마가복음 11장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마가복음 (Mark) · 33절
- 1 Då dei kom burtimot Jerusalem, til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus tvo av læresveinarne sine i veg og sagde til deim:
- 2 «Gakk burt i den grendi som ligg beint framfor dykk! Med det same de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det endå aldri hev sete noko menneskje på; den skal de løysa og koma hit med!
- 3 Og dersom nokon segjer med dykk: «Kvi gjer de det?» so skal de svara: «Herren treng um honom, og sender honom straks attende.»»
- 4 So gjekk dei og fann folen; han stod bunden uti gata attmed ei dør, og dei løyste honom.
- 5 Nokre folk som stod der, sagde til deim: «Kva gjer de? løyser de folen?»
- 6 Dei svara so som Jesus hadde sagt; då let folket deim ganga.
- 7 So kom dei til Jesus med folen og lagde kjolarne sine på honom, og Jesus sette seg uppå.
- 8 Og mange breidde klædi sine på vegen, andre strådde lauv, som dei hadde henta frå marki.
- 9 Og dei som gjekk fyre, og dei som fylgde etter, ropa: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!
- 10 Velsigna vere vår fader Davids rike som kjem! Hosianna i det høgste!»
- 11 So kom han til Jerusalem og gjekk inn i templet. Der såg han seg ikring allstad; men då det tok til å kvelda, gjekk han ut til Betania med dei tolv.
- 12 Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, kjende han seg svolten.
- 13 Langt burte såg han eit fiketre med lauv på; han gjekk burtåt, og vilde sjå um han kunde finna noko på det; men då han kom dit, fann han ’kje anna enn lauv; for det var ikkje tidi for fikor.
- 14 Då tala han til treet og sagde: «Gjev aldri i verdi nokon må koma til å eta frukt av deg meir!» Og det høyrde læresveinarne på.
- 15 Då dei kom til Jerusalem, gjekk han inn i templet og tok til å driva ut deim som handla i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkarne åt deim som selde duvor,
- 16 og let ingen få lov til å bera nokon reidskap gjenom templet.
- 17 Og han lærde deim og sagde: «Stend det ’kje skrive: «Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk?» Men de hev gjort det til eit røvarbol.»
- 18 Dei øvste prestarne og dei skriftlærde fekk høyra det, og lurde på korleis dei skulde få teke livet av honom; dei var rædde honom; for alle folk var hugtekne av læra hans.
- 19 Men når det leid til kvelds, gjekk han alltid ut or byen.
- 20 Då dei tidleg um morgonen gjekk framum fiketreet, såg dei at det hadde turka radt ifrå roti.
- 21 Peter kom i hug dei ordi Jesus hadde lyst, og sagde: «Meister, sjå fiketreet som du banna, hev turka!»
- 22 Då tok Jesus til ords og sagde: «Hav tru til Gud!
- 23 Det segjer eg dykk for sant: Um nokon segjer til dette fjellet: Lyft deg upp og kasta deg ut i havet! og ikkje hev tvil i hjarta, men trur at det vil ganga som han segjer, so skal det ganga som han vil.
- 24 Difor segjer eg dykk: Kva de bed um og ynskjer etter, so tru visst at de alt hev fenge det - då fær de det!
- 25 Og når de stend og bed, og hev noko imot einkvan, so tilgjev honom det! Då skal og far dykkar i himmelen tilgjeva dykk for misgjerningarne dykkar!
- 26 Men um de ikkje tilgjev, skal ikkje heller far dykkar i himmelen tilgjeva dykkar misgjerningar.»
- 27 So kom dei til Jerusalem att. Og med han gjekk ikring i templet, kom dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne burt til honom
- 28 og sagde: «Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven gav deg retten til å gjera det?»
- 29 «Eg vil spyrja dykk um ein ting,» sagde Jesus. «Svara meg, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette:
- 30 Var dåpen åt Johannes frå himmelen eller frå menneskje? Svara meg!»
- 31 Då lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom då ikkje?»
- 32 Lat oss heller svara: «Frå menneskje!»» men det torde dei ikkje for folket; for alle trudde at Johannes var retteleg ein profet.
- 33 So svara dei honom: «Det veit me ikkje.» «Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette,» sagde Jesus.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗