld; for dette skal de få strengare dom. | Woe unto you, scribes and Pharisees, hypocrites! for ye devour widows’ houses, and for a pretence make long prayer: therefore ye shall receive the greater damnation. |
| 15 | Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de fer land og strand og leitar etter ein fylgjesvein, og finn de ein, so gjer de honom til eit helvitesbarn, tvo gonger verre enn de er sjølve. | Woe unto you, scribes and Pharisees, hypocrites! for ye compass sea and land to make one proselyte, and when he is made, ye make him twofold more the child of hell than yourselves. |
| 16 | Ve yver dykk, blinde vegleidarar! de som segjer: «Um ein sver ved templet, so er det ’kje noko, men sver han ved gullet i templet, då er han bunden.» | Woe unto you, ye blind guides, which say, Whosoever shall swear by the temple, it is nothing; but whosoever shall swear by the gold of the temple, he is a debtor! |
| 17 | Dårar og blinde! Kva er størst, gullet, eller templet som gav gullet si vigsla? | Ye fools and blind: for whether is greater, the gold, or the temple that sanctifieth the gold? |
| 18 | og: «Um ein sver ved altaret, so er det ’kje noko, men sver han ved offeret som er på det, då er han bunden.» | And, Whosoever shall swear by the altar, it is nothing; but whosoever sweareth by the gift that is upon it, he is guilty. |
| 19 | Blindingar! Kva er då størst, offeret, eller altaret som vigslar offeret? | Ye fools and blind: for whether is greater, the gift, or the altar that sanctifieth the gift? |
| 20 | For den som då sver ved altaret, sver både ved det og alt som er på det; | Whoso therefore shall swear by the altar, sweareth by it, and by all things thereon. |
| 21 | og den som sver ved templet, sver både ved det og ved honom som bur i det; | And whoso shall swear by the temple, sweareth by it, and by him that dwelleth therein. |
| 22 | og den som sver ved himmelen, sver ved Guds høgsæte og ved honom som sit der. | And he that shall swear by heaven, sweareth by the throne of God, and by him that sitteth thereon. |
| 23 | Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de gjev tiend av mynta og anis og karve, men ansar ikkje det som veg meir i lovi, rettferd og miskunn og truskap. Det skulde ein gjera, og ikkje lata vera hitt heller. | Woe unto you, scribes and Pharisees, hypocrites! for ye pay tithe of mint and anise and cummin, and have omitted the weightier matters of the law, judgment, mercy, and faith: these ought ye to have done, and not to leave the other undone. |
| 24 | Blinde vegleidarar, som silar av myhanken, men svelgjer kamelen! | Ye blind guides, which strain at a gnat, and swallow a camel. |
| 25 | Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de reinskar skåler og fat utanpå, men inni er dei fulle av ran og måteløysa. | Woe unto you, scribes and Pharisees, hypocrites! for ye make clean the outside of the cup and of the platter, but within they are full of extortion and excess. |
| 26 | Blinde farisæarar! Gjer fyrst skåli og fatet reine inni, so vert ho rein utanpå og. | Thou blind Pharisee, cleanse first that which is within the cup and platter, that the outside of them may be clean also. |
| 27 | Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de likjest kalka graver; utanpå er dei væne å sjå til, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap. | Woe unto you, scribes and Pharisees, hypocrites! for ye are like unto whited sepulchres, which indeed appear beautiful outward, but are within full of dead men’s bones, and of all uncleanness. |
| 28 | Soleis er de og utanpå rettferdige å sjå til for folk, men inni dykk er de fulle av hyklarskap og urett. | Even so ye also outwardly appear righteous unto men, but within ye are full of hypocrisy and iniquity. |
| 29 | Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de byggjer minnesmerke yver profetarne og pryder graverne åt dei rettferdige og segjer: | Woe unto you, scribes and Pharisees, hypocrites! because ye build the tombs of the prophets, and garnish the sepulchres of the righteous, |
| 30 | «Hadde me vore til då federne våre livde, so hadde me ikkje vore med deim og drepe profetarne.» | And say, If we had been in the days of our fathers, we would not have been partakers with them in the blood of the prophets. |
| 31 | So vitnar de då um dykk sjølve at de er born åt deim som slo profetarne i hel. | Wherefore ye be witnesses unto yourselves, that ye are the children of them which killed the prophets. |
| 32 | Haldt no fram på same vis som federne dykkar, til målet er fullt! | Fill ye up then the measure of your fathers. |
| 33 | De eiterormar, de slange-ungar, korleis kann de sleppa undan helvitesdomen? | Ye serpents, ye generation of vipers, how can ye escape the damnation of hell? |
| 34 | Sjå, difor sender eg til dykk profetar og vismenner og skriftlærde; sume av dei kjem de til å drepa og krossfesta, og sume til å hudfletta i synagogorne dykkar og jaga frå by til by, | Wherefore, behold, I send unto you prophets, and wise men, and scribes: and some of them ye shall kill and crucify; and some of them shall ye scourge in your synagogues, and persecute them from city to city: |
| 35 | so det skal koma yver dykk alt det skuldlause blodet som hev runne på jordi, frå den skuldlause Abel og til Zakarja, son åt Barakias, han som de drap millom templet og altaret. | That upon you may come all the righteous blood shed upon the earth, from the blood of righteous Abel unto the blood of Zacharias son of Barachias, whom ye slew between the temple and the altar. |
| 36 | Det segjer eg dykk for visst: Yver denne ætti skal det koma alt saman. | Verily I say unto you, All these things shall come upon this generation. |
| 37 | Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetarne, og steinar deim som er sende til deg, kor tidt hev eg ’kje vilja samla borni dine kring meg, liksom ein fugl samlar ungarne sine under vengjerne! Men de vilde ikkje. | O Jerusalem, Jerusalem, thou that killest the prophets, and stonest them which are sent unto thee, how often would I have gathered thy children together, even as a hen gathereth her chickens under her wings, and ye would not! |
| 38 | Sjå no skal de få hava huset dykkar audt. | Behold, your house is left unto you desolate. |
| 39 | For eg segjer dykk: De fær aldri sjå meg meir fyrr de ropar: «Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!»» | For I say unto you, Ye shall not see me henceforth, till ye shall say, Blessed is he that cometh in the name of the Lord. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL