데살로니가후서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 데살로니가후서 (2 Thessalonians) · 18절
- 1 Elles, brør, bed for oss at Herrens ord må hava framgang og syna seg herlegt liksom hjå dykk,
- 2 og at me må verta utfria frå dei uliklege og vonde menneskje; for trui er ikkje kvar manns sak.
- 3 Men Herren er trufast, han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde.
- 4 Me hev den tiltru til dykk i Herren, at de både gjer og kjem til å gjera det som me byd dykk.
- 5 Men Herren styre dykkar hjarto til å elska Gud og til å venta på Kristus med tolmod!
- 6 Men me byd dykk, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de held dykk frå kvar ein bror som ferdast uskipeleg og ikkje etter den lærdom som de fekk av oss.
- 7 For de veit sjølve korleis de skal etterfylgja oss; for me livde ikkje uskipeleg millom dykk;
- 8 og me åt ikkje heller brød hjå nokon for inkje, men i strev og møda arbeidde me natt og dag, for at me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla,
- 9 ikkje for det at me ikkje hev rett til det, men at me kunde gjeva dykk eit fyredøme i oss sjølve, so de skulde etterfylgja oss;
- 10 for då me var hjå dykk, baud me dykk og dette, at um nokon ikkje vil arbeida, skal han heller ikkje eta.
- 11 Me høyrer nemleg at sume ferdast uskipeleg millom dykk, so dei ikkje arbeider, men fer med slikt som ikkje kjem deim ved.
- 12 Men slike byd og påminner me i Herren Jesus Kristus, at dei skal arbeida i stilla og eta sitt eige brød.
- 13 Men de, brør, vert ikkje trøytte av å gjera det som godt er!
- 14 Men um nokon ikkje lyder vårt ord her i brevet, so merk dykk honom; hav ikkje samkv me med honom, so han må blygjast!
- 15 og haldt honom ikkje for ein fiende, men påminn honom som ein bror!
- 16 Men han, fredsens Herre, gjeve dykk fred alltid i alle måtar! Herren vere med dykk alle!
- 17 Helsing med mi, Paulus’ hand, som er eit merke i kvart brev. Soleis skriv eg:
- 18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗