로마서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 로마서 (Romans) · 32절
- 1 Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel, utkåra til å forkynna Guds evangelium,
- 2 som han lova fyreåt gjenom profetarne sine i heilage skrifter,
- 3 um Son hans, som etter kjøtet er komen av Davids ætt,
- 4 som etter heilagdoms ånd er sannsynt å vera Guds velduge Son ved uppstoda frå dei daude, Jesus Kristus, vår Herre,
- 5 som me fekk nåde ved og apostel-embætte til å verka lydnad i tru millom alle heidningfolki for hans namn skuld
- 6 - millom deim er de og kalla til Jesus Kristus -
- 7 til alle deim i Rom som Gud elskar, de kalla, heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!
- 8 Fyrst takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, av di trui dykkar er namngjeti i heile verdi.
- 9 For Gud som eg tener i mi ånd i hans Sons evangelium, han er mitt vitne um kor uavlatande eg kjem dykk i hug.
- 10 I bønerne mine bed eg alltid um at eg då endeleg eingong med Guds vilje kunde få lukka til å koma til dykk.
- 11 For eg stundar etter å sjå dykk, so eg kunde få gjeva dykk av eikor åndeleg nådegåva med meg til dykkar styrkjing,
- 12 det vil segja at eg hjå dykk kunde hyggjast saman med dykk ved vår sams tru, dykkar og mi.
- 13 Og eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at eg ofte hev etla meg til å koma til dykk - men eg vart hindra alt til no - so eg kunde hava eikor frukt hjå dykk og, liksom hjå hine heidningfolki.
- 14 Eg stend i skuld både til grækarar og barbarar, både til vise og uvise.
- 15 Soleis er eg på mi sida viljug til å preika evangeliet for dykk og som er i Rom.
- 16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelsa for kvar den som trur, både for jøde fyrst og so for grækar.
- 17 For i det vert Guds rettferd openberra av tru til tru, som skrive stend: «Den rettferdige, av tru skal han liva.»
- 18 For Guds vreide vert openberra frå himmelen yver all gudløysa og urettferdi hjå folk som held att sanningi i urettferd.
- 19 For det som ein kann vita um Gud, ligg i dagen for deim, for Gud hev openberra deim det.
- 20 For hans usynlege grunnhått, både hans ævelege kraft og guddom, er synleg sidan han skapte verdi, då ein kann skyna honom av gjerningarne - so folk skal vera utan orsaking
- 21 når dei, endå dei kjende Gud, like vel ikkje æra eller takka honom som Gud, men vart fåfengde i tankarne sine, og deira uvituge hjarta myrktest.
- 22 Medan dei briska seg med at dei var vise, vart dei dårar,
- 23 og dei bytte den uforgjengelege Guds herlegdom burt for eit bilæte som likjest eit forgjengelegt menneskje og fuglar og firføtte dyr og krjupdyr.
- 24 Difor gav Gud deim yver i deira hjartans lyster til ureinskap, so dei skjemde sine likamar seg imillom,
- 25 dei som bytte burt Guds sanning for lygn, og æra og dyrka skapningen framfor skaparen, han som er velsigna i all æva. Amen.
- 26 Difor gav Gud deim yver til skamlege lyster, for både kvinnorne deira forvende det naturlege bruket til det unaturlige,
- 27 og like eins gjekk mennerne og burt frå det naturlege bruket av kvinna og kveiktest upp i lyst til kvarandre, so menner dreiv skjemdarverk med menner, og fekk på seg sjølve det vederlag for si villferd som rett var.
- 28 Og liksom dei ikkje brydde seg um å eiga Gud i kunnskap, so gav Gud deim yver til ein hug som inkje duger, so dei gjorde det usømelege:
- 29 fulle av all urettferd, vanart, vinnesykja, vondskap, fulle av ovund, mord, trætta, svik, fulkynde,
- 30 øyretutarar, baktalarar, gudhata, valdsmenner, stormodige, storordige, uppfinnsame på vondt, ulyduge mot foreldre,
- 31 uvituge, usætande, ukjærlege, miskunnlause;
- 32 slike som vel kjenner Guds dom, at dei som gjer slikt, er verde dauden, og endå ikkje berre gjer det, men og gjev deim medhald som gjer det.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗