로마서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 로마서 (Romans) · 31절
- 1 Kva fyremun hev so jøden? eller kva gagn er det i umskjeringi?
- 2 Mykje i alle måtar! fyrst og fremst det at Guds ord vart gjeve deim til i vareign.
- 3 For korleis er det? um sume var utrue, skulde då deira utruskap gjera Guds truskap til inkjes?
- 4 Nei, langt ifrå! Lat det standa fast at Gud er sannordig, men kvart menneskje ein ljugar, som skrive stend: «At du må finnast rettferdig i dine ord, og vinna når du fører di sak.»
- 5 Men um vår urettferd syner Guds rettferd, kva skal me då segja? Er vel Gud urettferdig når han fører vreiden sin yver oss? Eg talar på menneskjevis.
- 6 Nei, langt ifrå! Korleis kunde då Gud døma verdi?
- 7 Ja, men um no Guds sannleik ved mi lygn synte seg ovstor til hans æra, kvi vert då eg endå dømd som ein syndar?
- 8 Og skal me ikkje då - som me vert spotta for, og som sume segjer at me lærer - gjera det vonde, so det gode kann koma utav det? Rettferdig er den domen som slike fær yver seg.
- 9 Kva då? Hev me nokon fyremun? Nei, slett ikkje; for me hev fyrr klaga både jødar og grækarar for at dei er under synd alle saman,
- 10 so som skrive stend: «Det finst ingen rettferdig, ikkje ein heller;
- 11 det finst ikkje den som er vitug, det finst ikkje den som søkjer Gud.
- 12 Alle er avvikne, dei er udugande vortne alle saman; det finst ikkje nokon som gjer godt, det finst ikkje ein einaste.
- 13 Ei opna grav er strupen deira, med tungorne sine gjorde dei svik, orme-eiter er under lipporne deira.
- 14 Deira munn er full av bannskap og beiska.
- 15 Deira føter er snare til å spilla blod.
- 16 Øyding og usæla hev deira vegar,
- 17 og freds veg kjenner dei ikkje.
- 18 Ingen age for Gud dei heve for augo.»
- 19 Men me veit at alt det som lovi segjer, det talar ho til deim som hev lovi, so kvar munn skal tagna og all verdi verta saka for Gud,
- 20 sidan inkje kjøt kann verta rettferdiggjort for honom med lovgjerningar; for ved lovi kjem ein til å kjenna synd.
- 21 Men no er Guds rettferd, som lovi og profetarne vitnar um, openberra utan lovi,
- 22 det vil segja Guds rettferd ved tru på Jesus Kristus for alle og yver alle som trur. For det finst inkje skil;
- 23 alle hev synda og vantar æra for Gud,
- 24 med di dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysingi i Kristus Jesus.
- 25 Honom synte Gud fram i blodet hans, som ein nådestol ved trui, til å visa si rettferd, av di han i sitt langmod hadde havt tol med dei synder som fyrr var gjorde -
- 26 til å visa si rettferd i den tid som no er, so han kunde vera rettferdig og gjera den rettferdig som hev trui på Jesus.
- 27 Kvar er so vår ros? Ho er utestengd. Kva lov er det ved? Gjerningslovi? Nei, ved tru-lovi.
- 28 For me held fyre at menneskja vert rettferdiggjord ved tru utan lovgjerningar.
- 29 Eller er Gud berre Gud for jødar? Er han ikkje Gud for heidningar og? Jau, for heidningar og,
- 30 so sant Gud er ein, og han rettferdiggjer dei umskorne av tru, og dei u-umskorne ved tru.
- 31 Gjer me då lovi um inkje med trui? Nei, langt ifrå; me stadfester lovi.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗