레위기 10장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 레위기 (Leviticus) · 20절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Men tvo av Arons-sønerne, Nadab og Abihu, tok kvar sitt glodfat og hadde gløder i, og lagde røykjelse på gløderne, og bar framand eld fram for Herrens åsyn, det som han hadde forbode deim. | And Nadab and Abihu, the sons of Aaron, took either of them his censer, and put fire therein, and put incense thereon, and offered strange fire before the Lord, which he commanded them not. |
| 2 | Då for det eld ut frå Herren og tynte deim, og dei døydde for Herrens åsyn. | And there went out fire from the Lord, and devoured them, and they died before the Lord. |
| 3 | Og Moses sagde med Aron: «Dette var det Herren meinte då han sagde: «Min heilagdom eg syner på deim som er meg næst, og alt folket let eg mitt velde lysa fram.»» Og Aron tagde. | Then Moses said unto Aaron, This is it that the Lord spake, saying, I will be sanctified in them that come nigh me, and before all the people I will be glorified. And Aaron held his peace. |
| 4 | Men Moses ropa på Misjael og Elsafan, sønerne hans Uzziel, som var farbror åt Aron, og sagde med deim: «Kom hit, og ber frendarne dykkar burt frå heilagdomen og ut or lægret!» | And Moses called Mishael and Elzaphan, the sons of Uzziel the uncle of Aaron, and said unto them, Come near, carry your brethren from before the sanctuary out of the camp. |
| 5 | So kom dei, og gjorde som Moses sagde, og bar deim ut or lægret i kjolarne deira. | So they went near, and carried them in their coats out of the camp; as Moses had said. |
| 6 | Og Moses sagde til Aron og til Eleazar og Itamar, sønerne hans: «De skal ikkje ganga med uflitt hår og ikkje riva sund klædi dykkar; for då kjem de til å missa livet, og han vert vreid på heile lyden. Men brørne dykkar, heile Israels-ætti, må gråta yver den elden som Herren sende. | And Moses said unto Aaron, and unto Eleazar and unto Ithamar, his sons, Uncover not your heads, neither rend your clothes; lest ye die, and lest wrath come upon all the people: but let your brethren, the whole house of Israel, bewail the burning which the Lord hath kindled. |
| 7 | Og frå møtetjelddøri må de ikkje røyva dykk, so sant de ikkje vil missa livet; for Herrens salvingsolje er på dykk.» Og dei gjorde som Moses sagde. | And ye shall not go out from the door of the tabernacle of the congregation, lest ye die: for the anointing oil of the Lord is upon you. And they did according to the word of Moses. |
| 8 | Og Herren tala til Aron, og sagde: | And the Lord spake unto Aaron, saying, |
| 9 | «Vin eller nokon sterk drykk må du og sønerne dine ikkje drikka, når de gjeng inn i møtetjeldet; for då kjem de til å missa livet. Det skal vera ei æveleg lov for deg og etterkomarane dine, | Do not drink wine nor strong drink, thou, nor thy sons with thee, when ye go into the tabernacle of the congregation, lest ye die: it shall be a statute for ever throughout your generations: |
| 10 | so de kann skilja millom heilagt og vanheilagt og millom ureint og reint, | And that ye may put difference between holy and unholy, and between unclean and clean; |
| 11 | og læra Israels-folket alle dei bodi som Herren hev late Moses kunngjera for deim». | And that ye may teach the children of Israel all the statutes which the Lord hath spoken unto them by the hand of Moses. |
| 12 | Sidan sagde Moses til Aron og til Eleazar og Itamar, deim av sønerne hans som var i live: «Tak det som er att av dei grjonofferi det hev bore fram for Herren, og et det usyrte frammed altaret; for det er høgheilagt. | And Moses spake unto Aaron, and unto Eleazar and unto Ithamar, his sons that were left, Take the meat offering that remaineth of the offerings of the Lord made by fire, and eat it without leaven beside the altar: for it is most holy: |
| 13 | De skal eta det på ein heilag stad; det er det som du og sønerne dine hev rett til av offergåvorne åt Herren; for so hev Herren sagt med meg. | And ye shall eat it in the holy place, because it is thy due, and thy sons’ due, of the sacrifices of the Lord made by fire: for so I am commanded. |
| 14 | Og svingebringa og lyftelåret skal de og eta på ein rein stad, du og sønerne og døtterne dine med deg; for det er den luten som er gjeven deg og borni dine av takkofferi frå Israels-folket. | And the wave breast and heave shoulder shall ye eat in a clean place; thou, and thy sons, and thy daughters with thee: for they be thy due, and thy sons’ due, which are given out of the sacrifices of peace offerings of the children of Israel. |
| 15 | Både lyftelåret og svingebringa skal dei bera fram i hop med offerfeittet, og svinga det att og fram for Herrens åsyn; sidan skal det høyra deg og borni dine til, og vera retten dykkar æveleg og alltid, soleis som Herren hev sagt.» | The heave shoulder and the wave breast shall they bring with the offerings made by fire of the fat, to wave it for a wave offering before the Lord; and it shall be thine, and thy sons’ with thee, by a statute for ever; as the Lord hath commanded. |
| 16 | Då Moses tok til å spyrja etter syndofferbukken, fekk han vita at han var uppbrend. Då vart han harm på Eleazar og Itamar, deim som var att av sønerne hans Aron, og han sagde: | And Moses diligently sought the goat of the sin offering, and, behold, it was burnt: and he was angry with Eleazar and Ithamar, the sons of Aaron which were left alive, saying, |
| 17 | «Kvi hev de ikkje ete syndofferet på den heilage staden? De veit då det er høgheilagt, og han hev gjeve dykk det på den måten at de skal taka burt syndeskuldi frå lyden og gjera soning for deim hjå Herren. | Wherefore have ye not eaten the sin offering in the holy place, seeing it is most holy, and God hath given it you to bear the iniquity of the congregation, to make atonement for them before the Lord? |
| 18 | Blodet vart ikkje bore innar i heilagdomen; difor skulde de ha ete offerkjøtet på den heilage staden, som eg sagde dykk.» | Behold, the blood of it was not brought in within the holy place: ye should indeed have eaten it in the holy place, as I commanded. |
| 19 | Då svara Aron: «Du veit at dei i dag hev bore fram syndofferet og brennofferet sitt for Herrens åsyn, og endå hev slik ei ulukka hendt meg. Um eg no hadde ete syndoffer i dag, trur du då Herren hadde tykt vel um det?» | And Aaron said unto Moses, Behold, this day have they offered their sin offering and their burnt offering before the Lord; and such things have befallen me: and if I had eaten the sin offering to day, should it have been accepted in the sight of the Lord? |
| 20 | Då Moses høyrde det, tykte han det var rett. | And when Moses heard that, he was content. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL