누가복음 7장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 누가복음 (Luke) · 50절
- 1 So tala Jesus, og folket lydde på honom; då han hadde tala til endes, gjekk han inn i Kapernaum.
- 2 Ein hovudsmann hadde ein dreng som låg so sjuk at det leid åt med honom, og den drengen heldt han svært gjæv.
- 3 Han hadde høyrt um Jesus, og no sende han nokre av rådsmennerne åt jødarne til honom, og bad at vilde koma og berga livet åt drengen.
- 4 Då dei kom til Jesus, bad dei honom so mykje at han skulde gjera det. «Han er verd at du gjer dette for honom,» sagde dei;
- 5 «for han elskar folket vårt, og det er han som hev bygt synagoga åt oss.»
- 6 Jesus gjekk med deim; men då han ikkje hadde langt att til huset, sende hovudsmannen nokre vener til honom med det bodet: «Herre, du skal ’kje umaka deg! Eg er for ring til at du skulde stiga inn under taket mitt;
- 7 difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men seg eit ord, so guten min vert god att!
- 8 For eg er og ein mann som må lyda deim som større er, og sjølv hev eg hersveinar under meg, og segjer eg til ein av deim: «Gakk!» so gjeng han, og til ein annan: «Kom!» so kjem han, og til tenaren min: «Gjer det!» so gjer han det.»
- 9 Då Jesus høyrde det, undra han seg yver mannen; han snudde seg, og sagde til folket som fylgde honom: «Det segjer eg dykk: Ikkje ein gong i Israel hev eg funne so stor ei tru.»
- 10 Då dei som hovudsmannen hadde sendt, kom attende til huset hans, fekk dei sjå at drengen var god att.
- 11 Snart etter bar det so til at Jesus for til ein by som heiter Nain, og læresveinarne hans og ein stor folkehop var med honom.
- 12 Då han kom nær innåt byporten, såg han at liket av ein ung mann vart bore ut; det var einaste sonen åt ei enkja; og mykje folk frå byen var med henne.
- 13 Då Herren vart var enkja, tykte han hjarteleg synd um henne og sagde til henne: «Gråt ikkje!»
- 14 Han gjekk innåt og tok i båri, og dei som bar, stana. So sagde han: «Unge mann, eg segjer deg: Statt upp!»
- 15 Og med ein gong reiste den daude seg upp og tok til å tala, og han gav honom åt mori.
- 16 Då vart alle tekne av otte; dei lova Gud og sagde: «Ein stor profet hev stade fram millom oss!» og: «Gud hev vitja sitt folk!»
- 17 Og det ordet um honom kom ut yver heile Jødeland og bygderne ikring.
- 18 Alt dette fekk Johannes bod um av læresveinarne sine. Då kalla han tvo av deim til seg,
- 19 og sende deim til Herren med dei ordi: «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?»
- 20 Då mennerne kom til Jesus, sagde dei: «Johannes, døyparen, sender oss til deg og spør: «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?»»
- 21 I same bilet lækte han mange for sjukdomar og plågor og vonde ånder, og mange blinde gav han syni;
- 22 so svara han deim: «Gakk og ber bod til Johannes um det de hev set og høyrt: Blinde fær att syni si, halte gjeng ikring, spilte vert reine, dauve høyrer, daude stend upp att, og fatige fær høyra fagnadbodet;
- 23 og sæl er den som ikkje styggjest ved meg!»
- 24 Då ærendsveinarne åt Johannes var gjengne, tok Jesus til å tala til folket um Johannes: «Kvi gjekk de ut i øydemarki? Vilde de sjå på ei røyr som svagar att og fram i vinden?
- 25 Kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein mann som er klædd i fine klæde? Nei, dei som er gildt klædde og liver sine dagar i ovlivnad, dei held til i kongeslotti.
- 26 Men kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein profet? Ja, segjer eg dykk, og det ein som er meir enn profet.
- 27 Det er um honom det er skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; der du vil fara, skal han vegen rydja.»
- 28 Eg segjer dykk: Det finst ingen større profet millom menneskjeborni enn Johannes; og endå er den minste i Guds rike større enn han.
- 29 Og alt folket som høyrde honom, tollmennerne med, gav Gud rett og tok imot dåpen åt Johannes;
- 30 men farisæarane og dei lovkunnige gjorde Guds råd til inkjes for seg, og tok ikkje imot dåpen hans.
- 31 Kven skal eg då likna folki i denne mannsalderen med? kven er det dei likjest?
- 32 Dei likjest borni som sit på torget og ropar til kvarandre: «Me let i fløyta åt dykk, og de dansa ikkje; me song eit syrgjekvæde, og de gret ikkje.»
- 33 For Johannes døyparen er komen; han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og so segjer de: «Han er forgjord!»
- 34 Menneskjesonen er komen; han et og drikk, og so segjer de: «Sjå for ein etar og drikkar! Han er godvener med tollmenner og syndarar!»
- 35 Men at visdomen hev rett, det hev alle sveinarne hans sanna.»
- 36 Ein av farisæarane bad honom eta hjå seg, og Jesus gjekk heim til honom og sette seg til bords.
- 37 No var det der i byen ei kvinna som hadde livt eit syndefullt liv; då ho fekk vita at han sat til bords hjå farisæaren, kom ho med ei alabaster-krukka full av myrrasalve
- 38 og sette seg gråtande nedmed føterne hans; so tok ho til å væta føterne hans med tårorne sine, og turka deim med håret sitt; og ho kysste føterne hans og smurde deim med myrrasalven.
- 39 Då farisæaren som hadde bede honom til seg såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, so visste han kva det er for ei kvinna som tek i honom, og kva slag menneskje ho er, at ho er ei syndefull kvinna.»
- 40 Då tok Jesus til ords og sagde til honom: «Simon, det er noko eg vil segja deg!» - «Tala, meister!» sagde han.
- 41 «Det var tvo som stod i skuld til ein utlånar; den eine var skuldig hundrad dalar, den andre ti.
- 42 Men dei hadde ikkje noko å greida for seg med, og so ettergav han deim båe skuldi. Kven av deim vil no elska honom mest?»
- 43 «Eg tenkjer, den som han ettergav mest,» svara Simon. «Du dømde rett,» sagde Jesus.
- 44 So snudde han seg mot kvinna og sagde til Simon: «Du ser denne kvinna! Eg kom inn i ditt hus - du gav meg ikkje vatn til føterne mine, men ho vætte føterne mine med tåror, og turka deim med håret sitt;
- 45 du gav meg ingen kyss, men ho hev halde ved og kysst føterne mine frå den stund eg kom inn;
- 46 du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føterne mine med myrrasalve.
- 47 For den skuld segjer eg deg: Tilgjevne er dei mange synderne hennar; difor er det ho elskar so mykje; men den som lite vert tilgjeve, elskar lite.»
- 48 So sagde han til henne: «Tilgjevne er synderne dine!»
- 49 Dei som sat med til bords, tok til å tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?»
- 50 Men han sagde til kvinna: «Trui di hev frelst deg! Gakk heim, og liv sæl.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗