로그인

디모데전서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 디모데전서 (1 Timothy) · 20절 · 대역: King James Version

절Studentmållagsbibelen frå 1921King James Version
1 Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von, Paul, an apostle of Jesus Christ by the commandment of God our Saviour, and Lord Jesus Christ, which is our hope;
2 til Timoteus, min egtefødde son i trui: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre! Unto Timothy, my own son in the faith: Grace, mercy, and peace, from God our Father and Jesus Christ our Lord.
3 Som eg bad deg vera att i Efesus, då eg for til Makedonia, for at du skulde bjoda sume folk at dei ikkje skal fara med framand læra, As I besought thee to abide still at Ephesus, when I went into Macedonia, that thou mightest charge some that they teach no other doctrine,
4 og ikkje ansa eventyr og endelause ættartal, som heller fører til stridsspursmål enn til å vera Guds hushaldarar i trui: so gjer no det! Neither give heed to fables and endless genealogies, which minister questions, rather than godly edifying which is in faith: so do.
5 Men endemålet med bodet er kjærleik av eit reint hjarta og eit godt samvit og ei uskrymta tru, Now the end of the commandment is charity out of a pure heart, and of a good conscience, and of faith unfeigned:
6 som sume hev fare vilt ifrå og vendt seg burt til tomt svall, From which some having swerved have turned aside unto vain jangling;
7 dei som vil vera lovlærarar, endå dei korkje skynar det dei sjølve segjer eller kva det er dei talar so fullvist um. Desiring to be teachers of the law; understanding neither what they say, nor whereof they affirm.
8 Men me veit at lovi er god, dersom nokon brukar henne på lovleg vis, But we know that the law is good, if a man use it lawfully;
9 so han veit dette, at lovi ikkje er sett for ein rettferdig, men for lovlause og agelause, ugudlege og syndarar, vanheilage og ureine, fadermordarar og modermordarar, manndråparar, Knowing this, that the law is not made for a righteous man, but for the lawless and disobedient, for the ungodly and for sinners, for unholy and profane, for murderers of fathers and murderers of mothers, for manslayers,
10 horkarar, syndarar mot naturi, menneskjerøvarar, ljugarar, meineidarar, og um det elles er noko som er imot den heilsame læra, For whoremongers, for them that defile themselves with mankind, for menstealers, for liars, for perjured persons, and if there be any other thing that is contrary to sound doctrine;
11 etter evangeliet um den sæle Guds herlegdom, det som er meg yverlate. According to the glorious gospel of the blessed God, which was committed to my trust.
12 Eg takkar honom som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, at han heldt meg for tru, med di han sette meg til tenesta, And I thank Christ Jesus our Lord, who hath enabled me, for that he counted me faithful, putting me into the ministry;
13 meg som fyrr var ein spottar og forfylgjar og valdsmann, men eg fekk miskunn, av di eg gjorde det uvitande, i vantru, Who was before a blasphemer, and a persecutor, and injurious: but I obtained mercy, because I did it ignorantly in unbelief.
14 og nåden hjå vår Herre viste seg ovleg stor i tru og kjærleik i Kristus Jesus. And the grace of our Lord was exceeding abundant with faith and love which is in Christ Jesus.
15 Sant er det ordet og vel verdt å taka imot, at Kristus Jesus kom til verdi for å frelsa syndarar, og millom deim er eg den største; This is a faithful saying, and worthy of all acceptation, that Christ Jesus came into the world to save sinners; of whom I am chief.
16 men difor fekk eg miskunn, at Jesus Kristus kunde syna alt sitt langmod på meg fyrst, til eit fyredøme for deim som skulde tru på honom til ævelegt liv. Howbeit for this cause I obtained mercy, that in me first Jesus Christ might shew forth all longsuffering, for a pattern to them which should hereafter believe on him to life everlasting.
17 Men den ævelege konge, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud vere pris og æra i all æva! Amen. Now unto the King eternal, immortal, invisible, the only wise God, be honour and glory for ever and ever. Amen.
18 Dette bod legg eg deg på hjarta, min son Timoteus, etter dei spådomar som fyrr er sagde um deg, so du i deim skal strida den gode striden, This charge I commit unto thee, son Timothy, according to the prophecies which went before on thee, that thou by them mightest war a good warfare;
19 med di du hev tru og eit godt samvit, som sume hev støytt ifrå seg og lide skipbrot på trui; Holding faith, and a good conscience; which some having put away concerning faith have made shipwreck:
20 imillom deim er Hymenæus og Aleksander, som eg hev gjeve yver til Satan, so dei skal verta tukta til å lata vera å spotta. Of whom is Hymeneus and Alexander; whom I have delivered unto Satan, that they may learn not to blaspheme.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL