마가복음 14장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마가복음 (Mark) · 72절
- 1 No var det berre tvo dagar att til påske- og søtebrødhelgi. Og dei øvste prestarne og dei skriftlærde leita etter ei råd til å gripa Jesus med list og slå honom i hel.
- 2 «For på høgtidi torer me ikkje gjera det,» sagde dei; «elles kunde det verta upplaup blant folket!»
- 3 Med Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon, og sat til bords, kom det inn ei kvinna med ei alabaster-krukka full av egte, dyr nardesalve. Ho braut sund krukka og helte salven ut yver hovudet hans.
- 4 Då var det nokre som vart harme og sagde seg imillom: «Kva skulde den salve-øydingi vera til?
- 5 Salven kunde vore seld for yver femti dalar og gjeven til dei fatige.» Og dei tala kvast til henne.
- 6 Då sagde Jesus: «Lat henne vera i fred! Kvi er de so leide med henne? Det var vænt gjort det ho gjorde med meg.
- 7 Dei fatige hev de alltid hjå dykk, og når de vil, kann de gjera vel imot deim; men meg hev de ikkje alltid.
- 8 Ho gjorde det ho kunde; med denne salven budde ho likamen min fyre jordferdi.
- 9 Og det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi evangeliet vert kunngjort, der skal dei og nemna det ho hev gjort, til minne um henne.»
- 10 Judas Iskariot, den eine av dei tolv, gjekk til dei øvste prestarne og baud seg til å gjeva Jesus i henderne deira.
- 11 Då dei høyrde det, vart dei glade, og lova dei skulde gjeva honom pengar, og sidan lurde han korleis han med tid og høve skulde få gjeve Jesus yver til deim.
- 12 Den fyrste dagen i søtebrødhelgi - då påskelambet vart slagta - sagde læresveinarne med Jesus: «Kvar vil du me skal ganga av og laga til påskemålet for deg?»
- 13 Då sende han tvo av læresveinarne i veg, og sagde til deim: «Gakk inn i byen! Der møter de ein mann som ber ei krukka med vatn; honom skal de fylgja,
- 14 og der han gjeng inn, skal de segja med husbonden: «Meisteren helsar: Kvar er romet mitt, der eg kann eta påskemålet med læresveinarne mine?»
- 15 Då syner han dykk ein stor sal, som stend ferdig med duka bord; der skal de stella til måltidi for oss.»
- 16 So gjekk læresveinarne av stad, og då dei kom inn i byen, fann dei det so som han hadde sagt, og dei laga til påskelambet.
- 17 Då det leid mot kvelden, kom Jesus med dei tolv,
- 18 og då dei hadde sett seg til bords, sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg, ein som et i lag med meg.»
- 19 Då tok dei til å stura, og spurde honom, ein for ein: «Det er vel ’kje eg?»
- 20 «Det er ein av dykk tolv, svara han, «den som duppar med meg i fatet.
- 21 Menneskjesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um honom, men ve yver den mannen som veld at Menneskjesonen vert gjeven i fiendehand! Best for den mannen um han aldri var fødd!»
- 22 Med dei sat til bords, tok han brødet, signa det og braut det, og gav deim og sagde: «Tak det! Dette er likamen min.»
- 23 So tok han ein kalk, takka og gav deim, og dei drakk alle av kalken.
- 24 Og han sagde med deim: Dette er blodet mitt, paktblodet, som renn for mange.
- 25 Det segjer eg dykk for sant: Eg skal ikkje oftare drikka av druvesafti, fyrr den dagen kjem då eg drikk henne ny i Guds rike.»
- 26 Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.
- 27 Og Jesus sagde: «De kjem alle til å styggjast ved meg. For det stend skrive: «Hyrdingen slær eg i hel, og sauern’ skal spreidast ikring.»
- 28 Men når eg hev stade upp att, skal eg ganga fyre dykk til Galilæa.»
- 29 Då sagde Peter: «Um so alle styggjest, so skal ikkje eg.»
- 30 «Det segjer eg deg for sant,» svara Jesus: «No i denne natt, fyrr hanen hev gale tvo gonger, skal du avneitta meg tri gonger.»
- 31 Men han tok endå sterkare i og sagde: «Um eg so lyt døy med deg, skal eg ikkje avneitta deg!» Det same sagde dei alle.
- 32 So kom dei til ein stad som heiter Getsemane. Då segjer han til læresveinarne sine: «Sit her med eg bed!»
- 33 Og han tok med seg Peter og Jakob og Johannes, og tok til å ottast og kvida seg.
- 34 Og han sagde til deim: «Hjarta mitt er so fullt av sorg - det er som det vilde bresta. Ver her og vak!»
- 35 So gjekk han eit lite stykke fram og kasta seg ned på jordi, og bad at denne stundi måtte skrida framum honom, um det var råd.
- 36 «Abba» - Fader - sagde han, «alt er mogelegt for deg; tak denne skåli frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»
- 37 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna. Då sagde han til Peter: «Simon, søv du? Var du ’kje god til å vaka ein time?
- 38 Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.»
- 39 So gjekk han burt att og bad den same bøni.
- 40 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn. Og dei visste ikkje kva dei skulde svara honom.
- 41 So kom han tridje gongen, og sagde til deim: «De søv og kviler, de! Det er nok! Timen er komen. No skal Menneskjesonen gjevast i henderne på syndarar.
- 42 Statt upp og lat oss ganga! Svikaren er ’kje langt undan!»
- 43 Og straks - fyrr han hadde tala ut, kjem Judas, ein av dei tolv, og med honom ein flokk med sverd og stavar; dei kom frå dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne.
- 44 Svikaren hadde avtala eit teikn med deim og sagt: «Den som eg kysser, han er det: tak honom, og før honom trygt burt!»
- 45 Og med det same han kom, gjekk han fram til honom og sagde: «Rabbi!» og kysste honom.
- 46 Då lagde dei hand på honom og tok honom.
- 47 Men ein av deim som stod innmed, drog sverdet sitt og hogg øyra av tenaren åt øvstepresten.
- 48 Og Jesus tok til ords og sagde: «De kjem med sverd og stavar og tek meg, som eg skulde vera ein røvar.
- 49 Dag etter dag var eg hjå dykk i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje. Men soleis laut skrifterne sannast.»
- 50 Då tok dei alle ut ifrå honom og rømde.
- 51 Ein ung mann fylgde etter honom, og hadde sveipt eit linklæde kring berre kroppen; dei vilde taka honom,
- 52 men han slepte linklædet og rømde naken.
- 53 Dei førde Jesus til øvstepresten, og der samla dei seg alle dei øvste prestarne og styresmennerne og dei skriftlærde.
- 54 Peter fylgde eit langt stykke etter, til han kom inn i garden åt øvstepresten; der vart han sitjande hjå tenarane og vermde seg ved elden.
- 55 Dei øvste prestarne og heile det Høge Rådet leita etter vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt honom frå livet; men dei fekk ’kje noko på honom.
- 56 Det var mange som vitna rangt imot honom, men vitnemåli høvde ikkje i hop.
- 57 Då stod det fram nokre som og vitna rangt imot honom og sagde:
- 58 «Me høyrde honom segja: «Eg skal riva ned dette templet som er gjort med hender, og på tri dagar skal eg byggja eit anna som ikkje er gjort med hender.»»
- 59 Men endå høvde ’kje vitnemåli deira i hop.
- 60 Og øvstepresten reiste seg og steig fram ibland deim og sagde til Jesus: «Svarar du inkje på det som desse vitnar imot deg?»
- 61 Men Jesus tagde og svara ikkje eit ord. Då tok øvstepresten til ords att og spurde honom: «Er du Messias, son åt den Høglova?»
- 62 «Ja, det er eg,» svara Jesus, «og de skal sjå Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Allmagti og koma med himmelskyerne.»
- 63 Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sagde: «Kva skal me med fleire vitne?
- 64 No høyrde de gudsspottingi! Kva tykkjer de?» Dei dømde alle at han var skuldig til å døy.
- 65 Og sume tok til å sputta på honom, og lagde eit plagg yver andlitet hans og slo honom med nevarne og sagde: «Seg kven det var!» Og tenarane tok imot honom med hogg.
- 66 Med Peter var nedi gardsromet, kjem ei av tenestgjentorne hjå øvstepresten,
- 67 og då ho såg Peter, som sat og vermde seg, stirde ho på honom og sagde: «Du var og med denne nasaræaren, Jesus!»
- 68 Men han neitta og sagde: «Eg veit ikkje og skynar ikkje kva du talar um.» So gjekk han ut i fyregarden. Då gol hanen.
- 69 Sidan fekk gjenta sjå honom att, og tok til å segja med deim som stod innmed: «Han der er ein av deim!»
- 70 Men han neitta på nytt lag. Eit lite bel etter sagde dei som stod der på nytt til Peter: «Ja menn er du ein av deim! Du er då ein galilæar!»
- 71 Då tok han til å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje den mannen de talar um.»
- 72 Og i det same gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det ordet som Jesus hadde sagt til honom: Fyrr hanen hev gale tvo gonger, skal du avneitta meg tri gonger. Og han tok det til hjarta og gret.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗