느헤미야 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 느헤미야 (Nehemiah) · 32절
- 1 Øvstepresten Eljasib og dei andre prestarne, frendarne hans, gjekk i veg og bygde Saueporten. Dei vigde honom, og sette inn dørerne. So bygde dei fram til Meatårnet, som dei vigde, og fram til Hananeltårnet.
- 2 Attmed deim bygde folk frå Jeriko. Og attmed deim bygde Zakkur Imrison.
- 3 Fiskeporten bygde Sena’a-borni; dei timbra honom upp og sette inn dører og lås og slåer.
- 4 Attmed deim arbeidde Meremot, son åt Uria Hakkosson, med å vøla muren. Attmed han Mesullam, son åt Berekja Mesezabelsson. Attmed honom arbeidde Sadok Ba’anason.
- 5 Og attmed honom arbeidde folket frå Tekoa; men storfolket deira bøygde ikkje nakken sin under arbeidet for Herren sin.
- 6 Gamleporten vølte Jojada Paseahsson og Mesullam Besodjason; dei timbra honom og sette inn dører og lås og slåer.
- 7 Attmed deim arbeidde gibeoniten Melatja og merononiten Jadon med folk frå Gibeon og Mispa, som låg under domsmagti åt jarlen på hi sida elvi.
- 8 Attmed deim arbeidde Uzziel Harhajason med gullsmedarne, og attmed honom Hananja, ein salvehandlar. Det næste stykket av Jerusalem let dei vera, burt til Breidemuren.
- 9 Attmed deim arbeidde Refaja Hursson, hovdingen yver halve heradet kring Jerusalem.
- 10 Attmed honom arbeidde Jedaja Harumafsson utanfor sitt eige hus. Og attmed honom Hattuh Hasabnejason.
- 11 Eit anna stykke vølte Malkia Harimsson og Hassub Pahat-Moabsson; burt til Omnstårnet.
- 12 Attmed deim arbeidde hovdingen yver det andre halve heradet kring Jerusalem, Sallum Hallohesson, saman med døtterne sine.
- 13 Dalporten vølte Hanun og folk frå Zanoah; dei bygde honom og sette inn dører og lås og slåer. Dei bygde og tusund alner av muren burt til Møkporten.
- 14 Og Møkporten vølte Malkia Rekabsson, hovdingen yver heradet Bet-Hakkerem; han bygde honom og sette inn dører og lås og slåer.
- 15 Kjeldeporten vølte Sallun Kol-Hozesson, hovding yver Mispaheradet; han bygde honom, tekte honom, sette inn dører og lås og slåer. Dessutan bygde han muren ved Selahdammen ved kongshagen burt åt dei tropperne som gjeng ned frå Davidsbyen.
- 16 Etter honom arbeidde Nehemia Azbuksson, hovding yver halve Betsurheradet, burt til midt fyre Davids-graverne, til den gravne dammen og til huset for kjemporne.
- 17 Etter honom arbeidde levitarne, under Rehum Banison. Attmed deim arbeidde, for sitt herad, Hasabja, hovding yver halve Ke’ilaheradet.
- 18 Etter honom arbeidde frendarne deira under, Bavvai Henadadsson, hovding yver den andre helvti av Ke’ilaheradet.
- 19 Attmed honom vølte Ezer Jesuason, hovding yver Mispa, eit anna stykke midt fyre uppgangen til våpnhuset i murkråi.
- 20 Etter honom vølte Baruk Zabbaison trottigt eit anna stykke frå murkråi heilt fram til husdøri åt øvstepresten Eljasib.
- 21 Etter honom vølte Meremot, son åt Uria Hakkosson, eit anna stykke frå husdøri åt Eljasib til enden av huset hans.
- 22 Og etter honom arbeidde prestarne, folk frå Jordan-kverven.
- 23 Etter deim arbeidde Benjamin og Hassub utanfor husi sine; etter deim Azarja, son åt Ma’aseja Ananjason, attmed sitt hus.
- 24 Etter honom vølte Binnui Henadadsson eit anna stykke frå huset hans Azarja til murkråi og til hyrna.
- 25 Palal Uzaison vølte stykket midt fyre murkråi og det øvre tårnet, som skyt fram frå kongshuset og høyrer til fangegarden. So kom Pedaja Parosson.
- 26 - Tempelsveinarne budde på Ofel, heilt fram til midt imot Vatsporten mot aust og Framskotstårnet, -
- 27 So vølte Tekoa-folket eit anna stykke frå midt imot det store framskotstårnet og til Ofelmuren.
- 28 Ovanfor Hesteporten arbeidde prestarne, kvar og ein midt imot sitt eige hus.
- 29 Etter deim arbeidde Sadok Immersson midt imot sitt hus; og etter honom Semaja Sekanjason, som hadde vakthaldet ved Austporten.
- 30 Etter honom vølte Hananja Selemjason og Hanun, sette son åt Salaf, eit anna stykke. Etter deim arbeidde Mesullam Berekjason midt fyre koven sin.
- 31 Etter honom arbeidde Malkia, ein av gullsmedarne, heilt fram til huset for tempelsveinarne og kræmarane, midt imot Mynstringsporten og fram til Hyrnesalen.
- 32 Og millom Hyrnesalen og Saueporten arbeidde gullsmedarne og kræmarane.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗