마가복음 7장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마가복음 (Mark) · 37절
- 1 Farisæarane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg ein gong kring Jesus.
- 2 For dei hadde set at nokre av læresveinarne hans åt maten sin med ureine - dei meinte: utvegne hender;
- 3 og farisæarane og alle jødar tvær alltid henderne vel fyrr dei et; det er ein skikk dei hev frå dei gamle, og den held dei seg etter;
- 4 og når dei kjem frå torget, et dei ikkje fyrr dei hev skvett vatn yver seg; og mykje anna er det som hev vorte sed og skikk hjå deim, som å skylja koppar og krus og koparkjelar og benkjer.
- 5 So kom då farisæarane og dei skriftlærde og spurde honom: «Kvi fylgjer ikkje læresveinarne dine dei skikkarne me hev frå dei gamle, men et maten sin med ureine hender?»
- 6 Han svara: «Jesaja spådde sant um dykk, de hyklarar, som det stend skrive: «Med lipporn’ lovar dei meg, denne lyden, Men hugen deira han er langt ifrå meg.
- 7 D’er liten mun i at dei meg vil æra, Når det dei lærer folk er mannebod.»
- 8 De ansar ikkje Guds bod, men held dykk etter menneskjelærdom.
- 9 Å jau, det er rett fint åtfare,» sagde han, «at de gjer Guds bod um inkje, so de kann fylgja skikkarne dykkar!
- 10 Moses hev sagt: «Du skal æra far din og mor di!» og: «Den som bannar far sin eller mor si, skal døy!»
- 11 Men de segjer: «Når ein mann talar so til far sin eller mor si: «Det som eg kunde ha hjelpt deg med, skal vera ein korban» - det er: ei tempelgåva -
- 12 so let de honom ikkje lenger få lov til å gjera noko for foreldri sine.
- 13 Soleis gjer de Guds ord um inkje med skikkarne dykkar, som de hev lært folk. Og slikt gjer de mykje av.»
- 14 So kalla han folket til seg att og sagde med deim: «Høyr på meg alle, og tenk på det eg segjer!
- 15 Det finst ingen ting utanfor menneskjet som kann gjera honom urein um det kjem inn i honom; men det som kjem ut or menneskjet, det er det som gjer honom urein.
- 16 Høyr etter, kvar som høyra kann!»
- 17 Då han var komen inn og hadde skilst ifrå folket, spurde læresveinarne honom um dette ordtøket.
- 18 «Er de og so uvituge?» svara han. «Skynar de ’kje at det som kjem inn i menneskjet utantil, kann aldri gjera honom urein?
- 19 For det kjem ikkje inn i hjarta hans, men i buken, og fer ut der det skal; soleis vert all føda rein.
- 20 Men det som gjeng ut or menneskjet,» sagde han, «det gjer honom urein.
- 21 For innantil, or menneskjehjarta, kjem dei vonde tankarne: lauslivnad, tjuvskap, manndråp,
- 22 egteskapsbrot, girugskap, vondskap, svik, ukjurskap, ovund, gudsspotting, ovmod, vitløysa.
- 23 Alt dette vonde kjem innantil, og gjer menneskjet ureint.»
- 24 So tok han ut derifrå, og for burt til Tyrus-bygderne. Der gjekk han inn ein stad, og vilde ikkje nokon skulde vita det; men det kunde ikkje dyljast.
- 25 Ei kona hadde ei liti dotter som det var ei urein ånd i; då ho fekk høyra um honom, kom ho straks og kasta seg ned for føterne hans;
- 26 det var ei heidningkona, av syro-fønikisk ætt. Og ho bad at han vilde driva den vonde åndi ut or dotter hennar.
- 27 «Lat fyrst borni få eta seg mette!» svara han; «det er ’kje vænt å taka brødet frå borni og kasta det for hund-ungarne.»
- 28 «Jau, Herre,» svara ho; «små-hundarne et då og under bordet av smularne etter borni.»
- 29 Då sagde Jesus: «For det ordet skuld kann du ganga heim att; den vonde åndi hev fare ut or dotter di.»
- 30 Då ho so kom heim, fann ho barnet liggjande på sengi, og åndi hadde fare ut.
- 31 Då han tok ut att frå Tyrus-bygderne, for han um Sidon til Galilæasjøen, midt igjenom Dekapolis-bygdi.
- 32 Då kom dei til honom med ein som var dauv og godtsom mållaus, og bad han vilde leggja henderne på honom.
- 33 Jesus tok honom til sides, burt ifrå folkehopen, stakk fingrarne sine i øyro hans, og vætte tunga hans med råke av munnen sin.
- 34 So såg han upp imot himmelen og sukka, og sagde til honom: «Effata!» - det er: «Lat deg upp!»
- 35 Då vart øyro hans upplatne, bandet losna av tunga, og han tala klårt.
- 36 Jesus forbaud deim å segja det med nokon. Men di meir han forbaud det, di meir bar dei det utyver.
- 37 Dei var reint tekne og sagde: «Han hev gjort alt vel! dei dauve gjev han høyrsel, og dei mållause mæle.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗