고린도후서 8장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도후서 (2 Corinthians) · 24절
- 1 Me kunngjer dykk, brør, den Guds nåde som er gjeven i kyrkjelydarne i Makedonia,
- 2 at endå dei var hardt røynde med trengsla, so hev deira rike gleda og deira djupe fatigdom i yverfullt mål verka hjå deim ein rikdom på ærleg kjærleik.
- 3 For dei var viljuge etter si råd, det vitnar eg, ja yver si råd, av eigen hug,
- 4 so dei inderleg bad oss um lov til å få vera med i hjelpi til dei heilage;
- 5 og dei gav ikkje berre soleis som me vona, men seg sjølve gav dei fyrst til Herren og so til oss ved Guds vilje,
- 6 so at me bad Titus, at liksom han fyrr hadde byrja, so skulde han og fullenda hjå dykk ogso dette kjærleiksverket.
- 7 Men liksom de er rike i alle måtar, på tru og tale og kunnskap og all umhug og på kjærleik som de hev vekt hjå oss, so vert no og rike i dette kjærleiksverket!
- 8 Ikkje som eit påbod segjer eg dette, men ved ihugen hjå dei andre vil eg og røyna sanningi av dykkar kjærleik.
- 9 For de kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fatig, då han var rik, so de ved hans fatigdom skulde verta rike.
- 10 Og eg segjer mi meining um dette; for det er til gagn for dykk, som fyreåt, alt frå i fjor, byrja ikkje berre å verka, men og å vilja.
- 11 Men fullfør no og verket, so liksom hugen var til å vilja, soleis og fullføringi kann verta etter utkoma.
- 12 For er hugen der, so er han vellika etter det som han hev, ikkje etter det som han ikkje hev.
- 13 For det er ikkje for di at det skal vera lette for andre og trengsla for dykk, men at det skal vera jamnad:
- 14 dykkar yvermål vert til hjelp for deira trong i den noverande tid, at og deira yvermål kann verta til hjelp for dykkar trong, so det vert jamnad,
- 15 som de stend skrive: «Den som sanka mykje, fekk ikkje yverfyllt, og den som sanka lite, leid ingen skort.»
- 16 Men Gud vere takk, som inngav den same umhug for dykk i Titus’ hjarta!
- 17 for han tok gjerne imot mi påminning, ja, han er endå so ihuga at han fer sjølvminnt ut til dykk.
- 18 Og me sender og med honom den broren som hev ros hjå alle kyrkjelydarne for sitt arbeid i evangeliet,
- 19 ja, ikkje berre det, men han er og av kyrkjelydarne utvald til vår fylgjesmann med denne kjærleiksgåva, som er framkomi ved vår tenesta, til å fremja Herrens eigi æra og vårt framtak,
- 20 då me vil vara oss for at nokon skal lasta oss for noko som vedkjem denne rike gåva, som er framkomi ved vår tenesta,
- 21 og me legg vinn på det som godt er, ikkje berre for Herren, men og for menneskje.
- 22 Og me sender med deim vår bror, som me ofte på mange måtar hev funne ihuga, men no mykje meir ihuga ved si store tiltru til dykk.
- 23 Anten det då er tale um Titus, so er han min lagsmann og medarbeidar hjå dykk, eller um våre brør, so er dei sendemenner frå kyrkjelydarne, Kristi æra.
- 24 Syn deim då sanningi av dykkar kjærleik og av vår ros yver dykk, og det for augo på kyrkjelydarne!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗