누가복음 11장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 누가복음 (Luke) · 54절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Ein gong var han ein stad og bad; då han heldt upp, sagde ein av læresveinarne til honom: «Herre, lær oss å beda! Det lærde Johannes og sveinarne sine.» | And it came to pass, that, as he was praying in a certain place, when he ceased, one of his disciples said unto him, Lord, teach us to pray, as John also taught his disciples. |
| 2 | Han svara: «Når de bed, skal de segja: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast; lat riket ditt koma; lat viljen din råda på jordi so som i himmelen; | And he said unto them, When ye pray, say, Our Father which art in heaven, Hallowed be thy name. Thy kingdom come. Thy will be done, as in heaven, so in earth. |
| 3 | gjev oss kvar dag vårt daglege brød; | Give us day by day our daily bread. |
| 4 | og forlat oss våre synder, for me og forlet kvar den som er oss skuldig; og før oss ikkje ut i freisting; men frels oss frå det vonde.» | And forgive us our sins; for we also forgive every one that is indebted to us. And lead us not into temptation; but deliver us from evil. |
| 5 | So sagde han til deim: «Um nokon av dykk hev ein ven, og gjeng til han midt på natti og segjer: «Kjære, lån meg tri brødleivar! | And he said unto them, Which of you shall have a friend, and shall go unto him at midnight, and say unto him, Friend, lend me three loaves; |
| 6 | for ein ven hev kome innum meg på ei ferd, og eg hev ’kje noko å setja fram åt honom - | For a friend of mine in his journey is come to me, and I have nothing to set before him? |
| 7 | skulde so han der inne svara: «Gjer meg ikkje slikt bry! Døri er longe stengd, og småborni mine er i seng med meg; eg kann ikkje standa upp og gjeva deg det?» | And he from within shall answer and say, Trouble me not: the door is now shut, and my children are with me in bed; I cannot rise and give thee. |
| 8 | Eg segjer dykk: Um han ikkje stend upp og gjev honom det for di det er hans ven, so ris han upp og gjev honom alt han treng for di han er so tråsøkjen. | I say unto you, Though he will not rise and give him, because he is his friend, yet because of his importunity he will rise and give him as many as he needeth. |
| 9 | Og eg segjer dykk: Bed, so skal de få! Leita, so skal de finna! Banka på, so skal det verta upplate for dykk! | And I say unto you, Ask, and it shall be given you; seek, and ye shall find; knock, and it shall be opened unto you. |
| 10 | For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for. | For every one that asketh receiveth; and he that seeketh findeth; and to him that knocketh it shall be opened. |
| 11 | Finst det nokon far ibland dykk som vilde gjeva son sin ein stein når han bad um brød, eller når han bad um fisk, vilde gjeva honom ein orm i staden for ein fisk, | If a son shall ask bread of any of you that is a father, will he give him a stone? or if he ask a fish, will he for a fish give him a serpent? |
| 12 | eller når han bad um eit egg, vilde gjeva honom ein skorpion? | Or if he shall ask an egg, will he offer him a scorpion? |
| 13 | Når då de som er vonde, veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, kor mykje meir vil so ’kje Faderen frå himmelen gjeva den Heilage Ande åt deim som bed honom?» | If ye then, being evil, know how to give good gifts unto your children: how much more shall your heavenly Father give the Holy Spirit to them that ask him? |
| 14 | Ein gong dreiv han ut ei vond ånd, som var mållaus, og då åndi var utfari, tala den mållause. Folket undra seg, | And he was casting out a devil, and it was dumb. And it came to pass, when the devil was gone out, the dumb spake; and the people wondered. |
| 15 | men sume av deim sagde: Det er Be’elsebul, djevelhovdingen, som hjelper honom til å driva ut djevlar.» | But some of them said, He casteth out devils through Beelzebub the chief of the devils. |
| 16 | Andre vilde freista honom, og bad honom syna deim eit teikn frå himmelen. | And others, tempting him, sought of him a sign from heaven. |
| 17 | Men Jesus visste kva dei hadde i tankar, og sagde til deim: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og eitt hus dett yver hitt. | But he, knowing their thoughts, said unto them, Every kingdom divided against itself is brought to desolation; and a house divided against a house falleth. |
| 18 | Er no Satan og komen i strid med seg sjølv, korleis kann då riket hans standa? - sidan de segjer at det er Be’elsebul som hjelper meg til å driva ut djevlar! | If Satan also be divided against himself, how shall his kingdom stand? because ye say that I cast out devils through Beelzebub. |
| 19 | Og hjelper Be’elsebul meg til å driva ut djevlar, kven fær då dykkar eigne folk hjelp av til å driva deim ut? Difor skal dei vera domarane dykkar. | And if I by Beelzebub cast out devils, by whom do your sons cast them out? therefore shall they be your judges. |
| 20 | Men er det med Guds finger eg driv djevlarne ut, so er då Guds rike kome til dykk. | But if I with the finger of God cast out devils, no doubt the kingdom of God is come upon you. |
| 21 | Når ei kjempa væpna vaktar sin gard, fær han hava alt sitt i fred; | When a strong man armed keepeth his palace, his goods are in peace: |
| 22 | men kjem det ein sterkare og vinn yver honom, so tek han våpni hans, som han sette si lit til, og skifter ut alt han drog av honom. | But when a stronger than he shall come upon him, and overcome him, he taketh from him all his armour wherein he trusted, and divideth his spoils. |
| 23 | Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje sankar med meg, han spreider. | He that is not with me is against me: and he that gathereth not with me scattereth. |
| 24 | Når den ureine åndi fer ut or eit menneskje, flakkar ho gjenom vatslause vidder og leitar etter ein kvilestad, og når ho ingen kvilestad finn, segjer ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flutte ifrå.» | When the unclean spirit is gone out of a man, he walketh through dry places, seeking rest; and finding none, he saith, I will return unto my house whence I came out. |
| 25 | Når ho so kjem dit, finn ho huset feia og fjelga. | And when he cometh, he findeth it swept and garnished. |
| 26 | Då fer ho av stad og tek med seg sju andre ånder, som er argare enn ho er sjølv, og dei gjeng inn og vert buande der, og hev det vore ille med det menneskjet fyrr, so vert det endå verre sidan.» | Then goeth he, and taketh to him seven other spirits more wicked than himself; and they enter in, and dwell there: and the last state of that man is worse than the first. |
| 27 | Medan han tala soleis, var det ei kvinna bland folket som sette i og ropa: «Sælt det livet som bar deg, og det brjostet du saug!» | And it came to pass, as he spake these things, a certain woman of the company lifted up her voice, and said unto him, Blessed is the womb that bare thee, and the paps which thou hast sucked. |
| 28 | Då sagde han: «Sæle er heller dei som høyrer Guds ord og tek vare på det!» | But he said, Yea rather, blessed are they that hear the word of God, and keep it. |
| 29 | Som no folket flokka seg kring honom, tok han til ords og sagde: «Denne ætti er ei vond ætt; dei krev etter teikn, men dei skal ’kje få anna teikn enn Jona-teiknet. | And when the people were gathered thick together, he began to say, This is an evil generation: they seek a sign; and there shall no sign be given it, but the sign of Jonas the prophet. |
| 30 | For liksom Jona vart eit teikn for Nineve-folket, soleis skal og Menneskjesonen vera det for denne ætti. | For as Jonas was a sign unto the Ninevites, so shall also the Son of man be to this generation. |
| 31 | Sudlands-dronningi skal standa fram for domen i hop med mennerne av denne ætti og fordøma deim. For ho kom frå verdsens ende og vilde høyra Salomos visdom, og her er meir enn Salomo. | The queen of the south shall rise up in the judgment with the men of this generation, and condemn them: for she came from the utmost parts of the earth to hear the wisdom of Solomon; and, behold, a greater than Solomon is here. |
| 32 | Nineve-mennerne skal møta for domen i hop med denne ætti og fordøma deim; for dei vende um då Jona tala for deim, og her er meir enn Jona. | The men of Nineve shall rise up in the judgment with this generation, and shall condemn it: for they repented at the preaching of Jonas; and, behold, a greater than Jonas is here. |
| 33 | Den som kveikjer eit ljos, set det ikkje i kjellaren eller under skjeppa, men i staken, so dei som kjem inn, kann sjå ljosken. | No man, when he hath lighted a candle, putteth it in a secret place, neither under a bushel, but on a candlestick, that they which come in may see the light. |
| 34 | Ljoset i likamen, det er auga ditt; når ditt auga er klårt, so er heile din likam og ljos; men er det dimt, so er likamen og myrk. | The light of the body is the eye: therefore when thine eye is single, thy whole body also is full of light; but when thine eye is evil, thy body also is full of darkness. |
| 35 | Sjå då til at ikkje ljoset inni deg er myrker! | Take heed therefore that the light which is in thee be not darkness. |
| 36 | Er so heile likamen ljos, og ingen lut av honom myrk, då vert han upplyst all igjenom, som når ljoset skin på deg med sine strålar.» | If thy whole body therefore be full of light, having no part dark, the whole shall be full of light, as when the bright shining of a candle doth give thee light. |
| 37 | Då han hadde tala ut, bad ein farisæar honom eta dagverd hjå seg. So gjekk han inn der og sette seg til bords. | And as he spake, a certain Pharisee besought him to dine with him: and he went in, and sat down to meat. |
| 38 | Men farisæaren vart forundra då han såg at han ikkje tvo seg fyrst fyre målet. | And when the Pharisee saw it, he marvelled that he had not first washed before dinner. |
| 39 | Då sagde Herren til honom: «Ja, de farisæarar, de reinskar skåler og fat utvendes, men innvendes er de fulle av ran og vondskap. | And the Lord said unto him, Now do ye Pharisees make clean the outside of the cup and the platter; but your inward part is full of ravening and wickedness. |
| 40 | Dårar! Han som gjorde det som er utvendes, gjorde han ’kje det som er innvendes og? | Ye fools, did not he that made that which is without make that which is within also? |
| 41 | Men gjer ei sælebotsgåva av det som inni er; då skal de sjå at alt er reint for dykk! | But rather give alms of such things as ye have; and, behold, all things are clean unto you. |
| 42 | Men ve yver dykk farisæarar! De gjev tiend av mynta og ruta og allslags urter, men legg ikkje vinn på rettferd og gudselsk! Det skulde ein gjera og ikkje lata vera hitt heller. | But woe unto you, Pharisees! for ye tithe mint and rue and all manner of herbs, and pass over judgment and the love of God: these ought ye to have done, and not to leave the other undone. |
| 43 | Ve yver dykk farisæarar! De trår etter å sitja fremst i synagogorne, og vil at folk skal helsa dykk på torgi! | Woe unto you, Pharisees! for ye love the uppermost seats in the synagogues, and greetings in the markets. |
| 44 | Ve yver dykk! De er som ukjennelege graver, folk gjeng på deim og veit ikkje av det!» | Woe unto you, scribes and Pharisees, hypocrites! for ye are as graves which appear not, and the men that walk over them are not aware of them. |
| 45 | Då tok ein av dei lovkunnige til ords og sagde: «Meister, når du segjer slikt, gjeng du oss og for nær!» | Then answered one of the lawyers, and said unto him, Master, thus saying thou reproachest us also. |
| 46 | Jesus svara: «Ve yver dykk lovkunnige og! De lesser svære byrer på folk, og sjølve rører de ’kje byrderne med ein einaste finger. | And he said, Woe unto you also, ye lawyers! for ye lade men with burdens grievous to be borne, and ye yourselves touch not the burdens with one of your fingers. |
| 47 | Ve yver dykk! De byggjer minnesmerke yver profetarne, og det var federne dykkar som slo deim i hel. | Woe unto you! for ye build the sepulchres of the prophets, and your fathers killed them. |
| 48 | So vitnar de då um det som federne dykkar gjorde, og samtykkjer det; for dei slo profetarne i hel, og de byggjer! | Truly ye bear witness that ye allow the deeds of your fathers: for they indeed killed them, and ye build their sepulchres. |
| 49 | Difor sagde og Guds visdom: Eg vil senda profetar og apostlar til deim, og sume av deim skal dei slå i hel, og sume skal dei forfylgja, | Therefore also said the wisdom of God, I will send them prophets and apostles, and some of them they shall slay and persecute: |
| 50 | so alt profetblod som hev runne frå verdi vart grunnlagd, skal hemnast på denne ætti, | That the blood of all the prophets, which was shed from the foundation of the world, may be required of this generation; |
| 51 | frå Abels blod til Zakarjas’ blod, han som let livet millom altaret og gudshuset. Ja, segjer eg dykk, det skal hemnast på denne ætti. | From the blood of Abel unto the blood of Zacharias, which perished between the altar and the temple: verily I say unto you, It shall be required of this generation. |
| 52 | Ve yver dykk lovkunnige! De hev teke burt kunnskapslykelen! Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som vilde inn, fekk de hindra.» | Woe unto you, lawyers! for ye have taken away the key of knowledge: ye entered not in yourselves, and them that were entering in ye hindered. |
| 53 | Då han gjekk ut att, tok dei skriftlærde og farisæarane til å verta fælt nærsøkne og frega honom um mangt og mykje, | And as he said these things unto them, the scribes and the Pharisees began to urge him vehemently, and to provoke him to speak of many things: |
| 54 | alt med dei lurde på honom og vilde få tak i eitkvart ordet frå hans munn. | Laying wait for him, and seeking to catch something out of his mouth, that they might accuse him. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL