마태복음 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 23절
- 1 Det var i Betlehem i Judalandet Jesus kom til verdi, i kong Herodes’ dagar. Då kom det nokre vismenner frå Austerlandi til Jerusalem og sagde:
- 2 «Kvar er den jødekongen som nyst er fødd? Me såg stjerna hans i Austerland, og no er me komne og vil hylla honom.»
- 3 Då kongen, Herodes, høyrde det, vart han forfærd, og heile Jerusalem med.
- 4 Han kalla i hop alle dei øvste prestarne og alle skriftlærde i landet, og spurde deim kvar Messias skulde koma til verdi.
- 5 «I Betlehem i Judalandet,» svara dei, «for so stend det skrive hjå profeten:
- 6 «Du Betlehem, du Juda-bygd, av Juda-jarlarne er du visst ikkje ringaste i rang: Or deg ein fyrste skal gå fram som Israel, mitt eige folk, liksom ein hyrding gjæta skal.»»
- 7 Då kalla Herodes vismennerne til seg i løynd, og spurde deim ut um tidi då stjerna hadde synt seg.
- 8 So styrde han deim i veg til Betlehem og sagde: «Far no dit, og høyr dykk vel fyre um barnet, og når de hev funne det, so seg meg til, so eg og kann koma og hylla det!»
- 9 Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i vegen, og best det var, fekk dei sjå den same stjerna som dei hadde set i Austerland; ho for fyre deim, til ho kom uppyver der som barnet var; der vart ho standande.
- 10 Då vismennerne såg stjerna, vart dei so glade at dei aldri hadde vore so glade.
- 11 Dei gjekk inn i huset, og fann barnet hjå mori, Maria. Då fall dei på kne, og hyllte barnet. Og dei let upp skrini, sine og bar fram for det gåvor: gull og røykjelse og myrra.
- 12 Og Gud varsla deim i draume, at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og so tok dei ein annan veg heim att til landet sitt.
- 13 Vel dei var farne, so syner Herrens engel seg for Josef i draume og segjer: «Statt upp! Tak barnet og mori, og røm til Egyptarland, og ver der til eg segjer deg til! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil gjera ende på det.»
- 14 Då stod han upp, og same natti tok han barnet og mori og for til Egyptarland,
- 15 og der vart han verande til Herodes var avliden, so det skulde sannast det som Herren hev tala gjenom profeten, når han segjer: «Or Egyptarland kalla eg min son.»
- 16 Då Herodes såg at vismennerne hadde havt honom til narr, vart han brennande harm. Han sende ut folk og let dei drepa alle guteborn i Betlehem og heile grannelaget på tvo år og derunder, etter den tidi han hadde fenge vita av vismennerne.
- 17 Då vart det sanna det som Jeremia, profeten, hev tala, når han segjer:
- 18 «Dei høyrde ei røyst i Rama - gråt og øying stor: Rakel ho gret for borni sine, og ansa ’kje trøystarord; for burte er dei, burte!»
- 19 Då Herodes var avliden, syner Herrens engel seg i draume for Josef i Egyptarland og segjer:
- 20 «Statt upp! Tak barnet og mori, og far til Israelslandet! For no er dei burte dei som leita etter barnet og vilde taka livet av det.»
- 21 So stod han upp, og tok barnet og mori og for til Israelslandet.
- 22 Men då han fekk spurt at Arkelaus hadde vorte konge i Judariket etter far sin, Herodes, torde han ikkje koma dit. Han gjorde som Gud sagde til honom i draume, og for burt til Galilæa-bygderne,
- 23 og då han kom til ein by som heiter Nasaret, vart han buande der. Soleis skulde det koma til å sannast det som er sagt gjenom profetarne, at han skulde kallast Nasaræar.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗