레위기 21장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 레위기 (Leviticus) · 24절
- 1 Og Herren sagde til Moses: «Tala til prestarne, Arons-sønerne, og seg med deim: «Ein prest må ikkje gjera seg urein for landsmennerne sine med å røra noko lik,
- 2 minder det er ein av hans næmaste skyldfolk, anten mor eller far eller son eller dotter eller bror,
- 3 eller ei syster som var møy og endå høyrde til ætti, med di ho ikkje var burtgift; henne kann han koma nær, um ho ligg lik;
- 4 men ei som var gift kona, må han ikkje røyva; for då gjer han seg urein for landsfolket sitt, og vanhelgar seg.
- 5 Prestane må ikkje raka seg snaude i kruna, og ikkje stytta skjegget sitt, og ikkje skjera seg i holdet.
- 6 Heilage skal dei vera for sin Gud, dei må ikkje vanhelga namnet hans; for det er dei som ber fram eldofferi åt Herren, maten åt deira Gud; di skal dei vera heilage.
- 7 Ingen av deim må gifta seg med ei skjøkja eller ei kvinna som er utskjemd, heller ikkje med ei som er skild frå mannen sin; heilag skal presten vera for sin Gud,
- 8 og du skal halda honom heilag; for det er han som ber fram maten åt din Gud: heilag skal han vera deg; for eg er heilag, eg, Herren, som helgar dykk.
- 9 Og dersom ei prestedotter skjemdar seg med ulivnad, so vanhelgar ho far sin: ho skal brennast på bål.
- 10 Den presten som er yver alle brørne sine, han som fær salvingsoljen på hovudet sitt, og vert vigd til øvsteprest og klædd i den heilage bunaden, han må ikkje ganga med uflitt hår, og ikkje riva sund klædi sine.
- 11 Han må ikkje ganga inn til noko lik; ikkje far eller mor di heller må han koma nær, etter dei hev andast; for då vert han urein.
- 12 Han må ikkje ganga ut or det heilage huset, so han vanhelgar heilagdomen åt sin Gud; for vigsla av Guds salvingsolje er yver honom. Eg er Herren!
- 13 Han skal taka ei rein møy til kona.
- 14 Ei enkja, eller ei kvinna som er fråskild eller utskjemd, eller ei skjøkja, slik ei må han aldri gifta seg med. Berre ei møy av folket sitt må han egta;
- 15 elles vanhelgar han ætti si millom folket. Kom i hug: det er eg, Herren, som hev helga honom!»»
- 16 Og Herren tala meir til Moses, og sagde:
- 17 «Tala til Aron og seg: «Er det nokon av ætti di no eller i komande tider, som hev eit lyte, so må han ikkje ganga innåt og bera fram maten åt sin Gud.
- 18 Ingen som det er noko lyte på, må ganga innåt, ingen som er blind eller halt eller haremynt, eller hev ein vanskapt lem
- 19 eller ein broten fot eller arm,
- 20 eller som er krylryggja eller skinnturr, eller som hev ein kvit flekk på augnesteinen, eller hev skabb eller gardorm eller slit i pungarne.
- 21 Ingen etterkomar av Aron, presten, som hev noko lyte, må ganga innåt og bera fram eldofferi åt Herren; det er lyte på honom: han må ikkje ganga innåt og bera fram maten for sin Gud.
- 22 Han må nok eta av retterne åt sin Gud, både dei høgheilage og dei heilage;
- 23 men etter di det er lyte på honom, må han ikkje ganga fram til forhenget, og ikkje koma innåt altaret; for då vanhelgar han heilagdomarne mine. Kom i hug: det er eg, Herren, som hev helga deim.»»
- 24 Og Moses sagde alt dette til Aron og sønerne hans og til heile Israels-lyden.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗