마태복음 11장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 30절
- 1 Då Jesus hadde sagt alt det han vilde leggja dei tolv læresveinarne på minne, for han burt att, og tok til å læra folk og tala for dei kring i byarne.
- 2 Johannes fekk høyra i fengslet um gjerningarne åt Kristus. Då sende han bod med læresveinarne sine, og spurde honom:
- 3 «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?»
- 4 Jesus svara: «Gakk og seg Johannes kva de høyrer og ser:
- 5 Blinde fær syni si, og halte gjeng ikring, spillsjuke vert reine, og dauve høyrer, daude stend upp att, og fatige fær høyra evangeliet,
- 6 og sæl er den som ikkje styggjest ved meg.»
- 7 Då dei gjekk burt, tok Jesus til å tala til folket um Johannes: «Kvi gjekk de ut i øydemarki? Vilde de sjå ei røyr som svagar att og fram i vinden?
- 8 Kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein mann med fine klæde? Nei, dei som gjeng i fine klæde, held til i kongsgardarne.
- 9 Men kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein profet? Ja, segjer eg dykk, og det ein som er meir enn profet.
- 10 Det er um honom det er skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; der du vil fara, skal han vegen rydja.»
- 11 Det segjer eg dykk for sant: Aldri hev det stige fram nokon større millom menneskjeborni enn Johannes døyparen; og endå er den minste i himmelriket større enn han.
- 12 Men frå Johannes døyparens tid og til denne stund bryt folk seg med magt inn i himmelriket, og dei som bryt seg inn, riv det til seg.
- 13 For alle profetarne og lovi spådde alt til Johannes kom;
- 14 og vil de tru det, so er han Elia som skulde koma.
- 15 Høyr etter, kvar som høyra kann!
- 16 Kven skal eg likna denne ætti med? Dei likjest born som sit på torget og ropar til andre born:
- 17 «Me let i fløyta for dykk, og de dansa ikkje; me song eit syrgjekvæde, og de øya ikkje.»
- 18 For fyrst kom Johannes, og korkje åt eller drakk; då sagde dei: «Han må vera forgjord!»
- 19 So kom Menneskjesonen; han et og drikk, og so segjer dei: «Sjå for ein etar og drikkar! Han er godvener med tollmenner og syndarar!» Men visdomen hev prova si rettferd med sine gjerningar.»
- 20 So tok han til å lasta dei byarne som han hadde gjort flest under i, for di dei ikkje vende um:
- 21 «Ve yver deg, Korasin! Ve yver deg, Betsaida! Hadde dei underi som eg gjorde i dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, so hadde dei longe angra og havt på seg sekk og oska.
- 22 Men det segjer eg dykk: På domedag skal det ganga Tyrus og Sidon likare enn dykk.
- 23 Og du, Kapernaum, som hev vore lyft upp til himmelen, til helheimen skal du støytast ned! For hadde dei underi som er gjorde i deg, vore gjorde i Sodoma, so hadde han stade til denne dag.
- 24 Men det segjer eg dykk: På domedag skal det ganga Sodomalandet likare enn dykk.»
- 25 I den same tidi tok Jesus til ords og sagde: «Eg lovar deg, Fader, du som råder yver himmelen og jordi, at du hev løynt dette for dei lærde og kloke, og openberra det for dei ulærde og barnslege!
- 26 Ja, Fader, for soleis tykte du det best!
- 27 Alt hev far min gjeve i mine hender. Og ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og dei som Sonen vil openberra det for.
- 28 Kom til meg, alle de som slit og hev tungt å bera! hjå meg skal de få kvila dykk ut.
- 29 Tak mitt ok på dykk, og lær av meg! for eg er mild og mjuk i hjarta, og de skal finna kvild for sjælerne dykkar.
- 30 For mitt ok er godt, og mi byrd er lett.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗