느헤미야 11장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 느헤미야 (Nehemiah) · 36절
- 1 Hovdingarne budde i Jerusalem. Hitt folket drog strå, soleis at tiande kvar mann skulde bu i Jerusalem, den heilage byen, og ni tiandepartar skulde bu i dei hine byarne.
- 2 Folket velsigna alle dei mennerne som friviljugt busette seg i Jerusalem.
- 3 Dette er dei hovdingarne i jarleriket som budde i Jerusalem; men i Juda-byarne budde kvar i sin by der han hadde sin eigedom, vanlege israelitar, prestar, levitar, tempelsveinarne og søner etter Salomos trælar.
- 4 I Jerusalem budde nokre av Juda-sønerne og av Benjamins-sønerne. Av Juda-sønerne: Ataja, son åt Uzzia, son åt Zakarja, son åt Amarja, son åt Sefatja, son åt Mahalalel, av Peres-sønerne,
- 5 og Ma’aseja, son åt Baruk, son åt Kol-Hoze, son åt Hazaja, son åt Adaja, son åt Jojarib, son åt Zakarja, son åt siloniten.
- 6 Peres-sønerne i Jerusalem, var i alt fire hundrad og åtte og seksti stridsmenner.
- 7 Og dette var Benjamins-sønerne: Sallu, son åt Mesullam, son åt Joed, son åt Pedaja, son åt Kolaja, son åt Ma’aseja, son åt Itiel, son åt Jesaja,
- 8 og etter honom Gabbai-Sallai, i alt ni hundrad og åtte og tjuge.
- 9 Joel Zikrison var formannen deira, og Juda Hassenuason var den næst øvste i byen.
- 10 Av prestarne: Jedaja Jojaribsson, Jakin
- 11 og Seraja, son åt Hilkia, son åt Mesullam, son åt Sadok, son åt Merajot, son åt Ahitub, den øvste i Guds hus,
- 12 og brørne deira, som gjorde tenesta i Guds hus, åtte hundrad og tvo og tjuge i alt, og Adaja, son åt Jeroham, son åt Pelalja, son åt Amsi, son åt Zakarja, son åt Pashur, son åt Malkia,
- 13 og brørne hans, ættehovdingar, tvo hundrad og tvo og fyrti, og Amassai, son åt Azarel, son åt Ahzai, son åt Mesillemot, son åt Immer,
- 14 og brørne deira, hundrad og åtte og tjuge dugande menner. Formannen deira var Zabdiel, son åt Haggedolim.
- 15 Av levitarne: Semaja, son åt Hassub, son åt Azrikam, son åt Hasabja, son åt Bunni,
- 16 og Sabbetai og Jozabad, levithøvdingar som styrde med utearbeidet ved Guds hus,
- 17 og Mattanja, son åt Mika, son åt Zabdi, son åt Asaf, fyresongaren, han som tok i med lovsongen i bøni, og Bakbukja, næst-høgst av brørne hans, og Abda, son åt Sammua, son åt Galal, son åt Jedutun.
- 18 Levitarne i den heilage byen var i alt tvo hundrad og fire og åtteti.
- 19 Og portvaktarane: Akkub, Talmon og brørne deira, som heldt vakt ved portarne, i alt hundrad og tvo og sytti.
- 20 Dei andre israelitarne, prestarne og levitarne budde i alle dei andre byarne i Juda, kvar på sin eigedom.
- 21 Men tempelsveinarne budde på Ofel, og Siha og Gispa var formennerne deira.
- 22 Levit-formannen i Jerusalem, ved tenesta i Guds hus, var Uzzi, son åt Bani, son åt Hasabja, son åt Mattanja, son åt Mika, av Asafs-sønerne, songarane.
- 23 Eit kongebod var gjeve um deim, og ein fast skipnad sett åt songarane for kvar dag.
- 24 Petahja, son åt Mesezabel, av sønerne åt Zerah Judason, målbar for kongen alle saker som galdt folket.
- 25 Og ute på landsbygdi budde og ein part av Juda-ætti: i Kirjat-Arba og bygderne der ikring, i Dibon og bygderne der ikring, og i Jekabse’el med sine grender,
- 26 i Jesua og Molada og Bet-Pelet,
- 27 i Hasar-Sual, i Be’erseba med sine bygder,
- 28 og i Siklag, og i Mekona med sine bygder,
- 29 i En-Rimmon og Sora og Jarmut,
- 30 Zanoah, Adullam og bygderne ikring deim, i Lakis og bumarki som høyrde til, og i Azeka med sine bygder. Dei busette seg frå Be’erseba til Hinnomsdalen.
- 31 Benjamins-sønerne hadde sine bustader frå Geba: i Mikmas og Ajja, i Betel med sine bygder,
- 32 i Anatot, Nob, Ananja,
- 33 Hasor, Rama, Gittajim,
- 34 Hadid, Sebojim, Neballat,
- 35 Lod og Ono, Handverkardalen.
- 36 Nokre skift av levitarne som høyrde til Juda, busette seg i Benjamin.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗