로그인

고린도후서 11장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도후서 (2 Corinthians) · 33절 · 대역: King James Version

절Studentmållagsbibelen frå 1921King James Version
1 Gjev de vilde tola ein grand dårskap av meg! Jau, de skal tola meg. Would to God ye could bear with me a little in my folly: and indeed bear with me.
2 For eg er åbryen på dykk med Guds åbryskap. For eg trulova dykk med ein mann, so eg kunde framstella ei rein møy for Kristus. For I am jealous over you with godly jealousy: for I have espoused you to one husband, that I may present you as a chaste virgin to Christ.
3 Men eg ottast for, at liksom ormen dåra Eva med si svikråd, soleis skal og dykkar tankar verta skadde og snudde burt frå den einfalde truskapen mot Kristus. But I fear, lest by any means, as the serpent beguiled Eve through his subtilty, so your minds should be corrupted from the simplicity that is in Christ.
4 For um det kjem ein og forkynner ein annan Jesus, som me ikkje hev forkynt, eller de fær ein framand ande, som de ikkje fyrr hev fenge, eller eit framandt evangelium, som de ikkje fyrr hev motteke, so vil de tola det godt! For if he that cometh preacheth another Jesus, whom we have not preached, or if ye receive another spirit, which ye have not received, or another gospel, which ye have not accepted, ye might well bear with him.
5 For eg tenkjer at eg ikkje i nokon ting er mindre mann enn dei ovstore apostlarne; For I suppose I was not a whit behind the very chiefest apostles.
6 men um eg enn er ulærd i talen, er eg det då ikkje i kunnskapen; me hev tvert imot alltid synt dykk honom i alle stykke. But though I be rude in speech, yet not in knowledge; but we have been throughly made manifest among you in all things.
7 Eller gjorde eg synd, då eg audmykte meg sjølv so de kunde verta upphøgde, med di eg forkynte dykk Guds evangelium for inkje? Have I committed an offence in abasing myself that ye might be exalted, because I have preached to you the gospel of God freely?
8 Andre kyrkjelydar hev eg skattlagt, med di eg tok løn til dykkar tenesta, og då eg var hjå dykk og noko vanta meg, var eg ingen til tyngsla; I robbed other churches, taking wages of them, to do you service.
9 for når eg vanta noko, hjelpte brørne som kom frå Makedonia, og i alt vara eg meg for å falla dykk til tyngsla. And when I was present with you, and wanted, I was chargeable to no man: for that which was lacking to me the brethren which came from Macedonia supplied: and in all things I have kept myself from being burdensome unto you, and so will I keep myself.
10 So visst som Kristi sanning er i meg, so skal denne ros ikkje takast frå meg i Akaia-bygderne! As the truth of Christ is in me, no man shall stop me of this boasting in the regions of Achaia.
11 Kvifor då? av di eg ikkje elskar dykk? Det veit Gud! Wherefore? because I love you not? God knoweth.
12 Men det eg gjer, det vil eg og gjera sidan, so eg kann avskjera deim tilhøve, som søkjer tilhøve, so dei må verta funne liksom me i det som dei rosar seg av. But what I do, that I will do, that I may cut off occasion from them which desire occasion; that wherein they glory, they may be found even as we.
13 For desse er falske apostlar, svikfulle arbeidarar, som skaper seg til liksom dei var Kristi apostlar. For such are false apostles, deceitful workers, transforming themselves into the apostles of Christ.
14 Og det er ikkje underlegt, for Satan sjølv skaper seg um til ein ljosengel; And no marvel; for Satan himself is transformed into an angel of light.
15 difor er det ikkje noko stort um hans tenarar og skaper seg um til rettferds tenarar; men deira ende skal høva til deira verk. Therefore it is no great thing if his ministers also be transformed as the ministers of righteousness; whose end shall be according to their works.
16 Atter segjer eg: Ingen halde meg for å vera uvitug, men um de gjer det, so tak då imot meg, um og som ein uvitug, so eg og må kunna rosa meg ein grand! I say again, Let no man think me a fool; if otherwise, yet as a fool receive me, that I may boast myself a little.
17 Det eg her talar, talar eg ikkje etter Herrens vilje, men liksom i dårskap i denne tillitsame ros. That which I speak, I speak it not after the Lord, but as it were foolishly, in this confidence of boasting.
18 Sidan mange rosar etter kjøtet, so vil eg og rosa meg. Seeing that many glory after the flesh, I will glory also.
19 For de toler gjerne uvitingarne, de som er so kloke. For ye suffer fools gladly, seeing ye yourselves are wise.
20 For de toler det, um nokon gjer dykk til trælar, um nokon et dykk upp, um nokon fangar dykk, um nokon upphøgjer seg yver dykk, um nokon slær dykk i andlitet. For ye suffer, if a man bring you into bondage, if a man devour you, if a man take of you, if a man exalt himself, if a man smite you on the face.
21 Med skam segjer eg det, av di me hev vore veike; men det som nokon er djerv i - eg talar i dårskap - det er eg og djerv i. I speak as concerning reproach, as though we had been weak. Howbeit whereinsoever any is bold, (I speak foolishly,) I am bold also.
22 Er dei hebræarar? eg og. Er dei israelitar? eg og. Er dei Abrahams ætt? eg og. Are they Hebrews? so am I. Are they Israelites? so am I. Are they the seed of Abraham? so am I.
23 Er dei Kristi tenarar? - eg talar som ein galen mann -: eg er det endå meir. Eg hev havt større stræv, fenge fleire slag, vore oftare i fengsel, ofte i livsfåre. Are they ministers of Christ? (I speak as a fool) I am more; in labours more abundant, in stripes above measure, in prisons more frequent, in deaths oft.
24 Av jødarne hev eg fem gonger fenge fyrti slag so nær som eitt. Of the Jews five times received I forty stripes save one.
25 Tri gonger vart eg hudflengd, ein gong steina, tri gonger leid eg skipbrot; eg hev vore eit døger i djupet. Thrice was I beaten with rods, once was I stoned, thrice I suffered shipwreck, a night and a day I have been in the deep;
26 Ofte var eg på ferder, i fårar i elvar, i fårar millom røvarar, i fårar millom landsmenner, i fårar millom heidningar, i fårar i by, i fårar i øydemark, i fårar på hav, i fårar millom falske brør, In journeyings often, in perils of waters, in perils of robbers, in perils by mine own countrymen, in perils by the heathen, in perils in the city, in perils in the wilderness, in perils in the sea, in perils among false brethren;
27 i strev og møda, ofte i nattevoka, i svolt og torste, ofte fastande, frosen og naken; In weariness and painfulness, in watchings often, in hunger and thirst, in fastings often, in cold and nakedness.
28 umfram alt det andre hev eg endå det daglege tillaup, umsuti for alle kyrkjelydarne. Beside those things that are without, that which cometh upon me daily, the care of all the churches.
29 Kven er veik utan at eg vert veik? Kven vert avstygd utan at det brenn i meg? Who is weak, and I am not weak? who is offended, and I burn not?
30 Um eg endeleg skal rosa meg, so vil eg rosa meg av det som høyrer mi vanmagt til. If I must needs glory, I will glory of the things which concern mine infirmities.
31 Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, som er velsigna i all æva, han veit at eg ikkje lyg! The God and Father of our Lord Jesus Christ, which is blessed for evermore, knoweth that I lie not.
32 I Damaskus let kong Aretas’ landshovding vakta damaskenarbyen, då han vilde gripa meg; In Damascus the governor under Aretas the king kept the city of the Damascenes with a garrison, desirous to apprehend me:
33 og gjenom ein glugg i muren vart eg fira ned i ei korg og slapp ut or hans hender. And through a window in a basket was I let down by the wall, and escaped his hands.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL