갈라디아서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 갈라디아서 (Galatians) · 24절
- 1 Paulus, apostel, ikkje av menneskje og ikkje ved noko menneskje, men ved Jesus Kristus og Gud Fader, som vekte honom upp frå dei daude,
- 2 og alle brørne som er hjå meg - til kyrkjelydarne i Galatia:
- 3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud Fader og vår Herre Jesus Kristus,
- 4 som gav seg sjølv for våre synder, so han kunde fria oss ut or den noverande vonde verdi etter vår Gud og Faders vilje;
- 5 honom vere æra i all æve! Amen.
- 6 Eg undrast på at de so snøgt vender dykk frå honom som kalla dykk ved Kristi nåde, til eit anna evangelium,
- 7 endå det ikkje finst noko anna, det er berre sume som forviller dykk og vil forvenda Kristi evangelium.
- 8 Men um so me eller ein engel frå himmelen forkynner dykk eit anna evangelium enn det som me hev forkynt dykk, han vere bannstøytt!
- 9 Som me hev sagt fyrr, so segjer eg no på nytt: Um nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de tok imot, han vere bannstøytt!
- 10 Talar eg no menneskje eller Gud til viljes, eller søkjer eg å gjera menneskje til lags? Vilde eg enno gjera menneskje til lags, var eg ikkje Kristi tenar.
- 11 Eg kunngjer dykk, brør, at det evangelium som eg hev forkynt, er ikkje menneskjeverk;
- 12 for ikkje eg heller fekk det eller lærde det av noko menneskje, men ved Jesu Kristi openberring.
- 13 For de hev høyrt mi framferd fyrr, medan eg var jøde, at eg forfylgde Guds kyrkja ovleg hardt og tynte henne;
- 14 og i jødedomen gjekk eg lenger enn mange av jamaldringarne mine i mitt folk, med di eg var endå meir ihuga for mine fedre-lærdomar.
- 15 Men då det tektest honom som valde meg ut alt frå mors liv og kalla meg ved sin nåde,
- 16 å openberra sin Son i meg, at eg skulde forkynna evangeliet um honom millom heidningarne, då samrådde eg meg ikkje med kjøt og blod
- 17 og drog ikkje heller upp til Jerusalem til deim som var apostlar fyre meg; men eg for straks burt til Arabia og vende um att til Damaskus.
- 18 Sidan, tri år etter, for eg upp til Jerusalem og vilde verta kjend med Kefas, og hjå honom vart eg verande femtan dagar.
- 19 Men nokon annan av apostlarne såg eg ikkje, utan Jakob, Herrens bror.
- 20 Det som eg skriv til dykk - sjå, Gud veit at eg ikkje lyg det.
- 21 So kom eg til bygderne i Syria og Kilikia.
- 22 Men av åsyn var eg ukjend for dei kristne kyrkjelydarne i Judæa.
- 23 Dei hadde berre høyrt gjete: «Han som fyrr forfylgde oss, han forkynner no den trui som han fyrr øydde ut.»
- 24 Og dei lova Gud for meg.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗