로그인

고린도후서 9장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도후서 (2 Corinthians) · 15절 · 대역: King James Version

절Studentmållagsbibelen frå 1921King James Version
1 For å skriva til dykk um hjelpi til dei heilage, det treng eg ikkje, For as touching the ministering to the saints, it is superfluous for me to write to you:
2 for eg kjenner dykkar viljuge hug, som eg rosar dykk for hjå makedonarane, med di eg segjer: «Akaia var ferdigt alt frå i fjor;» og ihugen dykkar tilskunda dei mange. For I know the forwardness of your mind, for which I boast of you to them of Macedonia, that Achaia was ready a year ago; and your zeal hath provoked very many.
3 Men eg sender brørne, so ikkje vår ros yver dykk skal verta til inkjes i dette stykke, men at de, som eg sagde, skal vera ferdige, Yet have I sent the brethren, lest our boasting of you should be in vain in this behalf; that, as I said, ye may be ready:
4 so me - um eg ikkje skal segja de sjølve - ikkje skal få skam av denne tiltru, um det kjem makedonarar med meg og finn dykk uferdige. Lest haply if they of Macedonia come with me, and find you unprepared, we (that we say not, ye) should be ashamed in this same confident boasting.
5 Difor fann eg det naudsynlegt å telja brørne til å ganga i fyrevegen til dykk og fyreåt tilskipa gåva dykkar som fyrr var lova, so at ho kann vera ferdig som ei velsigning og ikkje som ei karg gåva. Therefore I thought it necessary to exhort the brethren, that they would go before unto you, and make up beforehand your bounty, whereof ye had notice before, that the same might be ready, as a matter of bounty, and not as of covetousness.
6 Men det segjer eg: Den som sparleg sår, skal og sparleg hausta; og den som sår med velsigningar, skal og hausta med velsigningar. But this I say, He which soweth sparingly shall reap also sparingly; and he which soweth bountifully shall reap also bountifully.
7 Kvar gjeve som han set seg fyre i hjarta, ikkje med sut eller av tvang! For Gud elskar ein glad gjevar. Every man according as he purposeth in his heart, so let him give; not grudgingly, or of necessity: for God loveth a cheerful giver.
8 Og Gud er megtig til å gjeva dykk all nåde i rikt mål, so de i alle ting alltid kann hava all nøgd og vera rike til all god gjerning, And God is able to make all grace abound toward you; that ye, always having all sufficiency in all things, may abound to every good work:
9 som skrive stend: «Han strøydde ut, han gav dei fatige, hans rettferd vert verande i all æva.» (As it is written, He hath dispersed abroad; he hath given to the poor: his righteousness remaineth for ever.
10 Og han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal og gjeva dykk sæde og gjera det rikelegt og gjeva vokster til frukterne av dykkar rettferd, Now he that ministereth seed to the sower both minister bread for your food, and multiply your seed sown, and increase the fruits of your righteousness;)
11 med di de i alt vert rike til all einfald kjærleik, som ved oss verkar takk til Gud. Being enriched in every thing to all bountifulness, which causeth through us thanksgiving to God.
12 For tenesta med denne hjelp utfyller ikkje berre det som vantar hjå dei heilage, men ber og rik frukt med takk til Gud ifrå mange, For the administration of this service not only supplieth the want of the saints, but is abundant also by many thanksgivings unto God;
13 då dei ved det sannrøynde hjartelag som denne hjelp syner, må prisa Gud for dykkar lydnad til å sanna Kristi evangelium, og for den einfalde truskapen i samfundet med deim og med alle, Whiles by the experiment of this ministration they glorify God for your professed subjection unto the gospel of Christ, and for your liberal distribution unto them, and unto all men;
14 med di dei og i bøn for dykk lengtar etter dykk for den Guds nåde som er so ovrik yver dykk. And by their prayer for you, which long after you for the exceeding grace of God in you.
15 Gud vere takk for si usegjelege gåva! Thanks be unto God for his unspeakable gift.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL