고린도전서 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도전서 (1 Corinthians) · 24절
- 1 Men med samanskotet til dei heilage, so gjer de og soleis som eg hev skipa det for kyrkjelydarne i Galatia!
- 2 På den fyrste dagen i vika leggje kvar av dykk til sida hjå seg sjølv det han måtte få lukka til, so samanskotet ikkje skal verta gjort fyrst då når eg kjem.
- 3 Men når eg kjem, skal eg senda deim som de vil velja til det, med brev til å føra kjærleiksgåva dykkar til Jerusalem.
- 4 Men er det verdt at eg og reiser, so kann dei reisa saman med meg.
- 5 Eg kjem til dykk når eg hev fare gjenom Makedonia; for eg gjeng igjenom Makedonia.
- 6 Men hjå dykk kann henda eg drygjer ei tid eller endå vert vinteren yver, so de kann fylgja meg dit som eg sidan reiser.
- 7 For eg vil ikkje få sjå dykk no på vegen, for eg hev ei von um å få drygja ei tid hjå dykk um Herren gjev lov til det.
- 8 Men eg drygjer i Efesus til kvitsunnhelgi.
- 9 For ei stor og verksam dør er upplati for meg, og der er mange motstandarar.
- 10 Når Timoteus kjem, so sjå til at han kann vera hjå dykk utan otte! for han gjer Herrens gjerning liksom eg.
- 11 Difor må ingen vanvyrda honom. Og fylg honom på vegen i fred, at han kann koma til meg; for eg ventar honom med brørne.
- 12 Vedkomande broren Apollos, so bad eg honom mykje at han måtte fara til dykk med brørne; han var slett ikkje viljug til å koma no, men han vil koma når han fær tid.
- 13 Vak, statt faste i trui, ver mannelege, ver sterke!
- 14 Lat alt hjå dykk ganga fyre seg i kjærleik!
- 15 Eg legg dykk på hjarta, brør: de kjenner huset til Stefanas, at dei er fyrstegrøda av Akaia, og at dei hev rådt seg til å tena dei heilage -
- 16 so vis de og vyrdnad mot deim, og like eins mot kvar den som hjelper til og gjer seg umak!
- 17 Eg gled meg yver at Stefanas, Fortunatus og Akaikus er her; for saknaden av dykk hev dei avhjelpt.
- 18 For dei hev kveikt upp mi og dykkar ånd. Skyna difor på slike!
- 19 Kyrkjelydarne i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska helsar dykk mykje i Herren saman med kyrkjelyden i deira hus.
- 20 Alle brørne helsar dykk. Helsa kvarandre med ein heilag kyss!
- 21 Helsing med mi, Paulus’, hand:
- 22 Um nokon ikkje elskar Herren, han vere bannstøytt! Maran ata.
- 23 Herren Jesu nåde vere med dykk!
- 24 Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗